Tag Archives: Nordisk råd

Nyskaping og grøn innovasjon nasjonalt og på Agder

Noreg har eit næringsliv som er svært avhengig av olje og gass, og vi veit at oljeaktiviteten vil bli redusert om nokre tiår. Vi veit også at eit einsidig næringsliv er sårbart for internasjonale konjunkturar, og at den internasjonale konkurransen hardnar til.

Derfor er det viktig å skape nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Erfaringa har vist at private investorar er lite villige til å ta den risikoen med  å bygge opp nye bedrifter frå grunnen av. Derfor må staten stille opp med risikokapital for å sikre eit berekraftig næringsliv og full sysselsetting i framtida.

Agder er ikkje noko unntak. Landsdelen har eit ein offshorebransje, ein prosessindustri og ei reiselivsnæring som alle er sterkt internasjonalt eksponert, og som derfor kan bli utsett for konjunktursvingingar. Samtidig har landsdelen eit høgteknologisk miljø der det ligg godt til rette for innovasjon og nyetableringar. Difor er det viktig å ha tilgang til risikovillig kapital for gründerar.

Då SV hadde landsmøte i vår, uttalte eg til Fædrelandsvennen at staten må stille opp med ny risikokapital, og no er det blitt offisiell politikk. I ei ny stortingsmelding om statleg eigarskap har regjeringa varsla at det vil komme statleg risikokapital i form av nye såkornfond. Det er også varsla ny venturekapital gjennom det statlege selskapet Investinor.

Då Stortinget behandla stortingsmeldinga om statleg eigarskap like før ferien, blei forslaget om risikokapital stadfesta og forsterka. Dermed er vi langt på veg i mål med min landsmøtelovnad frå i vår. Kombinert med dei ordningane vi har frå før med støtte til miljøteknologi og fornybar energi, kan dette legge grunnlaget for berekraftig grøn innovasjon både nasjonalt og på Sørlandet.

I går var eg på møte i næringsutvalet i Nordisk råd. Der var det stort engasjement for samarbeid om grøn innovasjon i Norden. Gjennom eit nordisk samarbeid kan vi skape eit større teknologisk miljø og ein større heimemarknad. Det finst ikkje noko berekraftig alternativ til satsing på grøn innovasjon. Utfordringa er å ta det inn over seg før det er for seint.

Alf

Brei støtte til finansskatt

Sist torsdag behandla Nordisk råd eit forslag om skatt på finansielle transaksjonar. Saka fekk brei forhandsomtale i norske media.

Eg hadde gleda av å vere saksordførar for denne saka og la på vegne av fleirtalet i næringsutvalet fram følgjande forslag: ”Nordiska rådet rekommanderarNordiska ministerrådet att de nordiska ländaerna gemensamt arbetar før att inføra en generell avgift på internasjonella finansiella transaksjoner på europeisk och globalt plan.”

Den konservative gruppa og dei høgrepopulistiske partia kjempa i mot med Per Kristian Foss i spissen, men dei nådde ikkje fram. Forslaget blei vedtatt med 43 mot 25 stemmer.

Her er mitt hovudinnlegg i debatten:
Etter finanskrisa har det blitt ny fart i diskusjonen om skattlegging av finansielle transaksjonar. Ein oppblåst finansøkonomi skapte ei dramatisk krise. Og mange slit framleis md alvorlige etterverknader av krisa. Folk ser det urimelege i at det er skattebetalarane og ikkje finanssektoren som må betale for dei problema som finanskrisa skapte.

Sentrale politikarar frå alle deler av det politiske spekteret har no engasjert seg i arbeidet for å få ei internasjonal tilnærming til avgift på finansielle transaksjonar.

FN har lenge arbeidd med dette spørsmålet. No har også EU engasjert seg sterkt på dette området. I juni i år bestemte Europarådet at EU skal arbeide med internasjonale tilnærmingar til avgifter på finanssektoren. EU-kommisjonen vil ta opp spørsmålet om global skatt på finansielle trensaksjonar på G20-møtet i Seoul i år.

Næringsutvalet ønskjer at Norden skal gjere sin stemme gjeldande i denne viktige debatten. Derfor foreslår utvalet at dei nordiske landa i fellesskap arbeider for å innføre avgift på finansielle transaksjonar på internasjonalt plan.

Forslaget er opent og spesifiserer ikkje korleis slike avgifter skal utformast. Poenget er at Norden skal ha ei stemme i den viktige diskusjonen som no skyt fart i internasjonale fora.

Forslaget frå utvalet er forskjellig i frå det opphavlege medlemsforslaget. På møte i Malmø i september kom utvalet fram til eit kompromiss som det då var konsensus om.

I behandlinga i utvalet blei det også semje om eit tillegg som oppfordrar dei nordiske regjeringane til ha ein beredskap mot nye finanskriser.

Når rådet har møte her på Island, så synest vi det passar ekstra godt å ta opp spørsmålet om tiltak som kan stabilisere finansmarknaden og gi inntekter til fellesskapet.