Dette er ein justert versjon av eit debattinnlegg i Fædrelandsvennen.
Med SV i regjering kom Noreg gjennom første del av den internasjonale finanskrisa betre enn dei fleste land. I motsetning til andre land klarte vi oss utan auka arbeidsløyse og velferdskutt. Vi satsa på auka offentleg innsats som kom folk flest til gode, framfor skattelette til dei rike slik den konservative regjeringa i Sverige gjorde. God fordelingspolitikk bar oss gjennom krisa. Krisehandteringa var i sum ein suksess, og det er det sentrale. Så kan ein i etterpåklokskapens klare lys diskutere enkelttiltaka, men eg har ikkje sett at nokon har presentert heilskaplege alternativ til det som blei gjort.
Enkelte han stiller spørsmål ved dei tiltaka som blei sett i verk for å redde bankane, utan å peike på noko alternativ. I etterkant av finanskrisa er det ein del som har tatt til orde for at ein bør la bankar gå konkurs. Det skjedde på Island med store kostnader for folk flest, og landet er no i ferd med å reise seg ved å legge om til ein aktiv nærings- og fordelingspolitikk. Men fordi vi ikkje hadde liberalisert finanssektoren, var situasjonen ein heilt annan her i landet.
Ein av grunnane til at Noreg klarte seg så godt gjennom finanskrisa, var nettopp at finansministeren lenge før nokon tenkte på finanskrise hadde stått i mot presset for å liberalisere finansnæringa. Det blei i staden stramma inn, blant anna på kompliserte spareprodukt. I andre land var det sterk tru på at finansnæringa kunne regulere seg sjølv, og det fekk katastrofale konsekvensar.
Framveksten av spekulative finansielle instrument som hedgefond, har vore med og destabilisert økonomien . Fleire norske finansmiljø etablerte for ein del år sidan hedgefond i utlandet, og produkta blei selde i Noreg med basis i EØS-regelverket. Regjeringa opna då for registrering i Noreg for å få betre kontroll.
Noreg er eit lite land med ein open økonomi. Vi må derfor jobbe internasjonalt på mange frontar for å avgrense oppsvulminga av finanskapitalen. Det er derfor viktig å samarbeide med venstreparti både i Europa og elles for å komme frå analyse og prinsipp til gode strategiar og konkrete tiltak. Skattlegging av finansinstitusjonar og finanstransaksjonar er eit viktig tiltak. I tillegg til å arbeide for internasjonale ordningar som Tobin-skatt, så arbeider SV med å finne fram til skattlegging som kan gjennomførast nasjonalt med god effekt.
Tidlegare styreformann for sentralbanken i USA, Alan Greenspan, skal ha sagt at han overvurderte grådigheit som drivkraft i økonomien. Men erkjenninga bør ikkje stoppe der. Vi bør innsjå at fordelingspolitikk er eit viktig bolverk mot framtidige kriser. Det er ei erkjenning som venstresida er i ferd md å få gehør for i fleire land i Europa, og SV deltar aktivt i denne prosessen.
Alf