I ein mannsalder har eg engasjert meg for industri og for miljø. På begge desse områda er nasjonal demokratisk kontroll over naturressursane heilt grunnleggande. Her har Noreg vore pionerar med etablering av heimfallsretten og konsesjonslovene i 1909. Men EØS-medlemskapet og marknadsliberalismen på slutten av førre hundreår utfordra fellesskapet sin kontroll over ressursane.
Energilova
Den verkelege store og gjennomgripande liberaliseringa av kraftmarknaden kom med energilova av 29. juni 1990. Då blei det fri omsetjing av kraft og marknadsstyrt utbygging.
Mange hevda at det gamle regimet førde til overinvesteringar og for dyr kraft. Derfor måtte marknadskreftene sleppe til, blei det hevda. Men det som skjedde var at nettutbygginga blei forsømt, slik at vi i dag må slite med eit stort etterslep i nettvedlikehald og -utbygging.
Energilova av 1990 opna også for konsesjon for import og eksport av kraft, og etter kvart kom energibørsen Nor-Pool
Med denne lova blei Noreg ein spydspiss i Europa for liberalisering av kraftomsetning. Frå å vere eit føregangsland for demokratisk kontroll over ressursane blei vi med eit slag leiande i avregulering av kraftmarknaden.
ESA og Heimfall
Det neste angrepet mot nasjonal kontroll over kraftressursane kom etter tusenårsskiftet. I 2007 fastslo ESA-domstolen etter lang behandling at heimfallsretten var i strid med EØS-regelverket.
Her er det eit par interessante ting å merke seg. Mange på høgresida i politikken ville akseptere ESA si tolking. Men Stortinget gjorde hastevedtak som sikra dominerande offentleg eigarskap i kraftverka.
Men det mest interesante er kanskje å sjå dette i forhold til kva som blei sagt då Brundtland-regjeringa foreslo for Stortinget å godta EØS-avtalen hausten 1992 (St.meld.nr.100 (1991-92)). Her blei det blant anna sagt at «Statens rett til hjemfall berøres ikke av EØS-avtalen». Vi såg femten år seinare kva denne forsikringa var verdt.
Dette kan vere til ettertanke når alle frå AP til FrP no forsikrar oss om at ACER og energipakke tre ikkje har nokon konekvens for norsk sjølvråderett over kraftressursane.
ACER og tredje energimarknadspakke
Og så er vi ved dagens utfordring – ACER og den tredje energimarknadspakken. Med dette blir den nasjonale kontrollen over kraftnettet kraftig utfordra.
Det er i forordninga lagt opp til at Noreg må opprette eit nytt og heilt uavhengig reguleringsorgan RME. Det blei ikkje godtatt å gi NVE denne rolla.
Vidare inneber forordninga at ACER vil ha vedtakskompetanse i spørsmål om bruk av grenseoverskridande infrastruktur når det ikkje er semje. Vedtak i ACER blir gjort EØS-relevante ved å bli gjentatt i ESA.
ACER kan blant anna gjere vedtak om tildeling av kapasitet og handtering av flaskehalsproblem for grensekryssande handel med strøm og utfordre den nasjonale kontrollen som vi har i dag.
Det er dessutan uklart kva tilslutning til ACER i dag kan føre til av framtidige inngrep i vår råderett, og kor mykje nasjonal styring vi vil miste på sikt. Jamfør lovnadene om at EØS ikkje truga heimfallsretten.
115 i grunnlova
I debatten om ACER har fleire juridiske grunnlovsekspertar tatt til orde for at sidan saka inneber å gi i frå seg norsk suverenitet må den behandlast etter § 115 i grunnlova , der vedtak krev trefiredels fleirtall i Stortinget.
Konklusjon
Konklusjonen er klar. Tilslutning til ACER inneber at vi gir i frå oss suverenitet og svekker vår demokratisk nasjonal kontroll over vår kanskje viktigaste naturressurs.
Dette er manuset til ein appell eg heldt på markering mot ACER i Kristiansand i kveld.