Category Archives: Demokrati og folkestyre

Bruk handlingsrommet Støre

Regjeringa står i storm frå alle kantar. Ekstreme kraftprisar, galopperande matvareprisar og renteauke fører til aukande forskjellar og meir fattigdom på denne regjeringa si vakt. Det finst mange gode forklaringar: krig i Europa, ekstreme gassprisar, importert prisauke, korreksjon av renta etter koronaen og etterverknaden av åtte år med blått styre. Men folk vil ha meir enn forklaringar. Regjeringa har tatt grep for eit meir seriøst arbeidsliv slik partia lova i valkampen, men det får lite merksemd. Den har også lagt fram eit statsbudsjett med omfordeling og tiltak for svake grupper, men bilete av matkøar dominerer i media.

Som tidlegare utanriksminister er Støre flink til å forklare kva som skjer og vise til årsaker som ligg utanfor vår kontroll. Få er usamde i at krigen og gassprisane har ein stor del av skulda for krisene som råkar oss. Men det er ikkje forklaringar folk vil høyre frå dei som sit med den politiske makta. Det folk vil ha frå Støre, er tiltak som kan rette på situasjonen. Ingen krev å få alle løysingar servert på eit fat. Men folk forventar at statsministeren skal vise at det nyttar med politisk styring, og at regjeringa vil handtere utviklinga, ikkje berre forklare den.

Støre bør han bruke mindre tid på å forklare og meir tid på å vise kva regjeringa gjer og vil gjere. 

Statsministeren snakkar ofte om solidaritet med dei som har det vanskelegare enn oss. Mange er nok samde i det, men folk vil ikkje overlate solidariteten til marknadskreftene. Marknaden kan ha sine fordelar, men solidaritet og rettferdig fordeling er ikkje blant dei. Og ein grunnleggande føresetnad for å snakke om solidaritet er å sikre at det ikkje er dei med minst som må yte mest.

Kriser skaper utfordringar for dei politikarane som sit med makta. Men dei opnar også opp nye handlingsrom. Den fornuftige og rettferdige grunnrenteskatten på lakseoppdrett har tidlegare blitt stoppa av sterke motkrefter. Men i dagens krisesituasjon ser det ut til at vi skal få innførtgrunnrenteskatt som kan gi inntekter til velferd og fordeling. Krisa opnar for nye prioriteringar.

På andre område har regjeringa forsømt å vise handlekraft med tiltak som det synes å vere folkeleg støtte for. Det er min påstand at regjeringa ville fått brei støtte for sterkare grep mot aukande fattigdom, blant anna ved å auke minsteytingane i pensjon og trygd. Straumkrisa har også skapt støtte for satsing på energisparing og solenergi på bygningar langt ut over det regjeringa har lagt opp til. Men der regjeringa har forsømt seg klarast, er i spørsmålet om politisk styring over kraftmarknaden. Her kunne sosialdemokratane i regjeringa vist at det er politisk styring og ikkje eit liberalistisk marknadssystem som må til får å sikre rettferdig fordeling og industriell infrastruktur i krisetider.

Det er viktig å forstå årsakene til krisa. Men Støre må snakke meir om tiltak enn om årsaker, og han må bruke det politiske handlingsrommet krisa gir.

Alf Holmelid

Innlegget stod på trykk i Dagsavisen 3. januar

Ytringsfridom og makt

Debatten om ytringsfridom har sett sitt preg på kommentarspaltar i det siste. Terminologi og posisjonar frå kulturkampen i USA har gjort sitt inntog. Men kanskje vi skulle prøve å bruke vårt eige språk og våre eigne erfaringar i denne diskusjonen. Som ingeniør får eg eit behov for å prøve å strukturere problemstillinga.

Så langt eg kan sjå, er det ingen som i denne debatten har tatt til orde for å endre grensene for kva som er lovlege ytringar. Det striden står om, er kva ytringar og handlingar som kan ha negative konsekvensar for ytringsfridomen, sjølv om dei er lovlege. Det handlar blant anna om kva verkemiddel ein kan ta i bruk for å imøtegå ytringar. Er det einaste tillatte verkemiddelet verbale tilsvar, eller er det også innafor å arbeide for at færre skal bli eksponert for synspunkta? 

