Tag Archives: såkornfond

Skremmande taust om nye arbeidsplassar

elektronikkSist veke annonserte næringsministeren at det blir nye såkornfond på Vestlandet og i Nord-Noreg. Tidlegare har Østlandet og Trøndelag fått tildelt slike innovasjonsfond. Sørlandet glimrar med sitt fråvær, slik landsdelen gjorde då det sist blei etablert såkornfond for ti år sidan. Men det verste er at det ser ut som om ingen på Sørlandet bryr seg. Politikarane og media ha tydeleg vis nok med å krangle om kommunegrenser, ny fylkesmann og plassering av fengsel.

SV har lenge argumentert for at Sørlandet treng eit meir allsidig og robust næringsliv. I dag er landsdelen sterkt dominert av oljenæringa, noko som gjer oss sårbare for svingingar i oljeprisen slik vi ser eksempel på i desse dagar. Dessutan må oljeaktiviteten reduserast og alternativ byggast opp for å skape eit klimavenleg samfunn. Det er ikkje lett å nå fram med slike argument i ein landsdel der så mange har sitt levebrød knytt til oljenæringa. Men no er det stadig fleire som tar desse utfordringane på alvor, og som ser behovet for omstilling, innovasjon og nyskaping.

I førre stortingsperiode blei det vedtatt å etablere nye landsdekkjande såkornfond. Etter hardt arbeid frå raudgrøne distriktsrepresentantar blei det bestemt at fonda skulle lokaliserast kring om i landet. Eg fekk også gjennomslag for at det skulle etablerast fond i alle landsdelar for å unngå at Sørlandet blei forbigått som for ti år sidan. Men med dei tildelingane som no er gjort, er Sørlandet på nytt på jumboplass.

Det er knapt nokon landsdel som har større behov for eit innovasjonsfond enn Sørlandet, og det er knapt nokon landsdel som har større kunnskapsbase og potensiale for å dra nytte av eit slikt fond. Kvifor er vi då på jumboplass? Kvar er media og politikarane som har produsert side opp og side ned om fengsel og kommunegrenser? Ser dei ikkje behovet for risikovillig kapital for å skape framtidas arbeidsplassar og eit robust og innovativt næringsliv i landsdelen?

Alf

Innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 27. mars

Høgre satsar på dobbeltkommunikasjon

For ei veke sidan gjekk Gitmark (H) og Harberg (H) ut i Fædrelandsvennen og kravde eit såkornfond til Sørlandet. Eg blei mildt sagt litt overraska. Dette var heilt nytt for meg som har jobba med denne saka i lang tid. Eg tenkte først at dei ville henge seg på ei god sak i tolvte time, men eg kan ikkje sjå at det heller er tilfelle. Like før helga behandla Stortinget to saker om såkornfond. Eg har gått i gjennom forslaga frå Høgre og kan ikkje finne at partiet har fremma noko forslag om lokalisering av såkornfond til Sørlandet.

Men ikkje nok med det. SV har i lang tid jobba for å legge til rette for at det skal komme eit såkornfond til vår landsdel. Derfor har vi fått dei andre regjeringspartia med på at det er eit mål å etablere såkornfond i alle landsdelar. Heller ikkje det har Høgre slutta seg til i sine merknader. Utspelet i Fædrelandsvennen kjem dermed i eit underleg lys.

Eksempelet med såkornfond er berre eit av mange. I landbrukspolitikken prøver Høgre no å snakke på seg ein distriktsvenleg profil. Men i sine merknader skriv dei at dei ønskjer ei strukturrasjonalisering for å få ned prisen til bonden. Det vil ikkje bli mykje att av landbruket i Nord-Noreg, på Vestlandet og på Sørlandet med ein slik politikk. I spørsmål om arbeidsmiljølova prøver dei å vere både for og mot ei liberalisering.

Dett er eksempel på den dobbeltkommunikasjonen Høgre satsar på i sin iver etter å skape seg ein mjukare profil for å sanke nye stemmer. Dei kjem med slike utspel og satsar på at media ikkje stiller dei nødvendige kontrollspørsmåla. Når politikarar frå andre parti prøver å få fram dei faktiske forholda, tar Høgre på seg offerrolla etter mønster frå FrP. Då sutrar dei over at vi snakkar om Høgre sin politikk og ikkje vår eigen.

Alf

Nyskaping og grøn innovasjon nasjonalt og på Agder

Noreg har eit næringsliv som er svært avhengig av olje og gass, og vi veit at oljeaktiviteten vil bli redusert om nokre tiår. Vi veit også at eit einsidig næringsliv er sårbart for internasjonale konjunkturar, og at den internasjonale konkurransen hardnar til.

Derfor er det viktig å skape nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Erfaringa har vist at private investorar er lite villige til å ta den risikoen med  å bygge opp nye bedrifter frå grunnen av. Derfor må staten stille opp med risikokapital for å sikre eit berekraftig næringsliv og full sysselsetting i framtida.

Agder er ikkje noko unntak. Landsdelen har eit ein offshorebransje, ein prosessindustri og ei reiselivsnæring som alle er sterkt internasjonalt eksponert, og som derfor kan bli utsett for konjunktursvingingar. Samtidig har landsdelen eit høgteknologisk miljø der det ligg godt til rette for innovasjon og nyetableringar. Difor er det viktig å ha tilgang til risikovillig kapital for gründerar.

Då SV hadde landsmøte i vår, uttalte eg til Fædrelandsvennen at staten må stille opp med ny risikokapital, og no er det blitt offisiell politikk. I ei ny stortingsmelding om statleg eigarskap har regjeringa varsla at det vil komme statleg risikokapital i form av nye såkornfond. Det er også varsla ny venturekapital gjennom det statlege selskapet Investinor.

Då Stortinget behandla stortingsmeldinga om statleg eigarskap like før ferien, blei forslaget om risikokapital stadfesta og forsterka. Dermed er vi langt på veg i mål med min landsmøtelovnad frå i vår. Kombinert med dei ordningane vi har frå før med støtte til miljøteknologi og fornybar energi, kan dette legge grunnlaget for berekraftig grøn innovasjon både nasjonalt og på Sørlandet.

I går var eg på møte i næringsutvalet i Nordisk råd. Der var det stort engasjement for samarbeid om grøn innovasjon i Norden. Gjennom eit nordisk samarbeid kan vi skape eit større teknologisk miljø og ein større heimemarknad. Det finst ikkje noko berekraftig alternativ til satsing på grøn innovasjon. Utfordringa er å ta det inn over seg før det er for seint.

Alf