Denne kronikken stod på trykk i Fædrrelandsvennen i dag.
Det er spennande nytenking på gang i økonomifaget. Ein del nye stemmer utfordrar grunnlaget for dei økonomiske modellane som vi styrer etter i dag. Anerkjente fagfolk set spørsmålsteikn ved tesen om at vi alle er rasjonelle individ som maksimerer eigennytte, eller er reine egoistar for å bruke eit meir folkeleg uttrykk. Denne tesen som var eit hensiktsmessig utgangspunkt for å lage matematiske modellar, har etter kvart blitt ideologi og har spreidd seg til dei fleste samfunnsområde. Den har langt på veg blitt eit menneskesyn som ikkje berre styrer økonomisk politikk, men som baner seg veg inn på dei fleste område frå sosialpolitikk til organisering av offentleg sektor.
Elinor Ostrom som fekk Nobels minnepris i økonomi i år, og Paul Krugman som fekk den same prisen i fjor, er blant dei som utfordrar det rådande synet blant økonomar. Dei set spørsmålsteikn ved fundamentet for den marknadsliberalistiske økonomien som var heilt dominerande før finanskrisa opna vegen for alternative tankar. Ostrom har spesielt utfordra tesen om at vi alle opptrer som individualistar og egoistar. Dei tradisjonelle økonomiske teoriane har ikkje rom for at fellesskapet kan disponere verdiar og forvalte ressursar. Fellesskap og kollektive ordningar hemmar det frie val, det private initiativ og den egoistiske drivkrafta som skaper utvikling, blir det hevda.
Men Ostrom aksepterte ikkje det negative synet på fellesskapet. Ho studerte forvaltning av vassressursar, beitemarker og fiskebestandar i ulike deler av verda. Over alt viste det seg at fellesskapet var i stand til å utnytte ressursane på ein effektiv og berekraftig måte. Den etablerte oppfatninga om at folk øydelegg for kvarandre eller lar verdiane forfalle i slike strukturar, stemmer ikkje i følgje Ostrom. Tillit og kommunikasjon mellom menneske som innser at dei er avhengige av kvarande, er viktige drivkrefter som det blir lagt for lite vekt på i dei rådande økonomiske teoriane.
Ostrom hevdar at fellesskap og ansvar i mange tilfelle kan vere meir effektivt enn både byråkratisk regelstyring og marknadsmekanismar. Men Ostrom er ingen fanatikar. I eit intervju med Dagsavisen er ho opptatt av at vårt kompliserte samfunn treng ulike løysingar på ulike utfordringar. Marknaden kan vere effektiv når det gjeld å produsere varer, men den er lite eigna til å fremme berekraftig ressursbruk. Her er det ansvar, solidaritet og fellesskap som må til.
Den debatten som no blir meir og meir synleg i dei økonomiske miljøa, bør nå ut til fleire. Ideane frå liberalistisk økonomisk politikk har lenge dominert samfunnsdebatten på mange område. Det er nok å nemne teoriane om New Public Management som gjekk som ein farsott over norske kommunar for nokre år sidan. Marknadsløysingar og insentiv måtte til om vi skulle får ein effektiv offentleg sektor, blei det hevda. Tradisjonelle verdiar som ansvar og fellesskap blei kasta på båten. Forsøk på å komme med innvendingar blei arrogant avvist som bakstreversk og gammaldags. Kanskje tankane til Ostrom og andre med nye innfallsvinklar, kan skape grunnlag for ein ny debatt om fellesskap og ansvar som alternativ til marknad og insentiv.
Menneske er ikkje maskiner. Når folk blir møtt med eit sett haldningar, blir deira eigne haldningar påverka etter kvart. Dersom vi bygger eit samfunn basert på tesen om at folk er egoistar, har det lett for å bli eit sjølvoppfyllande profeti. Det må gjerne ei katastrofe til for å rive folk ut av slike herskande haldningar. Og finanskrisa er kanskje ei slik katastrofe. Den avgåtte sentralbanksjefen i USA, Alan Greenspan, sa under finanskrisa at han hadde overvurdert egoisme som drivkraft i økonomien. Kanskje på tide at vi begynner å diskutere korleis vi skal bygge eit samfunn med større vekt på fellesskap, ansvar og medmenneskeleg kommunikasjon.
Menneskesyn er også eit nøkkelord i diskusjonen om sjukefråvær som har dukka opp i media dei siste vekene. Folk som føler at dei blir misstenkeleggjort, vil lett fråskrive seg ansvar for fellesskapet. Kanskje ein skulle sjå på tankane til Ostrom og vurdere korleis ein kan skape tillit, fellesskap og ansvar. Både menneskeleg og økonomisk vil det vere meir meiningsfullt enn å diskutere sanksjonar mot dei som har lært av den liberalistiske tidsånda og maksimerer eigennytten.
Kanskje har vi også noko å lære av Ostrom når det gjeld klimakrisa som rykker stadig nærare. Dei aller fleste som har sett seg inn i problematikken, er overtydd om at vi må handle raskt. Men toppmøtet i København var lite oppløftande. Leiarane klarte med eit naudskrik å unngå total fiasko. Kanskje noko av grunnen er at dei diskuterer kvotesystem og andre tiltak som det er svært vanskeleg å forstå, jamvel for spesialistar. Det er komplisert å få oversikt over korleis vi kan ta ansvar, og korleis handlingane våre påverkar fellesskapet som i klimasamanheng er heile kloden.
Vi har kanskje lagt for stor vekt på å utvikle dei mest kostnadseffektive kvotesystema og dei beste styringsmodellane. Kanskje skulle vi bruke meir tid på å skape tillit mellom ekspertar, leiarar og folk flest. Det må til om vi skal skape eit folkeleg engasjement som er bygd på ansvar for vår felles framtid. Utan folkeleg engasjement og tillit som er bygd nedanifrå, blir politikarane bundne på hender og føter slik vi har sett det i København.
Den høgtida som vi no går inn i, er ein god anledning til å reflektere over korleis vi kan bygge tillit og fellesskap for å løyse dei store utfordringane vi står overfor, nasjonalt og globalt.
Alf