Er det for eksempel akseptabelt å lage kampanjar mot å lese visse media eller å oppfordre folk til å slutte å like visse synspunkt eller visse profilar på Facebook? Eit anna spørsmål er tilgang til plattformer for å få gjennomslag for sine synspunkt. Redaktørar driv dagleg og bestemmer kven som skal sleppe til i media eller på scener. Men kva med dei som ikkje har denne redaksjonelle makta? Trugar ein ytringsfridomen dersom ein kritiserer dei redaksjonelle vala eller nektar å delta i arrangement med personar som ein meiner driv skadeleg propaganda? Eg trur ikkje det er mogeleg å svare generelt på desse spørsmåla. Det har ikkje den same effekten om eg boykottar eit medium eller ein debatt som om Erna Solberg gjer det. Ytringsfridom er relatert til maktforhold.

Ein annan tema i dagens debatt er om hetsing, mobbing og hersketeknikkar er eit trugsmål mot ytringsfridomen. Mange kan nok vere samde i at dagens debattklima kan skremme folk til å halde kjeft, og at det kan gå ut over utsette grupper. Det er liten tvil om at enkelte brukar mobbing som strategi. Men det store spørsmålet er om ein kan gjere noko med dette utan å komme i konflikt med ytringsfridomen.

Dette er viktige problemstillingar, men debatten manglar eit sentralt moment – maktanalyse. Det blir eit problem dersom dagens debatt blir sjølve ytringsfridomsdebatten. Eit sentralt element i ytringsfridomen er å skape rom for kritikk av makta og det rådande samfunnssynet utan fare for represaliar. Dei etablerte maktstrukturane er så inngrodde at vi ofte overser dei. Det handlar blant anna om kor langt ein offentleg elle privat arbeidsgivar kan gå i å kreve lojalitet og avgrense ytringsfridomen til dei tilsette. Det er påfallande at det ikkje er nokon med bakgrunn frå fagrørsla i Ytringsfridomskommisjonen. Derimot er det mange med klippekort til å ytre seg i media.

Tilgang til informasjon står også sentralt når vi snakkar om ytringsfridom og makt. Når informasjonstilgangen blir avgrensa for å beskytte kommersielle interesser, så blir det vanskelegare å fremme kritikk. På den andre sida samlar kommersielle aktørar inn enorme informasjonsmengder som vi ikkje har kontroll over eller innsikt i. Denne informasjonen kan dei selje til interessegrupper som får eit overtak i dabatten. Dei som har tilgang til denne informasjonen, får enorm makt som det er svært vanskeleg å utfordre med tradisjonell debatt i det offentlege rom. Dette er nye utviklingstrekk som ikkje kan møtast med gamle svar.

Pengar er makt, her som elles. Det er ikkje lett å stå opp i mot selskap og institusjonar som kan kjøpe seg konsulentar og lobbyistar og truge med søksmål. Konsentrasjonen i medieeigarskap er også ei utfordring for meiningsmangfaldet. 

La oss vone at Ytringsfridomskommisjonen har ein meir omfattande maktanalyse enn den som har komme til uttrykk i debatten den siste tida. 

Vi treng det folkelege klimaengasjementet

12. desember fyller Parisavtalen om tiltak mot menneskeskapte klimaendringar fem år. På nytt ber FN om at landa må heve sine klimaambisjonar for å gi verda ein sjanse til å nå målet om maks 1,5 grader temperaturauke. Klimakrisa rykker stadig nærare, og konsekvensane er etter kvart synlege. Det store spørsmålet er om vi klarer å snu utviklinga i tide. Ventar vi for lenge med å gjere nødvendige tiltak, blir konsekvensane større og tiltaka meir inngripande. I motsetning til finanskrisa og koronakrisa så utviklar klimakrisa seg langsamt. Skal vi klare å halde oppe engasjementet for nødvendige klimatiltak, er det viktig med eit breitt folkeleg engasjement.

