Tag Archives: forskjellar

Den norske modellen under press

Anleggsarbeid_WebDette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Den norske samfunnsmodellen med ein sterk offentleg sektor og moderate forskjellar har stått seg svært godt i møte med økonomiske utfordringar. Men modellen blir pressa frå fleire hald. I USA er forskjellane i ferd med å bli astronomiske, og i store deler av Europa ser vi ei utvikling som rammar dei med lågast inntekt. Kor lenge klarer vi her i landet å stå i mot dei kreftene som drar oss i same retning? 

I USA disponerer den rikaste prosenten av befolkninga over en tredjedel av verdiane i landet. Men ikkje nok med det. Dei siste åra har forskjellane auka sterkt. Sidan 1995 har inntektene til den prosenten som har høgast inntekt auka 24 gonger meir enn inntektene til dei tjue prosentane med lågast inntekt. Vanlege arbeidarar har dei siste åra hatt reallønsnedgang på tross av god vekst i produktiviteten.  

Den sterke konsentrasjonen av verdiar fell saman med ei kraftig svekking av fagrørsla sin posisjon i det amerikanske samfunnet. Prosentdelen fagorganiserte er halvert dei siste tretti åra. Fordeling av verdiane i eit samfunnet er eit spørsmål om makt. Når arbeidarane misser kollektiv makt, aukar forskjellane i samfunnet. Samtidig får vi ein konsentrasjon av verdiar og makt på få hender, noko som mange ser på som ei stor utfordring for demokratiet. 

Også i EU aukar forskjellane. Dei siste åra har fagrørsla tapt fleire viktige prinsippsaker i EU-domstolen. Vi har fått fleire dommar der prinsippet om fri konkurranse får prioritet framfor opparbeidde faglege rettar. I den såkalla Laval-dommen blei fagrørsla i Sverige fråkjent retten til å streike for å krevje tariffavtale. I ein annan dom blei ein delstat i Tyskland frådømd retten til å krevje at offentlege byggeoppdrag berre kan tildelast dei som betaler tariffløn. Dette er to av fleire dommar som svekkjer fagrørsla, og som legg til rette for ei skeivare fordeling av verdiane slik vi har sett det i USA.  

Det Internasjonale Pengefondet (IMF) ga i 2010 ut ein rapport der dei peikar på at auka lønsforskjellar og svekka forhandlingsstyrke hos arbeidstakarane er viktige årsaker til finanskrisa. Det beste verkemiddelet for å førebygge kriser er å redusere lønsforskjellane og styrke forhandlingsposisjonen til arbeidstakarane, seier IMF. Det er kanskje noko å tenkje på for parti som går til angrep på fagrørsla og blir kvalme av det LO står for. 

Samfunn med moderate forskjellar er meir robuste i møte med finanskriser og andre kriser. Forsking viser at dei også kjem best ut på mange andre område som god folkehelse, låg kriminalitet og tillit mellom ulike grupper. Samfunn med moderate forskjellar er positive for alle, ikkje berre dei som er nedst på rangstigen. Den kampen som fagrørsla og andre kjempar for moderate forskjellar, er ein kamp for eit meir berekraftig samfunn som alle tener på. 

I motsetning til andre land så har vi dei siste åra klart å unngå at forskjellane aukar her i landet. Men det er ikkje noko naturlov at det skal halde fram slik. Det krev politisk vilje og innsats. Presset på den norske samfunnsmodellen aukar stadig. Vi er i ferd med å få eit arbeidsliv med kompliserte og lite oversiktlege tilsetjingsforhold. Underentrepriser og innleige i fleire ledd gjer det vanskeleg å få oversikt over kven som har ansvaret når ekstreme tilfelle av sosial dumping blir avslørt.  

Vi ser stadig oftare tilfelle av grov utnytting av arbeidstakarar. I enkelte bransjar er omfanget av sosial dumping så stort at det er vanskeleg for seriøse bedrifter i klare seg. Det gjeld spesielt bransjar som i utgangspunktet har låg løn og låg organisasjonsgrad. Reinhaldsbransjen er eit slikt eksempel. For å prøve å få bukt med denne utviklinga er det innført ei godkjenningsordning for bedrifter i denne bransjen.  

Kampen mot sosial dumping og uverdige forhold i arbeidslivet må førast på mange frontar. Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å hindre ei undergraving av den norske samfunnsmodellen med moderate forskjellar. Men mange strittar i mot. Det er ikkje berre EU-domstolen som vil prioritere fri konkurranse med alle midlar framfor arbeidstakarrettar. Høgre, Venstre og Framstegspartiet skreiv i ein budsjettmerknad at «arbeidet mot sosial dumping har diverre like mykje vore eit arbeid for å forhindre konkurranse på løn». 

