Tag Archives: finanskrise

Den norske modellen under press

Anleggsarbeid_WebDette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Den norske samfunnsmodellen med ein sterk offentleg sektor og moderate forskjellar har stått seg svært godt i møte med økonomiske utfordringar. Men modellen blir pressa frå fleire hald. I USA er forskjellane i ferd med å bli astronomiske, og i store deler av Europa ser vi ei utvikling som rammar dei med lågast inntekt. Kor lenge klarer vi her i landet å stå i mot dei kreftene som drar oss i same retning? 

I USA disponerer den rikaste prosenten av befolkninga over en tredjedel av verdiane i landet. Men ikkje nok med det. Dei siste åra har forskjellane auka sterkt. Sidan 1995 har inntektene til den prosenten som har høgast inntekt auka 24 gonger meir enn inntektene til dei tjue prosentane med lågast inntekt. Vanlege arbeidarar har dei siste åra hatt reallønsnedgang på tross av god vekst i produktiviteten.  

Den sterke konsentrasjonen av verdiar fell saman med ei kraftig svekking av fagrørsla sin posisjon i det amerikanske samfunnet. Prosentdelen fagorganiserte er halvert dei siste tretti åra. Fordeling av verdiane i eit samfunnet er eit spørsmål om makt. Når arbeidarane misser kollektiv makt, aukar forskjellane i samfunnet. Samtidig får vi ein konsentrasjon av verdiar og makt på få hender, noko som mange ser på som ei stor utfordring for demokratiet. 

Også i EU aukar forskjellane. Dei siste åra har fagrørsla tapt fleire viktige prinsippsaker i EU-domstolen. Vi har fått fleire dommar der prinsippet om fri konkurranse får prioritet framfor opparbeidde faglege rettar. I den såkalla Laval-dommen blei fagrørsla i Sverige fråkjent retten til å streike for å krevje tariffavtale. I ein annan dom blei ein delstat i Tyskland frådømd retten til å krevje at offentlege byggeoppdrag berre kan tildelast dei som betaler tariffløn. Dette er to av fleire dommar som svekkjer fagrørsla, og som legg til rette for ei skeivare fordeling av verdiane slik vi har sett det i USA.  

Det Internasjonale Pengefondet (IMF) ga i 2010 ut ein rapport der dei peikar på at auka lønsforskjellar og svekka forhandlingsstyrke hos arbeidstakarane er viktige årsaker til finanskrisa. Det beste verkemiddelet for å førebygge kriser er å redusere lønsforskjellane og styrke forhandlingsposisjonen til arbeidstakarane, seier IMF. Det er kanskje noko å tenkje på for parti som går til angrep på fagrørsla og blir kvalme av det LO står for. 

Samfunn med moderate forskjellar er meir robuste i møte med finanskriser og andre kriser. Forsking viser at dei også kjem best ut på mange andre område som god folkehelse, låg kriminalitet og tillit mellom ulike grupper. Samfunn med moderate forskjellar er positive for alle, ikkje berre dei som er nedst på rangstigen. Den kampen som fagrørsla og andre kjempar for moderate forskjellar, er ein kamp for eit meir berekraftig samfunn som alle tener på. 

I motsetning til andre land så har vi dei siste åra klart å unngå at forskjellane aukar her i landet. Men det er ikkje noko naturlov at det skal halde fram slik. Det krev politisk vilje og innsats. Presset på den norske samfunnsmodellen aukar stadig. Vi er i ferd med å få eit arbeidsliv med kompliserte og lite oversiktlege tilsetjingsforhold. Underentrepriser og innleige i fleire ledd gjer det vanskeleg å få oversikt over kven som har ansvaret når ekstreme tilfelle av sosial dumping blir avslørt.  

Vi ser stadig oftare tilfelle av grov utnytting av arbeidstakarar. I enkelte bransjar er omfanget av sosial dumping så stort at det er vanskeleg for seriøse bedrifter i klare seg. Det gjeld spesielt bransjar som i utgangspunktet har låg løn og låg organisasjonsgrad. Reinhaldsbransjen er eit slikt eksempel. For å prøve å få bukt med denne utviklinga er det innført ei godkjenningsordning for bedrifter i denne bransjen.  

Kampen mot sosial dumping og uverdige forhold i arbeidslivet må førast på mange frontar. Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å hindre ei undergraving av den norske samfunnsmodellen med moderate forskjellar. Men mange strittar i mot. Det er ikkje berre EU-domstolen som vil prioritere fri konkurranse med alle midlar framfor arbeidstakarrettar. Høgre, Venstre og Framstegspartiet skreiv i ein budsjettmerknad at «arbeidet mot sosial dumping har diverre like mykje vore eit arbeid for å forhindre konkurranse på løn». 