Klimaendringane er ikkje lenger noko som berre høyrer framtida til. Vi ser alt i dag dei første konsekvensane, og dei går hardast ut over dei fattigaste landa som har minst ansvar for klimakrisa. Denne hausten har Filippinane blitt råka av ei rekke tropiske syklonar som har ført til omfattandeøydelegging. På ein månad herja heile fire syklonar med denne øynasjonen ute i Stillehavet. Også her i landet ser vi no i aukande grad konsekvensane av klimakrisa. Fagfolk åtvarar om at plante- og dyreartar vil døy ut, og at naturmangfaldet vil bli kraftig redusert. Nyleg fekk vi høyre at reindrifta vil bli hardt råka av klimaendringane. Heile livsgrunnlaget vårt vil bli svekka.

Ungdomen har tatt ansvar og løfta fram klimasaka. Skoleelevar har møtt massivt fram og demonstrert mot ein politikk som  vil øydelegg den kloden dei etter kvart vil få ansvaret for. Men i år har koronakrisa hindra slike markeringar, og media har fått andre prioriteringar. I ein del land har styresmaktene prøvd å kombinere kampen mot koronakrisa med tiltak for å omstille samfunnet og næringslivet i ei meir klimavenleg retning. Men her i landet har det politiske fleirtalet gått i motsett retning og gitt krisestøtte til oljenæringa. Vi må sette vår lit til at vi på nytt kan få eit breitt folkeleg engasjement som kan presse politikarane til å prioritere klimaet.

Skal vi redde klimaet, må vi få fortgang i arbeidet med å legge om frå fossil til fornybar energi. Vi må utvikle og ta i bruk ny teknologi, og vi må bruke om att og resirkulere knappe ressursar. Det vil bli ei stor omvelting, men gjennomført på riktig måte vil det skape eit betre samfunn. Utfordringa i klimakampen er ikkje først og fremst teknologisk. Utfordringa er å oppretthalde eit sterkt folkeleg engasjement for å innfri forventningane i Parisavtalen. Vi kan ikkje la politikarar sleppe unna med å avfeie spørsmål om klimakonsekvensane av sin politikkslik, slik leiaren for vårt mest framgangsrike parti gjorde i eit avisintervju nyleg.

Store deler av næringslivet har innsett at det er nødvendig å omstille seg til eit klimavenleg samfunn, og det er viktig for det grøne skiftet. Næringslivet ser at det opnar seg nye marknader, og at det løner seg å vere tidleg ute for å ta posisjonar i desse marknadene. Men vi treng ein engasjertklimaopinion som følgjer med på kva som er grøn omstilling, og kva som er grønvasking. Politikarane heng ofte etter i klimakampen av redsel for at veljarane vil mislike konsekvensane av klimatiltaka. Derfor treng vi ein kunnskapsbasert klimadebatt og eit breitt folkeleg klimaengasjement som kan puste politikarane i nakken. 

I samband med femårsjubileet for Parisavtalen har Naturvernforbundet og13 andre norske organisasjonar sendt brev til Statsminister Erna Solberg med krav om å auke ambisjonane for klimatiltak og klimarettferd. Organisasjonane krev rettferdig klimafinansiering med overføring av midlar til fattige land som ofte har lite skuld i klimaproblema, og som gjerne har små ressursar til å gjennomføre klimatiltak og møte klimaendringane. Vidare blir det stilt krav om rask og rettferdig omstilling av olje- og gassnæringa i Noreg. Det blir foreslått å sette ned ein kommisjon for å sikre at klimapolitikken er i tråd med ILOs prinsipp om rettferdig omstilling, og det blir lagt vekt på å skape nye arbeidsplassar til erstatning for dei vi vil misse i petroleumsnæringa.

Skal vi nå måla i Parisavtalen, så er det ikkje nok med ny teknologi og grøn kapital. Vi må skape og vedlikehalde eit breitt folkeleg engasjement som kan legge press på politikarane og halde kapital og næringsliv i øyra slik at vi får ei rask omstilling som kombinerer klima med rettferdig fordeling.

Alf Holmelid

Innlegger står på trykk i Fædrelandsvennen i dag

Bilde

Ytringsfridom og ytringsrom for alle?

