SV har i tre tiår argumentert for at god miljøpolitikk kan vere god næringspolitikk. Lenge var det mildt sagt lite rom for slike tankar i den næringspolitiske debatten. Men no har dette synet fått stadig større gjennomslag, og det har blitt eit viktig element i klimameldinga.
Direktørane i Innovasjon Noreg og i Klima- og forureiningsdirektoratet presenterte gode eksempel på samspelet mellom næringspolitikk og klimapolitikk i Dagens Næringsliv 11. juni. Når bedrifter må investere i reinseteknologi, så fører det ofte til ei teknologisk utvikling som bidrar til å styrke konkurranseevna. I tillegg får leverandørane utvikla ny teknologi for ein internasjonal marknad. Men dette er avhengig av at vi heile tida ligg i front når det gjeld miljøkrav og miljøstandardar.
Klimameldinga legg opp til å vidareutvikle satsinga på miljøteknologi til beste for klimaet og for norsk industri. Klimatiltaksfondet er eit kinderegg med tre viktige effektar. Fondet skal bidra til å realisere større prosjekt som reduserer CO2-utslepp, og erfaring viser at det i sin tur vil styrker konkurranseevna til bedriftene.
I tillegg vil vi få utvikla ny teknologi som kan redusere utsleppa i andre land som ikkje har dei same ressursane til å drive teknologiutvikling. Dette er også eit godt eksempel på at det ikkje er nokon motsetnad mellom utsleppskutt heime og ute slik enkelte framleis hevdar.
No er det viktig å etablere gode rammer for fondet i samarbeid med næringslivet og miljørørsla.
Alf