Offentleg sektor er ein viktig stabiliserande faktor i økonomien. Det gjeld også for løns- og arbeidsforhold. Den ideologisk baserte iveren etter å privatisere offentlege tenester vil auke presse på løns- og arbeidsvilkår på nye område. Internasjonale konsern som kjem inn i tenestesektoren, vil prøve å dra med seg lønsnivået frå lågkostland som dei opererer i, og overskotet tar dei gjerne ut i skatteparadis. Barnehagar og omsorgssektoren er eksempel på område der dette er like om hjørnet.

 Kampen for eit samfunn med moderate forskjellar er ikkje berre ein kamp for dei lågtlønte. Det er ein kamp for å ta vare på den norske samfunnsmodellen som stadig fleire omtalar positivt. Modellen er robust mot kriser, og den skaper livskvalitet. Men den har ikkje komme av seg sjølv. Den er resultat av bevisste val og politisk og fagleg kamp. Nye utfordringar og sterke motkrefter krev fornya innsats.

 Alf

Fordelingspolitikk mot krise

Dette er ein justert versjon av eit debattinnlegg i Fædrelandsvennen.

Med SV i regjering kom Noreg gjennom første del av den internasjonale finanskrisa betre enn dei fleste land. I motsetning til andre land klarte vi oss utan auka arbeidsløyse og velferdskutt. Vi satsa på auka offentleg innsats som kom folk flest til gode, framfor skattelette til dei rike slik den konservative regjeringa i Sverige gjorde. God fordelingspolitikk bar oss gjennom krisa. Krisehandteringa var i sum ein suksess, og det er det sentrale. Så kan ein i etterpåklokskapens klare lys diskutere enkelttiltaka, men eg har ikkje sett at nokon har presentert heilskaplege alternativ til det som blei gjort.

Enkelte han stiller spørsmål ved dei tiltaka som blei sett i verk for å redde bankane, utan å peike på noko alternativ. I etterkant av finanskrisa er det ein del som har tatt til orde for at ein bør la bankar gå konkurs. Det skjedde på Island med store kostnader for folk flest, og landet er no i ferd med å reise seg ved å legge om til ein aktiv nærings- og fordelingspolitikk. Men fordi vi ikkje hadde liberalisert finanssektoren, var situasjonen  ein heilt annan her i landet.

Ein av grunnane til at Noreg klarte seg så godt gjennom finanskrisa, var nettopp at finansministeren lenge før nokon tenkte på finanskrise hadde stått i mot presset for å liberalisere finansnæringa. Det blei i staden stramma inn, blant anna på kompliserte spareprodukt. I andre land var det sterk tru på at finansnæringa kunne regulere seg sjølv, og det fekk katastrofale konsekvensar.

Framveksten av spekulative finansielle instrument som hedgefond, har vore med og destabilisert økonomien . Fleire norske finansmiljø etablerte for ein del år sidan hedgefond i utlandet, og produkta blei selde i Noreg med basis i EØS-regelverket. Regjeringa opna då for registrering i Noreg for å få betre kontroll.

Noreg er eit lite land med ein open økonomi. Vi må derfor jobbe internasjonalt på mange frontar for å avgrense oppsvulminga av finanskapitalen. Det er derfor viktig å samarbeide med venstreparti både i Europa og elles for å komme frå analyse og prinsipp til gode strategiar og konkrete tiltak. Skattlegging av finansinstitusjonar og finanstransaksjonar er eit viktig tiltak. I tillegg til å arbeide for internasjonale ordningar som Tobin-skatt, så arbeider SV med å finne fram til skattlegging som kan gjennomførast nasjonalt med god effekt.

Tidlegare styreformann for sentralbanken i USA, Alan Greenspan, skal ha sagt at han overvurderte grådigheit som drivkraft i økonomien. Men erkjenninga bør ikkje stoppe der. Vi bør innsjå at fordelingspolitikk er eit viktig bolverk mot framtidige kriser. Det er ei erkjenning som venstresida er i ferd md å få gehør for i fleire land i Europa, og SV deltar aktivt i denne prosessen.

Alf

Tilbake til fellesskapet

Denne kronikken stod på trykk i Fædrrelandsvennen i dag.

Det er spennande nytenking på gang i økonomifaget. Ein del nye stemmer utfordrar  grunnlaget for dei økonomiske modellane som vi styrer etter i dag. Anerkjente fagfolk set spørsmålsteikn ved tesen om at vi alle er rasjonelle individ som maksimerer eigennytte, eller er reine egoistar for å bruke eit meir folkeleg uttrykk. Denne tesen som var  eit hensiktsmessig utgangspunkt for å lage matematiske modellar, har etter kvart blitt ideologi og har spreidd seg til dei fleste samfunnsområde. Den har langt på veg blitt eit menneskesyn som ikkje berre styrer økonomisk politikk, men som baner seg veg inn på dei fleste område frå sosialpolitikk til organisering av offentleg sektor.