Open debatt i det offentlege rom er ein sentral føresetnad for eit levande demokrati. Derfor er det viktig å verne om ytringsfridomen og skape eit raust rom for meiningsutveksling. I det siste har spørsmålet om grenser for ytringsfridom og tilgang til debattarenaer fått ny aktualitet. Men denne debatten har så langt hatt ei blindsone. Vi diskuterer om ytringsrommet er i ferd med å bli innsnevra for sentrale aktørar innan media, kultur og akademia, og det er bra. Men kva med ytringsrommet for arbeidarar?

Nyleg sette regjeringa ned ein kommisjon for ytringsfridom. Den har 18 velkvalifisert medlemmar frå universitet, media, kulturliv og frie yrke, mange med leiarposisjonar. Men det er ikkje funne plass til ein einaste arbeidar. Eg har presentert denne problemstillinga for leiaren i kommisjonen, Kjersti Løken Stavrum, men ho avviser blankt at det er noko problem. Stavrum legg vekt på at medlemmane i kommisjonen representerer seg sjølv og ikkje noko spesifikk gruppe. Det er heilt greitt. Men kan ikkje arbeidarar – reinhaldspersonale, servitørar, kontorpersonale, handverkarar eller industriarbeidarar – ha kunnskap og særeigne erfaringar som er relevant for diskusjonen om ytringsfridom og god samfunnsdebatt? Er ikkje innsnevringa av ytringsrommet på mange arbeidsplassar av interesse?

For ei tid sidan hadde Fædrelandsvennen eit hovudoppslag om opningstidene for utelivsbransjen i Kristiansand. I reportasjen blei det slått fast at ein samla utelivsbransje stod bak kravet om forlenga opningstid. Men det avisa kalla ein samla utelivsbransje, var representantane for arbeidsgivarane. Ingen tilsett eller fagorganisasjon som representerer dei tilsette, var intervjua. Dei tilsette var tydeleg vis ikkje rekna som ein del av utelivsbransjen. Kanskje vi må begynne å kalle det noplattforming for at media og leiaren i Ytringsfridomskommisjonen skal sjå poenget.

Oppslaget om utelivsbransjen er ikkje eit særtilfelle. Sist haust skreiv eg eit innlegg i Fædrelandsvennen der eg trekte fram fleire eksempel på den same usynleggjeringa av arbeidsfolk og fagrørsle. I saker om  næringsliv og arbeidsliv blir ofte arbeidsgivarane intervjua utan at arbeidstakarane og deira organisasjonar får det same høve til å komme til orde. Tilsvarande prioritering ser vi når avisa skal trekkje fram ressurspersonar frå Agder. Dyktige personar med bakgrunn frå fagrørsla glimrar med sitt fråvær – slik dei gjer i Ytringsfridomskommisjonen.

Då Arendalsveka opna med partileiarduell sist veke, fekk vi presentert den årlege undersøkinga av folks tillit til dei demokratiske institusjonane våre. Undersøkinga var på mange måtar positiv. Den viser at vi har fått større tillit til regjeringa og Stortinget i koronakrisa. Men målinga viste også at det er i ferd med å utvikle seg ei farleg kløft i det norske samfunnet. Folk med låg utdanning har vesentleg mindre tillit til dei demokratiske institusjonane her i landet enn folk med høg utdanning. Harald Stanghelle som er leiar for hovudkomiteen for Arendalsveka, kallar dette eit nederlag for det norske samfunnet.

Den store tillitskløfta kan skuldast at mange med låg utdanning ikkje kjenner seg att i den offentlege samtalen som skal bygge demokratiet. Dei opplever ikkje at deira kvardag og deira problem og synspunkt er representert i det som media og makteliten viser fram og diskuterer. Deira ytringsfridom er ramma inn av lojalitetsplikt og erklæringar om tagnad, og deira tilgang til tradisjonelle plattformer for samfunnsdebatt er i praksis minimal. Både media, her representert ved Fædrelandsvennen, og Ytringsfridomskommisjonen bør ta dette inn over seg. Alternativet er ei utvikling som kan bryte ned grunnlaget for demokratiet.

