Etter Brexit er det mange som spør om folket alltid har rett, men det er feil spørsmål.
Folket har ikkje alltid rett, men folket har alltid makta og ansvaret om vi vil kalle oss eit demokrati. I staden for å diskutere om det er folket eller ekspertane og politikarane som har rett, bør vi spørje kva som har gått galt med kommunikasjonen og tilliten mellom folket og dei folkevalde.
Det handlar om makt og interesser. Folk stemmer på politikarar for at dei skal forvalte deira demokratiske makt. Men i staden opplever dei politikarar som er handlingslamma i møte med marknad og internasjonal storkapital. Når forskjellane aukar, skuldar politikarane på konkurransen. Kvifor skal folk ha tillit til politikarar som demonstrerer si manglande vilje og evne til å ta makta og bygge eit solidarisk samfunn? Dei lengst nede på rangstigen opplever stadig at dei må betale prisen for konkurransekraft og for velstand for dei på toppen.
I ei rekke land i Europa har denne misstilliten lagt vegen open for høgreekstremisme. Kombinert med sviktande og lite solidarisk handtering av flyktningstraumen har det også nøra opp under framandfrykt. Mange er interessert i å legge skulda for aukande høgreekstremisme på innvandrarar og asylsøkjarar. Slik unngår dei å få sett søkjelyset på dei grunnleggande problema med ein politikk som aukar forskjellane og flytter makt frå folkevalde til kapitalkrefter og byråkratiske elitar.
Lar vi problema i Europa bli eit spørsmål om innvandring, sviktar vi demokratiet og solidariteten og spelar korta i hendene på høgreekstremistane. Demokrati er eit spørsmål om tillit, makt og ansvar. Det Europa no treng er politikarar og parti som kan gjenreise tilliten.
Alf