For ei veke sidan gjekk Gitmark (H) og Harberg (H) ut i Fædrelandsvennen og kravde eit såkornfond til Sørlandet. Eg blei mildt sagt litt overraska. Dette var heilt nytt for meg som har jobba med denne saka i lang tid. Eg tenkte først at dei ville henge seg på ei god sak i tolvte time, men eg kan ikkje sjå at det heller er tilfelle. Like før helga behandla Stortinget to saker om såkornfond. Eg har gått i gjennom forslaga frå Høgre og kan ikkje finne at partiet har fremma noko forslag om lokalisering av såkornfond til Sørlandet.
Men ikkje nok med det. SV har i lang tid jobba for å legge til rette for at det skal komme eit såkornfond til vår landsdel. Derfor har vi fått dei andre regjeringspartia med på at det er eit mål å etablere såkornfond i alle landsdelar. Heller ikkje det har Høgre slutta seg til i sine merknader. Utspelet i Fædrelandsvennen kjem dermed i eit underleg lys.
Eksempelet med såkornfond er berre eit av mange. I landbrukspolitikken prøver Høgre no å snakke på seg ein distriktsvenleg profil. Men i sine merknader skriv dei at dei ønskjer ei strukturrasjonalisering for å få ned prisen til bonden. Det vil ikkje bli mykje att av landbruket i Nord-Noreg, på Vestlandet og på Sørlandet med ein slik politikk. I spørsmål om arbeidsmiljølova prøver dei å vere både for og mot ei liberalisering.
Dett er eksempel på den dobbeltkommunikasjonen Høgre satsar på i sin iver etter å skape seg ein mjukare profil for å sanke nye stemmer. Dei kjem med slike utspel og satsar på at media ikkje stiller dei nødvendige kontrollspørsmåla. Når politikarar frå andre parti prøver å få fram dei faktiske forholda, tar Høgre på seg offerrolla etter mønster frå FrP. Då sutrar dei over at vi snakkar om Høgre sin politikk og ikkje vår eigen.
Alf
Hei Alf.
Jeg er ikke kritisk til det du skriver – jeg har bare et spørsmål.
Vi har Inovasjon Norge. Vi har alt den administrasjon og byråkrati som skal til for dette. Hvorfor lage mer? Hvorfor ikke bruke IN?
LikerLiker
Såkornkapitalfonda skal vere eit samarbeid mellom offentleg og privat kapital, og dei skal skyte inn eigenkapital, ikkje yte lån eller gi støtte som IN.
(Elles konstaterer eg at Høgre ikkje svrer på mine utfordringar som også har stått i Fædrelandsvennen.)
LikerLiker