For nokre dagar sidan tok Kristiansand mot Rasisme og sentrale personar i Sosialistisk Ungdom initiativet til ein alternativ demonstrasjon då det blei kjent at Pediga hadde planlagt å marsjere i gatene. Snart slutta dei fleste ungdomspartia seg til, og det blei eit massivt frammøte på Nedre torg i Kristiansand i går ettermiddag. Pediga mønstra eit tital personar på Øvre torg. Den alternative markeringa mønstra tre- fire hundre. Her er min appell til folkemengda:
Det er fantastisk å sjå at så mange møter opp her i dag på kort varsel. Det er flott å sjå at eit breitt spekter av ungdomsparti frontar kampen mot framandfrykt og for inkludering. Det lovar godt for framtida.
Pegida som har sitt utspring i Tyskland, marsjerer i dag i gatene i Kristiansand.
Det sender ein kald gufs inn over byen vår.
Dei spreiar fordommar og feilinformasjon om folk i vår by
Dei skaper misstru, frykt og konflikt. Pegida vil stenge ute muslimar frå landet vårt og bryte med menneskerettane og internasjonale asylavtaler.
Det er haldningar vi ikkje har sett sidan jødeparagrafen blei fjerna.
Vi er samla her i dag for å vise at vi ikkje vil finne oss i at slike tankar får slå rot i Kristiansand. Vi vil ikkje la Pegida øydelegge byen vår med sin propaganda.
Vi skal møte skremselspropaganda med fellesskap og solidaritet.
Vi skal møte misstru med inkludering og samhald.
Vi skal møte fordommar med kunnskap og samtale.
Frammøtet her i dag viser at vi er mange som vil ta ansvar for å hindre at Pegida får nedslagsfelt for sine giftige haldningar. Men det er ikkje nok. Vi må føre denne kampen kvar dag på arbeidsplassen, på skolen og i nabolaget. Vi må ta kontakt på tvers av skiljeliner og legge grunnlaget for eit inkluderande samfunn.
Den beste måten å bekjempe dei haldningane som Pediga står for, er å skape tillit mellom folk. Då fjernar vi grunnlaget for den mistrua og den frykta som Pediga prøver å utnytte. Vi må skape eit samfunn der alle kjenner at dei er verdsatt og ønska.
NEI til Pegida! JA til inkludering, samhald og fred!