Tag Archives: klimamelding

Klimatiltaksfondet – eit kinderegg

SV har i tre tiår argumentert for at god miljøpolitikk kan vere god næringspolitikk. Lenge var det mildt sagt lite rom for slike tankar i den næringspolitiske debatten. Men no har dette synet fått stadig større gjennomslag, og det har blitt eit viktig element i klimameldinga.

Direktørane i Innovasjon Noreg og i Klima- og forureiningsdirektoratet presenterte gode eksempel på samspelet mellom næringspolitikk og klimapolitikk i Dagens Næringsliv 11. juni. Når bedrifter må investere i reinseteknologi, så fører det ofte til ei teknologisk utvikling som bidrar til å styrke konkurranseevna. I tillegg får leverandørane utvikla ny teknologi for ein internasjonal marknad. Men dette er avhengig av at vi heile tida ligg i front når det gjeld miljøkrav og miljøstandardar.

Klimameldinga legg opp til å vidareutvikle satsinga på miljøteknologi til beste for klimaet og for norsk industri. Klimatiltaksfondet er eit kinderegg med tre viktige effektar. Fondet skal bidra til å realisere større prosjekt som reduserer CO2-utslepp, og erfaring viser at det i sin tur vil styrker konkurranseevna til bedriftene.

I tillegg vil vi få utvikla ny teknologi som kan redusere utsleppa i andre land som ikkje har dei same ressursane til å drive teknologiutvikling. Dette er også eit godt eksempel på at det ikkje er nokon motsetnad mellom utsleppskutt heime og ute slik enkelte framleis hevdar.

No er det viktig å etablere gode rammer for fondet i samarbeid med næringslivet og miljørørsla.

Alf

Industrien treng klimafond

Dette innlegget har stått på trykk i VG. Saka er også presentert i eit intervju i Dagens Næringsliv.

Norsk industri er inne i ein turbulent periode. Den internasjonale økonomiske krisa skaper problem for deler av eksportindustrien, samtidig som ei oljenæring i høggir pressar opp kostnadsnivået. SV meiner at ei offensiv teknologisatsing gjennom eit klimatiltaksfond er eit viktig tiltak for å møte denne utfordringa. Eit slik fond vil bidra til utvikling av ny teknologi som vil styrke konkurransekrafta, samtidig som det bidrar til å nå våre klimamål. Vi oppfordrar derfor alle som er opptatt av å vidareutvikle ein allsidig industri her i landet, til å støtte kravet om eit klimatiltaksfond.

Norsk industri har gjennomgått store omstillingar og ligg langt framme teknologisk. For nokre tiår sidan blei industrien stilt overfor mange nye miljøkrav. Bedriftene tok utfordringa. I dialog med styresmaktene utvikla dei ny teknologi som styrka konkurranseevna i tillegg til å møte miljøkrava. Brei satsing på kompetanse på alle nivå i organisasjonen har også stått sentralt i utviklinga av ein moderne og konkurransedyktig industri. Nå er det ei ny teknologisatsing som skal ruste norske arbeidsplasser for tiåra som kjem.

Ei offensiv klimasatsing med eit klimatiltaksfond vil gi eit nytt teknologisk forsprang som styrker vår konkurransekraft i eit stadig tøffare konkurranseklima. For å lykkes med den ny industrisatsinga er SV oppteken ei ny brei satsing med tett samarbeid mellom bedriftene og styresmaktene. Det er ikkje berre her i landet vi tenkjer slike tankar. For ei tid sidan var klimakommissæren i EU, Connie Hedegaard, på besøk i Noreg. Ho fortalde at europeisk industri er opptatt av å gjennomføre klimatiltak innanlands for å vere med på det nye teknologiske paradigmeskiftet, og ikkje overlate det til alle andre. Slik bør vi også tenkje her i landet om vi ønskjer å styre norsk industri og utvikle klimateknologi som også kan komme andre land til gode. Alf