Tag Archives: noplattforming

Bilde

Ytringsfridom og ytringsrom for alle?

Open debatt i det offentlege rom er ein sentral føresetnad for eit levande demokrati. Derfor er det viktig å verne om ytringsfridomen og skape eit raust rom for meiningsutveksling. I det siste har spørsmålet om grenser for ytringsfridom og tilgang til debattarenaer fått ny aktualitet. Men denne debatten har så langt hatt ei blindsone. Vi diskuterer om ytringsrommet er i ferd med å bli innsnevra for sentrale aktørar innan media, kultur og akademia, og det er bra. Men kva med ytringsrommet for arbeidarar?

Nyleg sette regjeringa ned ein kommisjon for ytringsfridom. Den har 18 velkvalifisert medlemmar frå universitet, media, kulturliv og frie yrke, mange med leiarposisjonar. Men det er ikkje funne plass til ein einaste arbeidar. Eg har presentert denne problemstillinga for leiaren i kommisjonen, Kjersti Løken Stavrum, men ho avviser blankt at det er noko problem. Stavrum legg vekt på at medlemmane i kommisjonen representerer seg sjølv og ikkje noko spesifikk gruppe. Det er heilt greitt. Men kan ikkje arbeidarar – reinhaldspersonale, servitørar, kontorpersonale, handverkarar eller industriarbeidarar – ha kunnskap og særeigne erfaringar som er relevant for diskusjonen om ytringsfridom og god samfunnsdebatt? Er ikkje innsnevringa av ytringsrommet på mange arbeidsplassar av interesse?

For ei tid sidan hadde Fædrelandsvennen eit hovudoppslag om opningstidene for utelivsbransjen i Kristiansand. I reportasjen blei det slått fast at ein samla utelivsbransje stod bak kravet om forlenga opningstid. Men det avisa kalla ein samla utelivsbransje, var representantane for arbeidsgivarane. Ingen tilsett eller fagorganisasjon som representerer dei tilsette, var intervjua. Dei tilsette var tydeleg vis ikkje rekna som ein del av utelivsbransjen. Kanskje vi må begynne å kalle det noplattforming for at media og leiaren i Ytringsfridomskommisjonen skal sjå poenget.

Oppslaget om utelivsbransjen er ikkje eit særtilfelle. Sist haust skreiv eg eit innlegg i Fædrelandsvennen der eg trekte fram fleire eksempel på den same usynleggjeringa av arbeidsfolk og fagrørsle. I saker om  næringsliv og arbeidsliv blir ofte arbeidsgivarane intervjua utan at arbeidstakarane og deira organisasjonar får det same høve til å komme til orde. Tilsvarande prioritering ser vi når avisa skal trekkje fram ressurspersonar frå Agder. Dyktige personar med bakgrunn frå fagrørsla glimrar med sitt fråvær – slik dei gjer i Ytringsfridomskommisjonen.

Då Arendalsveka opna med partileiarduell sist veke, fekk vi presentert den årlege undersøkinga av folks tillit til dei demokratiske institusjonane våre. Undersøkinga var på mange måtar positiv. Den viser at vi har fått større tillit til regjeringa og Stortinget i koronakrisa. Men målinga viste også at det er i ferd med å utvikle seg ei farleg kløft i det norske samfunnet. Folk med låg utdanning har vesentleg mindre tillit til dei demokratiske institusjonane her i landet enn folk med høg utdanning. Harald Stanghelle som er leiar for hovudkomiteen for Arendalsveka, kallar dette eit nederlag for det norske samfunnet.

Den store tillitskløfta kan skuldast at mange med låg utdanning ikkje kjenner seg att i den offentlege samtalen som skal bygge demokratiet. Dei opplever ikkje at deira kvardag og deira problem og synspunkt er representert i det som media og makteliten viser fram og diskuterer. Deira ytringsfridom er ramma inn av lojalitetsplikt og erklæringar om tagnad, og deira tilgang til tradisjonelle plattformer for samfunnsdebatt er i praksis minimal. Både media, her representert ved Fædrelandsvennen, og Ytringsfridomskommisjonen bør ta dette inn over seg. Alternativet er ei utvikling som kan bryte ned grunnlaget for demokratiet.

Alf Holmelid

Innlegget er publisert i Fædrelandsvennen