Tag Archives: fagbevegelsen

Usynleggjering av fagrørsla på Agder

faner.jpgDå Agder Høgre nyleg vedtok å arbeide for å innføre karensdagar, kontakta Fædrelandsvennen regiondirektør i NHO, Siri Mathiesen, for ein kommentar. Agnes Nordgaard som er distriktssekretær for LO i Agder, og som representerer dei vedtaket vil ramme, blei ikkje kontakta. Det same skjedde då Fædrelandsvennen skulle ha kommentarar til utsiktene for arbeidslivet ved årsskiftet.

Desse to sakene er ikkje særtilfelle. Då eg gjekk litt nærare inn i problematikken, blei eg svært overraska over det eg fant. Søkjer du på Siri Mathiesen på nettsidene til Fædrelandsvennen, får du 209 treff. Søkjer du på Agnes Nordgaard får du to. Neglisjeringa av LO og arbeidstakarsida er nærmast total sett i høve til den interessa avisa syner arbeidsgivarsida – også i saker som gjeld arbeidslivet.

Vi såg det same då Fædrelandsvennen i samarbeid med høgreordførar Harald Furre presenterte 19 kvinner som bør heiast fram til nasjonale verv. Alle var topp kompetente, men ingen av dei hadde bakgrunn frå arbeid i fagrørsla. Kanskje ikkje så rart når vi ser kor vanskeleg det er for representantar for fagrørsla å komme til orde.

Neglisjeringa av fagrørsla er ikkje avgrensa til media. Vi ser det same når komitear og arbeidsgrupper blir etablert. Kristiansand kommune har no tatt initiativ til ein Næringsforsight for Agder – ei vurdering av næringsutviklinga i regionen. Kva hadde vore meir naturleg enn å ha med fagrørsla i dette arbeidet, men nei. Har er det berre  næringsforeiningar som er representert i tillegg til offentlege organ og konsulentar.

Fagrørsla er eit sentralt element i den norske/skandinaviske modellen med moderate forskjellar og lågt konfliktnivå. Det er denne modellen som gjer at vi har høg arbeidsproduktivitet her i landet.  Å kaste vrak på den kompetansen og dei erfaringane som fagrørsla representerer, er lite framtidsretta.

Men ikkje nok med det. Vi ser no at land med svak fagrørsle slit med aukande forskjellar, aukande fattigdom og sterk misnøye med den økonomiske og politiske eliten. Det er mange som etter kvart ser på denne utviklinga som eit gryande trugsmål mot eit levande demokrati.

Er det ikkje snart på tide at media og makteliten på Sørlandet får opp augo for fagrørsla?

Sats grønt – sats på originalen

P1010298Eg skreiv innlegg i Fædrelandsvennen om miljøteknologi og grøn industri før Bellona-Hauge begynte å klatre i fabrikkpipene for å protestere mot utslepp. I dag snakkar alle om det grøne skiftet, til og med Erna Solberg. Men retorikk er ikkje nok. Det kan snarare føre til passivitet når alle, til og med Statoil, roser seg av sin grøne profil.

Eg blir stadig meir overtydd av at marknadsliberalisme og høgrepolitikk ikkje kan legge grunnlaget for det grøne skiftet. Det siste utspelet frå dei internasjonale kapitalkreftene, TTIP og TISA, er skreddarsydd for å hindre demokratiet i å stille miljøkrav. Med alle sine veikskapar så er det demokratiet og folkestyret som må fronte omstillinga til eit klimavennleg samfunn..

Miljøkamp er også kamp for rettferdig fordeling. Vi veit at klimaøydelegging og forureining rammar dei svakaste først. Men vi må heller ikkje gløyme at rettferdig fordeling er ein viktig basis for ein offensiv klimapolitikk. Skal vi ta dei store løfta som trengst, så må vi løfte i flokk og ikkje la dei som har minst, bere dei største byrdene. Rettferdig fordeling og klimapolitikk eg gjensidig avhengig av kvarandre. Dette har vore basisen for SV sin politikk heilt i frå starten.

Omstilling av næringsliv og arbeidsliv er ein viktig del av det grøne skiftet. Det er viktig med ein god dialog mellom fagrørsla og miljørørsla for å legge grunnlaget for dei store omstillingane vi må igjennom. Deler av fagrørsla her i landet har innsett dette og gjort gode vedtak om grønt skifte. Men diverre heng LO-toppen førebels etter.

SV har frå partiet blei stifta lagt til grunn at fordeling og miljø er to sider av same sak og har bygd både på fagrørsla og miljørørsla. No er det mange som snakkar om klima og miljø, men ofte manglar det andre perspektivet som skal styrke miljøkampen. Derfor er det tryggast å satse på originalen og støtte SV.

Alf

Den norske modellen under press

Anleggsarbeid_WebDette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Den norske samfunnsmodellen med ein sterk offentleg sektor og moderate forskjellar har stått seg svært godt i møte med økonomiske utfordringar. Men modellen blir pressa frå fleire hald. I USA er forskjellane i ferd med å bli astronomiske, og i store deler av Europa ser vi ei utvikling som rammar dei med lågast inntekt. Kor lenge klarer vi her i landet å stå i mot dei kreftene som drar oss i same retning? 