Alf Holmelid

Innlegget er publisert i Fædrelandsvennen

Den breie demokratiske samtalen

Electric Region Agder er ein spennande visjon som blir fronta av blant andre Nye Kristiansand kommune og Agder fylkeskommune. Ideen er at vi skal løfte fram våre ressursar og vår kompetanse på dette området for å utvikle næringslivet og styrke klimaarbeidet i regionen. Kristiansand kommune inviterer no til ein interessant konferanse om dette prosjektet. Men tidspunkt og deltakaravgift legg ikkje til rette for brei deltaking av interesserte borgarar.

Dette er ikkje eit eingongstilfelle. Konferansar om kollektivtransport er eit anna eksempel. Arrangement som er viktige for utviklinga av kommunen og regionen, blir lagt i arbeidstida og inkluderer ein god lunsj som gjer at kursavgift blir betydeleg. Dermed bli dei fleste deltakarane heildagspolitikarar og profesjonelle planleggarar som tar konferansen som ein del av jobben. Det skal mykje til at andre som ønskjer å engasjere seg i utviklinga av kommunen, vil ta seg fri frå jobb og i tillegg betale deltakaravgift.

Eg har forståing for at heildagspolitikarar og fagfolk som har planlegging som yrke, vil legge slike konferansar i arbeidstida. Dei har som alle andre behov for eit sosialt liv etter arbeidstid. Men omsynet til å nå breitt ut, bør også vektleggast. Det bør vere mogeleg å prøve seg fram med justerte opplegg. Ein kan for eksempel legge deler av konferansar med allmenn interesse etter arbeidstid. Nye Kristiansand kommune og den fusjonerte fylkeskommunen som begge skal utvikle ein ny felles identitet, bør legge seg i selen for å få folk med.

God samfunnsutvikling er avhengig engasjement og legitimitet blant innbyggjarane. Det er ikkje nok at ei gruppe profesjonelle planleggarar og heildagspolitikarar som stadig omgås kvarandre, blir samde om kva som er bra for kommunen og regionen. Når vi jobbar med visjonar og planer som vedgår mange, er det spesielt viktig å nå breitt ut – både for å få med ulike erfaringar, og for å sikre brei forankring for resultatet. Vår samfunnsmodell og vårt demokrati er bygd på medverking og tillit, og vi må skape arenaer for den breie demokratiske samtalen.
Alf Holmelid

Innlegget har stått på trykk i Fædrelandsvennen

Eliten til Vedum

c2654f61-1f7d-4a4e-b2a3-af1e99e68e9fKvifor brukar Klassekampen Trygve Slagsvold Vedum og ikkje Karin Andersen som eksempel på ein folkeleg politikar. Er det fordi Vedum går til angrep på «eliten» som tar utdanning og er miljøbevisst og Andersen kjempar ein klassekamp for dei svake?

Du skal ikkje ha brukt mykje tid på sosiale media før du får med deg framveksten av ein stadig meir sofistikert høgrepopulistisk retorikk. Karakteristikkar som politisk korrekt, godheitsposør, sykkelfrik og XX-elite erstattar argument. Kan du trakke på kjenslene til motstandaren med slike merkelappar, er klimaet for diskusjonen sett.

Skuldingane om godheitsposering og elitisme blir gjerne kombinert med krav om å representere folk flest. At meiningsmålingar ofte viser at folk flest er nokre få prosent av folket, uroar ikkje høgrepopulistane. Dei har klart å skape så mykje støy at dei kjem seg inn på stadig nye arenaer, også MSM-media som dei foraktar. Populistane på ytre høgre fløy prøver å stå fram som eit rop frå folkedjupet. Men retorikken blir ofte utvikla av høgt utdanna folk med klare ideologiske mål.

Trygve Slagsvold Vedum er ikkje ein høgrepopulist, og eg er samd med mykje av det Senterpartiet står for. Partiet tar opp viktige distriktspolitiske saker som fortener ein seriøs debatt. Men han har lagt seg til ein retorikk som har fellestrekk med den høgrepopulistane brukar. Vedum stod nyleg fram i Klassekampen og harselerte med folk som tar utdanning, jobbar i det offentlege og syklar til jobb. (Her fekk han stempla klimafrikarane som kritiserer klimapolitikken til SP). I etterkant har fleire i avisa gått ut og løfta fram Vedum som ein folkeleg politikar som bør vere eit føredøme for andre.

