Den ikkje-vestlege fare

Mette Frederiksen

Foto: Joshua Tree Photography

Mette Fredriksen som er leiar for det sosialdemokratiske partiet i Danmark, meiner det er viktig å avgrense ikkje-vestlig innvandring for å hegne om «danske verdiar». Dei fleste er vel samde i at det er grenser for kor mange innvandrarar eit lite land kan ta imot. Men kva er det med ikkje-vestlege innvandrarar som er spesielt farleg for våre verdiar? Er det religion, kultur, utdanning eller kva? Er vi i ferd med å dele inn verda i dei som er farlege for vår kultur og oss andre? Vi veit i frå historia at det kan gå svært galt om ein tillegg ei gruppe skulda for alt som er vondt og vanskeleg.

Det er heilt greitt å diskutere om det finst ei grense for kor mange innvandrarar arbeidsmarknaden og velferdssamfunnet toler, og kvar denne grensa går. Men det bør vere ein nyansert og faktabasert debatt. Rett nok er det lite kunnskap å bygge på, og fagfolk er usamde om konsekvensane. Det viser ikkje minst diskusjonen om innvandrarrekneskapen til SSB. Men vi bør like vel klare å hindre at debatten degenererer til retoriske øvingar som deler verda inn i dei farlege og oss andre.

Når det gjeld arbeidsmarknaden, så er den største utfordringa arbeidsinnvandring og innleige av arbeidskraft. Den er hovudsakleg frå vestlege land, primært frå EU/EØS-området. Her har vi lite oversikt og lite kontroll. Resultatet er sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Men det er ikkje mykje snakk om at dei ikkje-nordiske landa trugar ein av våre viktigaste verdiar som er eit seriøst arbeidsliv med moderate lønsforskjellar.

Mette Fredriksen peikar på samling av familiar som eit av dei store innvandringsproblema. Eg har ikkje tala frå Danmark, men i Noreg er det ikkje flyktningar og asylsøkjarar som står for dei fleste søknadene om å få familien hit til landet. Det største gruppa er etniske nordmenn som hentar ektefelle i land som Thailand og Filippinene, altså i ikkje-vestlege land. Er det landet dei kjem i frå eller dei norske ektefellene som gjer at dette er eit mindre problem enn familieinnvandring frå land med flyktningproblem?

Erfaringa viser at sysselsettingsgraden kan variere for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar frå ulike land. Her er det gode grunnar til å diskutere korleis vi raskast mogeleg skal få alle inn i arbeidslivet. Men er desse utfordringane ein god nok grunn til å seie nei til å ta i mot asylsøkjarar og flyktningar frå land som slit med dramatiske flyktningproblem?

Fredriksen vil stengje grensene og sende asylsøkjarar tilbake til leirar i nærområda. Slike leirar er det mange som har snakka om lenge, men ingen har klart å få det til å fungere i praksis. Eit unntak er Australia, men det er knapt eit godt førebilete. Vi har fått stygge historier frå deira mottakssentral. Det ser ut som det er viktigare å snakke om forslag som legitimerer stengte grenser, enn å få i gang eit internasjonalt samarbeid for å løyse ei historisk stor flyktningkrise.

Men elefanten i rommet er kva Fredriksen meiner med «danske verdiar». Er det eit ordna arbeidsliv og ein sterk velferdsstat som vi har diskutert ovanfor, eller er det noko anna, og i så fall kva? Og kva er det med dei ikkje-vestlege landa som gjer dei til eit spesielt trugsmål mot desse udefinerte verdiane? Å dele verda inn i dei og oss utan å avklare kva ein legg i det, bidrar knapt til ein sakleg og nøktern debatt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s