Offentleg sektor er ein viktig stabiliserande faktor i økonomien. Det gjeld også for løns- og arbeidsforhold. Den ideologisk baserte iveren etter å privatisere offentlege tenester vil auke presse på løns- og arbeidsvilkår på nye område. Internasjonale konsern som kjem inn i tenestesektoren, vil prøve å dra med seg lønsnivået frå lågkostland som dei opererer i, og overskotet tar dei gjerne ut i skatteparadis. Barnehagar og omsorgssektoren er eksempel på område der dette er like om hjørnet.

 Kampen for eit samfunn med moderate forskjellar er ikkje berre ein kamp for dei lågtlønte. Det er ein kamp for å ta vare på den norske samfunnsmodellen som stadig fleire omtalar positivt. Modellen er robust mot kriser, og den skaper livskvalitet. Men den har ikkje komme av seg sjølv. Den er resultat av bevisste val og politisk og fagleg kamp. Nye utfordringar og sterke motkrefter krev fornya innsats.

 Alf

Forskjellar og demokrati

Det er brei semje om at reelt demokrati er avhengig av tillit i samfunnet, og at ein fungerande rettsstat og ytringsfridom er føresetnader for tillit og dermed demokrati. Men det manglar ofte eit sentralt element i demokratidebatten, nemleg  at moderate forskjellar er ein viktig føresetnad for tillit og eit levande demokrati.

Vi får stadig meir forsking som viser at moderate forskjellar er ein viktig føresetnad for tillit mellom folk.  Boka Ulikhetens pris som kom på norsk i fjor, har lagt fram empiriske data som viser samanhengen mellom moderate forskjellar og tillit og livskvalitet. Men den politiske høgresida avviser at økonomiske forskjellar er eit problem, og dermed blir deira demokratianalyse mangelfull.

Kampen for mindre forskjellar blir møtt med påstandar om moralisme og marxistisk vrøvl. Men no er det stadig fleire som innser at små forskjellar ikkje berre er eit moralsk imperativ. Det er basis for tillit i samfunnet og dermed også for eit velfungerande demokrat.

Det som no skjer med den økonomiske krisa i Europa, reiser skremmande perspektiv. Den høgtlønte finanseliten som har skapt krisa, får halde fram med sine toppløner og bonusar, samtidig som folk flest må betale gjennom lønsnedslag og kutt i sosiale ytingar. Dette er ikkje berre eit sosialt problem. Det kan skape mistillit som utfordrar demokratiet. Diverre er det lite fokus på denne grunnleggande utfordringa, og det kan straffe seg.

Alf

Forskjellskrisa

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

På kort tid har den vestlege verda opplevd to økonomiske kriser. I 2008 fekk vi finanskrisa som starta i USA, og no er mange EU-land inne i ei ny krise. Dei økonomiske krisene dominerer mediebiletet og set den politiske dagsorden. Men det har også utvikla seg ei anna krise, ei forskjellskrise som vi høyrer mindre om. Forskjellskrisa utfordrar demokratiet, skaper sosiale konfliktar og bidrar til økonomisk ustabilitet. Like vel held den politiske høgresida fast på ein politikk som vil auke dei økonomiske forskjellane i samfunnet.

USA er framleis ei økonomisk stormakt som mange ser til. Norske økonomar har sterke band til amerikanske fagmiljø, og nyleg kunne vi lese at høgreordføraren i Kristiansand vil hente inspirasjon frå USA. Derfor kan det vere grunn til å sjå nærare på korleis økonomien og dei økonomiske forskjellane har utvikla seg der. I 1980 gjekk 9% av dei totale inntektene i landet til den 1% rikaste delen av befolkninga. Nokre tiår seinare i 2007 gjekk heile 27,5% av inntektene til dei 1% rikaste. Den økonomiske veksten i landet har i liten grad komme vanlege folk til gode. Ein arbeidar har lågare realinntekt i dag enn i 1973, og talet på fattige i USA har nådd 14%.

Voldsame økonomiske forskjellar er ikkje berre eit moralsk problem. Det er også ei stor demokratisk utfordring. Makta følgjer pengane. Når ein så stor del av ressursane blir samla på få hender, så får vi ein maktelite som er utanfor demokratisk kontroll, og som ikkje er i stand til å identifisere seg med folk flest. Den økonomiske eliten i USA fekk gjennomslag for ein økonomisk politikk som la grunnlaget for finanskrisa, ei krise som folk flest må betale for. Framveksten av dei store økonomiske forskjellane har skjedd parallelt med at fagrørsla har fått stadig mindre makt, noko som fører til ytterlegare maktkonsentrasjon hos den rike eliten.