Men Vedum sin lettvinte og breispektra elitekritikk kan lett avspore debatten om maktforhold og strukturelle utviklingstrekk i samfunnet. Kven har interesse av å bremse klimasatsinga, kven har interesse av privatisering og sentralisering, og kven tener på mistillit til folk med kompetanse? Norsk oljepolitikk er eit eksempel. Den populistiske høgresida som hevdar seg å representere folk flest, ville selje ut norske oljeressursar. Men mange av dei som redda verdiane for det norske folk i den kritiske startsfasen, kjem vel lett i kategorien elite.

Venstresida bør ha ein meir presis maktkritikk enn den slumsete elitekritikken som Vedum forfektar. Dersom det er det folkelege og ueigennyttige og  ikkje ein diffus antielitisme som er poenget med å dra fram eit førebilete, så kunne ein til dømes plukke fram ein person som Karin Andersen.

Alf

Usynleggjering av fagrørsla på Agder

faner.jpgDå Agder Høgre nyleg vedtok å arbeide for å innføre karensdagar, kontakta Fædrelandsvennen regiondirektør i NHO, Siri Mathiesen, for ein kommentar. Agnes Nordgaard som er distriktssekretær for LO i Agder, og som representerer dei vedtaket vil ramme, blei ikkje kontakta. Det same skjedde då Fædrelandsvennen skulle ha kommentarar til utsiktene for arbeidslivet ved årsskiftet.

Desse to sakene er ikkje særtilfelle. Då eg gjekk litt nærare inn i problematikken, blei eg svært overraska over det eg fant. Søkjer du på Siri Mathiesen på nettsidene til Fædrelandsvennen, får du 209 treff. Søkjer du på Agnes Nordgaard får du to. Neglisjeringa av LO og arbeidstakarsida er nærmast total sett i høve til den interessa avisa syner arbeidsgivarsida – også i saker som gjeld arbeidslivet.

Vi såg det same då Fædrelandsvennen i samarbeid med høgreordførar Harald Furre presenterte 19 kvinner som bør heiast fram til nasjonale verv. Alle var topp kompetente, men ingen av dei hadde bakgrunn frå arbeid i fagrørsla. Kanskje ikkje så rart når vi ser kor vanskeleg det er for representantar for fagrørsla å komme til orde.

Neglisjeringa av fagrørsla er ikkje avgrensa til media. Vi ser det same når komitear og arbeidsgrupper blir etablert. Kristiansand kommune har no tatt initiativ til ein Næringsforsight for Agder – ei vurdering av næringsutviklinga i regionen. Kva hadde vore meir naturleg enn å ha med fagrørsla i dette arbeidet, men nei. Har er det berre  næringsforeiningar som er representert i tillegg til offentlege organ og konsulentar.

Fagrørsla er eit sentralt element i den norske/skandinaviske modellen med moderate forskjellar og lågt konfliktnivå. Det er denne modellen som gjer at vi har høg arbeidsproduktivitet her i landet.  Å kaste vrak på den kompetansen og dei erfaringane som fagrørsla representerer, er lite framtidsretta.

Men ikkje nok med det. Vi ser no at land med svak fagrørsle slit med aukande forskjellar, aukande fattigdom og sterk misnøye med den økonomiske og politiske eliten. Det er mange som etter kvart ser på denne utviklinga som eit gryande trugsmål mot eit levande demokrati.

Er det ikkje snart på tide at media og makteliten på Sørlandet får opp augo for fagrørsla?

Demokratisk kontroll over vasskrafta – nei til ACER

ACERI ein mannsalder har eg engasjert meg for industri og for miljø. På begge desse områda er nasjonal demokratisk kontroll over naturressursane heilt grunnleggande. Her har Noreg vore pionerar med etablering av heimfallsretten og konsesjonslovene i 1909.  Men EØS-medlemskapet og marknadsliberalismen på slutten av førre hundreår utfordra fellesskapet sin kontroll over ressursane.