Elinor Ostrom som fekk Nobels minnepris i økonomi i år, og Paul Krugman som fekk den same prisen i fjor, er blant dei som utfordrar det rådande synet blant økonomar. Dei set spørsmålsteikn ved fundamentet for den marknadsliberalistiske økonomien som var heilt dominerande før finanskrisa opna vegen for alternative tankar. Ostrom har spesielt utfordra tesen om at vi alle opptrer som individualistar og egoistar. Dei tradisjonelle økonomiske teoriane har ikkje rom for at  fellesskapet kan disponere verdiar og forvalte ressursar. Fellesskap og kollektive ordningar hemmar det frie val, det private initiativ og den egoistiske drivkrafta som skaper utvikling, blir det hevda.

Men Ostrom aksepterte ikkje det negative synet på fellesskapet. Ho studerte forvaltning av vassressursar, beitemarker og fiskebestandar i ulike deler av verda. Over alt viste det seg at fellesskapet  var i stand til å utnytte ressursane på ein effektiv og berekraftig måte. Den etablerte oppfatninga om at folk øydelegg for kvarandre eller lar verdiane forfalle i slike strukturar, stemmer ikkje i følgje Ostrom. Tillit og kommunikasjon mellom menneske som innser at dei er avhengige av kvarande,  er viktige drivkrefter som det blir lagt for lite vekt på i dei rådande økonomiske teoriane.

Ostrom hevdar at fellesskap og ansvar i mange tilfelle kan vere meir effektivt enn både byråkratisk regelstyring og marknadsmekanismar. Men Ostrom er ingen fanatikar. I eit intervju med Dagsavisen er ho opptatt av at vårt kompliserte samfunn treng ulike løysingar på ulike utfordringar. Marknaden kan vere effektiv når det gjeld å produsere varer, men den er lite eigna til å fremme berekraftig ressursbruk. Her er det ansvar, solidaritet og fellesskap som må til.

Den debatten som no blir meir og meir synleg i dei økonomiske miljøa, bør nå ut til fleire. Ideane frå liberalistisk økonomisk politikk har lenge dominert samfunnsdebatten på mange område. Det er nok å nemne teoriane om New Public Management som gjekk som ein farsott over norske kommunar for nokre år sidan. Marknadsløysingar og insentiv måtte til om  vi skulle får ein effektiv offentleg sektor, blei det hevda. Tradisjonelle verdiar som ansvar og fellesskap blei kasta på båten. Forsøk på å komme med innvendingar blei arrogant avvist som bakstreversk og gammaldags. Kanskje tankane til Ostrom og andre med nye innfallsvinklar, kan skape grunnlag for ein ny debatt om fellesskap og ansvar som alternativ til marknad og insentiv.

Menneske er ikkje maskiner. Når folk blir møtt med eit sett haldningar, blir deira eigne haldningar påverka etter kvart. Dersom vi bygger eit samfunn basert på tesen om at folk er egoistar, har det lett for å bli eit sjølvoppfyllande profeti. Det må gjerne ei katastrofe til for å rive folk ut av slike herskande haldningar. Og finanskrisa er kanskje ei slik katastrofe. Den avgåtte sentralbanksjefen i USA, Alan Greenspan, sa under finanskrisa at han hadde overvurdert egoisme som drivkraft i økonomien. Kanskje på tide at vi begynner å diskutere korleis vi skal bygge eit samfunn med større vekt på fellesskap, ansvar og medmenneskeleg kommunikasjon.

Menneskesyn er også eit nøkkelord i diskusjonen om sjukefråvær som har dukka opp i media dei siste vekene. Folk som føler at dei blir misstenkeleggjort, vil lett fråskrive seg ansvar for fellesskapet. Kanskje ein skulle sjå på tankane til Ostrom og vurdere korleis ein kan skape tillit, fellesskap og ansvar. Både menneskeleg og økonomisk vil det vere meir meiningsfullt enn å diskutere sanksjonar mot dei som har lært av den liberalistiske tidsånda og maksimerer eigennytten.

Kanskje har vi også noko å lære av Ostrom når det gjeld klimakrisa som rykker stadig nærare. Dei aller fleste som har sett seg inn i problematikken, er overtydd om at vi må handle raskt. Men toppmøtet i København var lite oppløftande. Leiarane klarte med eit naudskrik å unngå total fiasko. Kanskje noko av grunnen er at dei diskuterer kvotesystem og andre tiltak som det er svært vanskeleg å forstå, jamvel for spesialistar. Det er komplisert å få oversikt over korleis vi kan ta ansvar, og korleis handlingane våre påverkar fellesskapet som i klimasamanheng er heile kloden.

Vi har kanskje lagt for stor vekt på å utvikle dei mest kostnadseffektive kvotesystema og dei beste styringsmodellane. Kanskje skulle vi bruke meir tid på å skape tillit mellom ekspertar, leiarar og folk flest. Det må til om vi skal skape eit folkeleg engasjement som er bygd på ansvar for vår felles framtid. Utan folkeleg engasjement og tillit som er bygd nedanifrå, blir politikarane bundne på hender og føter slik vi har sett det i København.

Den høgtida som vi no går inn i, er ein god anledning til å reflektere over korleis vi kan bygge tillit og fellesskap for å løyse dei store utfordringane vi står overfor, nasjonalt og globalt.

Alf