Ideologar på den politiske høgresida hevdar at det ikkje berre er akseptabelt, men nødvendig med store økonomiske forskjellar. Det skaper dynamikk og innovasjon blir det hevda. Men etter finanskrisa er det stadig fleire som set spørsmålsteikn ved denne påstanden. Tidlegare sjef for sentralbanken i USA, Alan Greenspan, er ein av dei. Han sa etter finanskrisa at han hadde overvurdert egoisme som drivkraft for økonomien. Det er også verdt å merke seg at dei landa som har minst økonomiske forskjellar, har klart seg best gjennom finanskrisa.

Når den politiske venstresida argumenterer for meir rettferdig fordeling av goda, så blir vi møtt med at det som er godt for dei rike, er godt for alle. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har fått høyre at det berre er misunning som ligg bak kampen for ein betre fordelingspolitikk. Men i sommar kom boka Ulikhetens pris på norsk, og den set store spørsmålsteikn ved denne retorikken. Her blir det presentert statistikk som viser at dei økonomiske forskjellane betyr meir for livskvaliteten enn det gjennomsnittlege velstandsnivået i eit land.

Forfattarane av boka har sett på indikatorar for helse- og sosiale problem, og vurdert dei opp i mot økonomiske forhold i ulike samfunn og ulike land. Dei dokumenterer at land med små økonomiske forskjellar kjem betre ut enn land med store forskjellar. I land med små forskjellar stolar folk meir på kvarandre, levealderen er lenger, barnedødlegheita er mindre, færre lir av overvekt og valdskriminaliteten er lågare. Det er også større reell valfridom som kjem til syne ved at fleire vel eit yrke som er forskjellig i frå det som foreldra har.

Det er ikkje berre dei med låg inntekt som drar nytte av eit samfunn med små forskjellar. Også dei med middels og høge inntekter kjem betre ut, og det er kanskje noko av det mest overraskande resultatet av dei analysane som er utført. Land og samfunn med små økonomiske forskjellar har gjennomgåande betre helse og mindre sosiale problem i heile folket. Dette viser at små forskjellar ikkje berre er eit moralsk imperativ. Det er den beste samfunnsmodellen for å skape livskvalitet for alle.

Stadig fleire innser at god fordelingspolitikk også er eit viktig grunnlag for verdiskaping og innovasjon. Forsking viser at folk har større tillit til kvarandre og til styresmaktene i land med små forskjellar. Det er eit godt grunnlag for å møte økonomiske utfordringar og gjennomføre nødvendige omstillingar. Ein velutvikla velferdsstat legg til rette for menneskeleg utvikling og skaper tryggleik. Det er viktige pilarar for omstilling og nyskaping. Krisa i Hellas viser korleis det kan gå om ein forsømer fordeling gjennom eit effektivt skattesystem.

Rundt tusenårsskiftet var marknadsfundamentalistane på høgresida i norsk politikk på offensiven, og dei hadde lite til overs for fordelingspolitikk. Velferdsstaten er ein klamp om foten for den dynamiske frie konkurransen, var omkvedet i dei kretsar. No har den internasjonale økonomiske utviklinga gjort det mindre opportunt å stå fram med slike synspunkt, og høgrefolk har begynt å snakke pent om velferdsstaten. Men det blir lite truverdig når dei står for ein politikk for større forskjellar og skattelette for dei rike.

Det er ikkje berre i USA at dei økonomiske forskjellane har auka kraftig. I dei fleste land i Europa har vi ei liknande utvikling. Vanlege folk har også tatt kostnadene for ei finanskrise som blei skapt av finanseliten. Mange stader har dette skapt sosiale konfliktar og eit dårleg utgangspunkt for ei positiv samfunnsutvikling. Noreg skil seg ut ved at dei økonomiske forskjellane ikkje har auka dei siste åra. Dette er eit politisk val som det har stått strid om, og som høgrepartia har kjempa i mot. Om høgresida får kontroll over den økonomiske politikken, har heller ikkje vi noko vern mot forskjellskrisa. Utspela frå den nye høgreordføraren i Kristiansand er eit godt eksempel på det.

Alf

Myter og fakta

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.
Valkampen flomma over av angrep på SV dei siste vekene før valet. Etter kvart blei ein del av påstandane mytar som blei gjentatt utan argumentasjon. Ein av påstandane var at forskjellane har auka med SV i regjering.

Realiteten er at forskjellane for første gang på lenge har blitt redusert her i landet, samtidig som utviklinga går kraftig i motsett retning i andre land. Det kjem blant anna av at vi har kjempa fram eit skattesystem som gjer at dei rike i større grad en før bidrar til fellesskapet og til velferdsgoda her i landet.