Energilova
Den verkelege store og gjennomgripande liberaliseringa av kraftmarknaden kom med energilova av 29. juni 1990. Då blei det fri omsetjing av kraft og marknadsstyrt utbygging.

Mange hevda at det gamle regimet førde til overinvesteringar og for dyr kraft. Derfor måtte marknadskreftene sleppe til, blei det hevda. Men det som skjedde var at nettutbygginga blei forsømt, slik at vi i dag må slite med eit stort etterslep i nettvedlikehald og -utbygging.

Energilova av 1990 opna også for konsesjon for import og eksport av kraft, og etter kvart kom energibørsen Nor-Pool

Med denne lova blei Noreg ein spydspiss i Europa for liberalisering av kraftomsetning. Frå å vere eit føregangsland for demokratisk kontroll over ressursane blei vi med eit slag leiande i avregulering av kraftmarknaden.

ESA og Heimfall
Det neste angrepet mot nasjonal kontroll over kraftressursane kom etter tusenårsskiftet. I 2007 fastslo ESA-domstolen etter lang behandling at heimfallsretten var i strid med EØS-regelverket.

Her er det eit par interessante ting å merke seg. Mange på høgresida i politikken ville akseptere ESA si tolking. Men Stortinget gjorde hastevedtak som sikra dominerande offentleg eigarskap i kraftverka.

Men det mest interesante er kanskje å sjå dette i forhold til kva som blei sagt då Brundtland-regjeringa foreslo for Stortinget å godta EØS-avtalen hausten 1992 (St.meld.nr.100 (1991-92)). Her blei det blant anna sagt at «Statens rett til hjemfall berøres ikke av EØS-avtalen». Vi såg femten år seinare kva denne forsikringa var verdt.

Dette kan vere til ettertanke når alle frå AP til FrP no forsikrar oss om at ACER og energipakke tre ikkje har nokon konekvens for norsk sjølvråderett over kraftressursane.

ACER og tredje energimarknadspakke
Og så er vi ved dagens utfordring –  ACER og den tredje energimarknadspakken. Med dette blir den nasjonale kontrollen over kraftnettet kraftig utfordra.

Det er i forordninga lagt opp til at Noreg må opprette eit nytt og heilt uavhengig reguleringsorgan RME. Det blei ikkje godtatt å gi NVE denne rolla.

Vidare inneber forordninga at ACER vil ha vedtakskompetanse i spørsmål om bruk av grenseoverskridande infrastruktur når det ikkje er semje. Vedtak i ACER blir gjort EØS-relevante ved å bli gjentatt i ESA.

ACER kan blant anna gjere vedtak om tildeling av kapasitet og handtering av flaskehalsproblem for grensekryssande handel med strøm og utfordre den nasjonale kontrollen som vi har i dag.

Det er dessutan uklart kva tilslutning til ACER i dag kan føre til av framtidige inngrep i vår råderett, og kor mykje nasjonal styring vi vil miste på sikt. Jamfør lovnadene om at EØS ikkje truga heimfallsretten.

115 i grunnlova
I debatten om ACER har fleire juridiske grunnlovsekspertar tatt til orde for at sidan saka inneber å gi i frå seg norsk suverenitet må den behandlast etter § 115 i grunnlova , der vedtak krev trefiredels fleirtall i Stortinget.

Konklusjon
Konklusjonen er klar. Tilslutning til ACER inneber at vi gir i frå oss suverenitet og svekker vår demokratisk nasjonal kontroll over vår kanskje viktigaste naturressurs.

Dette er manuset til ein appell eg heldt på markering mot ACER i Kristiansand i kveld.

Når Kristiansand bystyre leikar storting

bystyret

Foto: Svein Tybakken

Har du høyrt om generaldebattar og meldingar til bystyret i Kristiansand. Om svaret er nei, så er du i godt selskap. På tross av at det er ei stor kommunal satsing, finn du ingenting om det i media. Eg fekk først innblikk i denne kommunale nyskapinga då eg blei vararepresentant til bystyret i Kristiansand.

