Tag Archives: fond

Klimatiltaksfondet – eit kinderegg

SV har i tre tiår argumentert for at god miljøpolitikk kan vere god næringspolitikk. Lenge var det mildt sagt lite rom for slike tankar i den næringspolitiske debatten. Men no har dette synet fått stadig større gjennomslag, og det har blitt eit viktig element i klimameldinga.

Direktørane i Innovasjon Noreg og i Klima- og forureiningsdirektoratet presenterte gode eksempel på samspelet mellom næringspolitikk og klimapolitikk i Dagens Næringsliv 11. juni. Når bedrifter må investere i reinseteknologi, så fører det ofte til ei teknologisk utvikling som bidrar til å styrke konkurranseevna. I tillegg får leverandørane utvikla ny teknologi for ein internasjonal marknad. Men dette er avhengig av at vi heile tida ligg i front når det gjeld miljøkrav og miljøstandardar.

Klimameldinga legg opp til å vidareutvikle satsinga på miljøteknologi til beste for klimaet og for norsk industri. Klimatiltaksfondet er eit kinderegg med tre viktige effektar. Fondet skal bidra til å realisere større prosjekt som reduserer CO2-utslepp, og erfaring viser at det i sin tur vil styrker konkurranseevna til bedriftene.

I tillegg vil vi få utvikla ny teknologi som kan redusere utsleppa i andre land som ikkje har dei same ressursane til å drive teknologiutvikling. Dette er også eit godt eksempel på at det ikkje er nokon motsetnad mellom utsleppskutt heime og ute slik enkelte framleis hevdar.

No er det viktig å etablere gode rammer for fondet i samarbeid med næringslivet og miljørørsla.

Alf

Berekraftig næringsutvikling med klimafond

Innlegget stod på trykk i DN i går.

Fremskrittspartiet har aldri anerkjent at
utslepp av klimagassar er ein alvorleg trussel mot kloden vår. Partiet har
tvert i mot gjort sitt beste for å så tvil om internasjonal forsking som dokumenterer at det hastar med å setje i verk effektive tiltak. Derfor er det heilt naturleg at Ketil Solvik-Olsen, FrP, gjer sitt beste for å torpedere klimaforliket som alle dei andre partia på Stortinget står bak  (DN 23. juni). I sin iver etter å komme klimaforliket til livs, kjem han også i skade for å fronte ein lite framtidsretta næringspolitikk.

Sovik-Olsen hevdar at eg ikkje forstår at teknologiutvikling tar tid. Eg har jobba eit heilt liv med industriell forsking og utvikling. Er det noko eg har lært, så er det at teknologiutvikling og industrialisering er tidskrevjande og ressurskrevjande. Derfor er det viktig å komme i gang før det er for seint, og norsk industri er godt i gang med å redusere sine klimautslepp og utvikle teknologi som kan møte framtidige utfordringar.

Ein del av dei teknologiske løfta som må til, kan ha dimensjonar som gjer at dei ikkje blir realisert utan å tenkje nytt. Derfor har SV og andre lansert tanken om eit klimafond slik at vi kan få eit breitt samarbeid mellom næringslivet og det offentlege om å nå våre klimamål og utvikle eit robust og framtidsretta næringsliv.  No har også Arbeidarpartiet signalisert støtte til eit slikt tiltak.

Noreg er avhengig av å vere teknologisk leiande både for å møte klimautfordringane og for å klare den skjerpa konkurransen. Det er også viktig å posisjonere seg i den veksande marknaden for miljøteknologi. Alternativet til ei slik satsing kan bli ei avindustrialisering av Noreg om nokre tiår. Vi kan ikkje satse på luftslott slik Solvik-Olsen har gjort basert på rykte om Alcoa-planar i Nord-Noreg.

Alf