I USA disponerer den rikaste prosenten av befolkninga over en tredjedel av verdiane i landet. Men ikkje nok med det. Dei siste åra har forskjellane auka sterkt. Sidan 1995 har inntektene til den prosenten som har høgast inntekt auka 24 gonger meir enn inntektene til dei tjue prosentane med lågast inntekt. Vanlege arbeidarar har dei siste åra hatt reallønsnedgang på tross av god vekst i produktiviteten.  

Den sterke konsentrasjonen av verdiar fell saman med ei kraftig svekking av fagrørsla sin posisjon i det amerikanske samfunnet. Prosentdelen fagorganiserte er halvert dei siste tretti åra. Fordeling av verdiane i eit samfunnet er eit spørsmål om makt. Når arbeidarane misser kollektiv makt, aukar forskjellane i samfunnet. Samtidig får vi ein konsentrasjon av verdiar og makt på få hender, noko som mange ser på som ei stor utfordring for demokratiet. 

Også i EU aukar forskjellane. Dei siste åra har fagrørsla tapt fleire viktige prinsippsaker i EU-domstolen. Vi har fått fleire dommar der prinsippet om fri konkurranse får prioritet framfor opparbeidde faglege rettar. I den såkalla Laval-dommen blei fagrørsla i Sverige fråkjent retten til å streike for å krevje tariffavtale. I ein annan dom blei ein delstat i Tyskland frådømd retten til å krevje at offentlege byggeoppdrag berre kan tildelast dei som betaler tariffløn. Dette er to av fleire dommar som svekkjer fagrørsla, og som legg til rette for ei skeivare fordeling av verdiane slik vi har sett det i USA.  

Det Internasjonale Pengefondet (IMF) ga i 2010 ut ein rapport der dei peikar på at auka lønsforskjellar og svekka forhandlingsstyrke hos arbeidstakarane er viktige årsaker til finanskrisa. Det beste verkemiddelet for å førebygge kriser er å redusere lønsforskjellane og styrke forhandlingsposisjonen til arbeidstakarane, seier IMF. Det er kanskje noko å tenkje på for parti som går til angrep på fagrørsla og blir kvalme av det LO står for. 

Samfunn med moderate forskjellar er meir robuste i møte med finanskriser og andre kriser. Forsking viser at dei også kjem best ut på mange andre område som god folkehelse, låg kriminalitet og tillit mellom ulike grupper. Samfunn med moderate forskjellar er positive for alle, ikkje berre dei som er nedst på rangstigen. Den kampen som fagrørsla og andre kjempar for moderate forskjellar, er ein kamp for eit meir berekraftig samfunn som alle tener på. 

I motsetning til andre land så har vi dei siste åra klart å unngå at forskjellane aukar her i landet. Men det er ikkje noko naturlov at det skal halde fram slik. Det krev politisk vilje og innsats. Presset på den norske samfunnsmodellen aukar stadig. Vi er i ferd med å få eit arbeidsliv med kompliserte og lite oversiktlege tilsetjingsforhold. Underentrepriser og innleige i fleire ledd gjer det vanskeleg å få oversikt over kven som har ansvaret når ekstreme tilfelle av sosial dumping blir avslørt.  

Vi ser stadig oftare tilfelle av grov utnytting av arbeidstakarar. I enkelte bransjar er omfanget av sosial dumping så stort at det er vanskeleg for seriøse bedrifter i klare seg. Det gjeld spesielt bransjar som i utgangspunktet har låg løn og låg organisasjonsgrad. Reinhaldsbransjen er eit slikt eksempel. For å prøve å få bukt med denne utviklinga er det innført ei godkjenningsordning for bedrifter i denne bransjen.  

Kampen mot sosial dumping og uverdige forhold i arbeidslivet må førast på mange frontar. Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å hindre ei undergraving av den norske samfunnsmodellen med moderate forskjellar. Men mange strittar i mot. Det er ikkje berre EU-domstolen som vil prioritere fri konkurranse med alle midlar framfor arbeidstakarrettar. Høgre, Venstre og Framstegspartiet skreiv i ein budsjettmerknad at «arbeidet mot sosial dumping har diverre like mykje vore eit arbeid for å forhindre konkurranse på løn». 

Offentleg sektor er ein viktig stabiliserande faktor i økonomien. Det gjeld også for løns- og arbeidsforhold. Den ideologisk baserte iveren etter å privatisere offentlege tenester vil auke presse på løns- og arbeidsvilkår på nye område. Internasjonale konsern som kjem inn i tenestesektoren, vil prøve å dra med seg lønsnivået frå lågkostland som dei opererer i, og overskotet tar dei gjerne ut i skatteparadis. Barnehagar og omsorgssektoren er eksempel på område der dette er like om hjørnet.

 Kampen for eit samfunn med moderate forskjellar er ikkje berre ein kamp for dei lågtlønte. Det er ein kamp for å ta vare på den norske samfunnsmodellen som stadig fleire omtalar positivt. Modellen er robust mot kriser, og den skaper livskvalitet. Men den har ikkje komme av seg sjølv. Den er resultat av bevisste val og politisk og fagleg kamp. Nye utfordringar og sterke motkrefter krev fornya innsats.

 Alf