Dei forskjellige etatane i kommunen er no pålagt å utarbeide dokument som viser status og prioriteringar, og det kan vere nyttig. Men den politiske behandlinga skil seg frå normal saksbehandling i kommunen. Det er ikkje lagt opp til å fatte vedtak i utval og bystyret. I staden skal dei politiske partia levere merknader som blir debattert i eit utval og vedtatt i ein såkalla generaldebatt i bystyret. Men det er uklart kva status desse hundretals merknadene har. Er det pålegg til administrasjonen på linje med vedtak, eller er det innspel som administrasjonen kan bruke som dei vil?

Nyordninga er nok ein freistnad på å leike regjering og storting. Regjeringa leverer som kjent stortingsmeldingar som blir behandla i stortingskomiteane før saka ender opp i Stortinget. Her leverer stortingskomiteen ei innstilling med merknader og forslag til vedtak, og Stortinget voterer berre over forslag til vedtak. Merknadane er signal til regjeringa og veljarane, men kan også ha juridiske konsekvensar i lovsaker. I motsetning til Stortinget så vedtar bystyret i Kristiansand merknadene frå komiteane. Då er spørsmålet, er dette vedtak som skal følgjast opp, eller er det berre signal til administrasjonen?

Den uklare statusen til merknadene er likevel ikkje det som uroar meg mest. Det største problemet er at dette omfattande arbeidet ikkje skaper politisk debatt utover dei folkevalde, og knapt nok der. Eg har søkt igjennom Fædrelandsvennen og ikkje funne ein einaste omtale av desse omfattande meldingane og generaldebattane, og det er ikkje så rart. Systemet har produsert hundretals av merknader og dei politiske motsetningane har drukna i side på side med tekst og rotete og uklare prosedyrar.

Eg blir freista til å avslutte med ei omskriving av dei siste orda til Tormod Kolbrunarskald: drep ikkje demokratiet med graut.

Alf

SV må aksle ny rolle

kristiansandDet er mange positive signal for SV om dagen. Meiningsmålingane går riktig veg, og årsoppgjeret viser kraftig vekst i medlemsmassen. Ein valkamp med engasjement og spissa bodskap har gitt partiet ein ny og sterkare posisjon på venstresida i norsk politikk. Men det er eit skår i gleda. Vi klarte ikkje å kaste den blåblå regjeringa, og høgresida styrkar no sin posisjon i ly av eit Arbeiderpartiet slit med å finne seg sjølv etter valet.

Dette skjer i ein kritisk situasjon for den norske samfunnsmodellen med små forskjellar og stor samfunnstillit. Dei rike blir stadig rikare. Lausarbeidarsamfunnet med sosial dumping bryt ned det seriøse arbeidslivet og skaper fattigdom. Velferdsprofittørar skor seg på skattepengar som skulle gå til velferd. Regjeringa avviklar gradvis det sosiale tryggingsnettet  som fagrørsla og arbeidarrørsla har bygd opp, og høgrepopulistane i regjeringa lokkar fram hat mellom grupper.

Dette er langt på veg irreversible endringar. Privatiserer vi dei offentlege tenestene og lar bemanningsbransjen få utvikle seg fritt, blir det vanskeleg å bygge opp att eit solidarisk og egalitært samfunn. Derfor har venstresida ei større oppgåve enn å vinne neste stortingsval. Vi må på barrikadane og vinne viktige slag om velferd og fordeling før det er for eint. Men det viktigaste er kanskje å ta tilbake hegemoniet i samfunnsdebatten.

Her har SV eit stort ansvar. Vi må ta ei sentral rolle i utviklinga av kampsaker for venstresida. Valkampen og meiningsmålingane i etterkant har vist at partiet på sitt beste når fram til folk med offensive saker som veljarane kjenner seg att i. Men det er ikkje nok at SV styrker seg. Om vi skal vere realistar, så må vi innsjå at alle partia på venstresida må gjere sin del av jobben om vi skal ta initiativet frå dei blåblå.

Med den posisjonen SV no har, må partiet ta ansvar og aksle oppgåva som ein sentral og offensiv premissleverandør for å slå tilbake høgrekreftene. Samtidig er det viktig at fagrørsla tar ei klar rolle og stiller sine eigne krav og utfordrar partia. Det kan bidra til at partia på venstresida bygger styrke mot høgresida framfor å konkurrere internt.

Alf