Sist veke annonserte næringsministeren at det blir nye såkornfond på Vestlandet og i Nord-Noreg. Tidlegare har Østlandet og Trøndelag fått tildelt slike innovasjonsfond. Sørlandet glimrar med sitt fråvær, slik landsdelen gjorde då det sist blei etablert såkornfond for ti år sidan. Men det verste er at det ser ut som om ingen på Sørlandet bryr seg. Politikarane og media ha tydeleg vis nok med å krangle om kommunegrenser, ny fylkesmann og plassering av fengsel.
SV har lenge argumentert for at Sørlandet treng eit meir allsidig og robust næringsliv. I dag er landsdelen sterkt dominert av oljenæringa, noko som gjer oss sårbare for svingingar i oljeprisen slik vi ser eksempel på i desse dagar. Dessutan må oljeaktiviteten reduserast og alternativ byggast opp for å skape eit klimavenleg samfunn. Det er ikkje lett å nå fram med slike argument i ein landsdel der så mange har sitt levebrød knytt til oljenæringa. Men no er det stadig fleire som tar desse utfordringane på alvor, og som ser behovet for omstilling, innovasjon og nyskaping.
I førre stortingsperiode blei det vedtatt å etablere nye landsdekkjande såkornfond. Etter hardt arbeid frå raudgrøne distriktsrepresentantar blei det bestemt at fonda skulle lokaliserast kring om i landet. Eg fekk også gjennomslag for at det skulle etablerast fond i alle landsdelar for å unngå at Sørlandet blei forbigått som for ti år sidan. Men med dei tildelingane som no er gjort, er Sørlandet på nytt på jumboplass.
Det er knapt nokon landsdel som har større behov for eit innovasjonsfond enn Sørlandet, og det er knapt nokon landsdel som har større kunnskapsbase og potensiale for å dra nytte av eit slikt fond. Kvifor er vi då på jumboplass? Kvar er media og politikarane som har produsert side opp og side ned om fengsel og kommunegrenser? Ser dei ikkje behovet for risikovillig kapital for å skape framtidas arbeidsplassar og eit robust og innovativt næringsliv i landsdelen?
Alf
Innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 27. mars