Slagordet «nei til sal av Noreg» går som ei farsott over landet. Og det er bra. Det er på tide at folk står opp for fellesskapet og for arvesølvet vårt. Men engasjementet bør ikkje stopp der. Det er ikkje nok å seie nei til sal. Vi må ha ein aktiv statleg investeringspolitikk som legg til rette for grøn omstilling og sikrar framtida for norsk industri. Det er på tide å utfordre Arbeiderpartiet og Jonas Gahr Støre til å lytte til forslaget frå Fellesforbundet og LO om eit fond for langsiktige strategiske investeringar.
Historisk har det vor brei politisk støtte for at staten på vegne av fellesskapet skal eige sentrale naturressursar og infrastruktur. Vasskrafta og elektrisitetsforsyninga er klassiske eksempel. Høgresida går med jamne mellomrom til angrep på det statlege eigarskapet, også på kjerneområda. Det kjem tydeleg til uttrykk i den nye eigarskapsmeldinga og i den nye fiskeripolitikken. Men også Arbeiderpartiet har sendt sentrale naturressursar på børs gjennom delprivatiseringa av Statoil.
Kampen mot sal av Noreg er eit viktig signal om at folk forstår verdien av statleg eigarskap. Men det er ikkje nok med eit nei. Vi er inne i ein periode som ropar etter meir statleg engasjement i norsk industriutvikling. Langsiktig strategisk eigarskap er ei stor mangelvare her i landet, og mange nøkkelbedrifter har komme på utanlandske hender dei siste åra. Den framtidsretta bedrifta Elkem solar blei nyleg seld til Bluestar som er dominert av den kinesiske stat. Bluestar har oppført seg som ein seriøs eigar, men spørsmålet er om den langsiktige teknologiutviklinga fortsatt vil bli lagt til Noreg.
Norsk industri har vist stor omstillingsevne. Men den står no overfor store utfordringar som krev langsiktige strategiske investeringar. Noreg har potensiale til å bli verdsleiande innan grøn teknologi og berekraftig produksjon. Men det vil krevje store og langsiktige investeringar, og norske kapitalistar har vist liten interesse for industrielt eigarskap. Skal vi ta vare på Noreg som industrinasjon, må staten utøve eit aktivt eigarskap og vere med på å bygge framtidas industri. Vi kan diskutere form og organisering, men staten må investere, ikkje berre seie nei til sal. Vil du lytte til fagrørsla og støtte ei slik satsing, Jonas?
Alf
Dette innlegget står på trykk i Klassekampen i dag.