Informasjon om denne positive utviklinga har vore framme i media ein del gonger det siste året basert på blant anna tal frå Statistisk sentralbyrå. Saka er også vurdert av den såkalla faktasjekken som avisa Bergens Tidene har etablert for å kontrollere påstandar frå politikarar. Der blei det konkludert med at det er dekning for påstanden om at forskjellane har blitt mindre.

Journalist Tarjei Leer-Salvsen bringa vidare påstanden om auka forskjellar i ein av sine kommentarar. Men då han blei kjent med dei faktiske forhold, rykka han i motsetning til mange andre ut med ein tydeleg korreksjon. Det tenar Leer-Salvsen til ære at han viser ei slik ryddig og raus haldning og dermed bidrar til ein god debatt i det offentlege rom.

Alf

Utfordringar til Sørlandsutvalet

I går presenterte vi Sørlandsutvalet som skal komme med innspel til næringsutvikling og regional utvikling på Agder. Bakgrunnen er at Sørlandet er ein motsetningsfylt landsdel. På den eine sida har vi ein framgangsrik  industri. På den andre sida har vi mange unge på trygd, og vi ligg på botnen  når det gjeld likestilling.

Då vi presenterte utvalet, peika eg på tre utfordringar. For det første bør utvalet merke seg at dei største forskjellane ikkje går langs aust-vest-aksen. Dei går langs nord-sør-aksen, mellom kysten og innlandet. Dessutan går dei mellom dei som er i arbeidslivet og dei som har falle utanfor.

For det andre treng Agder ei langt sterkare satsing på innovasjon. Næringslivet er dominert av to bransjar, offshore leverandørindustri og prosessindustri. Begge bransjane er i stor grad dominert av utanlandske eigarar, og dei er sterkt eksponert for internasjonale konjunkturar. Derfor treng vi å satse både på bedriftsintern innovasjon gründerskap for å sikre ein robust næringsstruktur. Med basis i verdsleiande teknologiske kompetanse og lang internasjonale erfaring ha Agder gode føresetnader for å utvikle nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Men det må satsast langt meir målretta enn i dag. Lønsemda i dagens næringsliv må ikkje bli ei sovepute.

Til sist bad eg utvalet hugse på at god næringspolitikk og god miljøpolitikk er to sider av same sak. Vi har mange eksempel på dette på Sørlandet. Personleg jobba eg på Elkem då prosessindustrien fekk reinsekrav for nokre tiår sidan. Mange frykta at det ville føre til nedlegging av denne industrien. Med vi opplevde det motsette. Det blei satsa på reinseteknologi som ikkje berre fjerna utsleppa, men som også etter kvart erobra verdsmarknaden. Og avfallsprodukta blei foredla til høgverdige produkt. Utan denne miljøsatsinga hadde vi knapt hatt prosessindustri i Noreg i dag.

Alf

Politikk for eit breitt fellesskap

Denne kronikken stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Då bomba og skota smalt i Oslo og på Utøya, tenkte eg at no kan vi få eit kaldt, splitta og overvaka samfunn. Men så opplever vi ei stemningsbølgje som går i motsett retning. Verdiar som mange frykta var på vikande front, er no på alle sine lepper. Vi opplever ein varme og eit fellesskap som vi sjeldan har sett maken til. Utfordringa er å ta med seg desse verdiane inn i ein krevjande kvardag.

Det har ikkje alltid vore like lett å argumentere for fellesskap, openheit og eit fleirkulturelt samfunn. Slike haldningar har ofte blitt utdefinert som ”politisk korrekte” og snillistiske. Men no er desse verdiane løfta fram av heile folket i protest mot terroren. Det er ei god oppleving som gjer den vanskelege tida lettare å bere. Og eit slikt engasjement fortener å bli følgt opp av politisk handling.

Naboen min kom ein dag bort til meg og sa: ”Eg stolar på at du er ei vaktbikkje som passar på at ingen får rømme frå dei verdiane som no dominerer samfunnsdebatten og det folkelege engasjementet. Ta vare på dei positive utalane og bruk dei når den politiske kvardagen kjem.” Dette er ei utfordring som vi alle bør ta med oss. Vi har ein sjanse som vi ikkje bør skusle bort.

Internasjonalt er det mange som har merka seg at Noreg møtte den skræmande terroren med krav om meir demokrati, meir openheit og meir humanitet, og at dette fekk massiv og varm folkeleg støtte. Mange utanlandske kommentatorar har undra seg over at reaksjonen på terroren blei samhald og fellesskap, ikkje hat og aggresjon. Det finst knapt noko fasitsvar på kva som ligg bak denne reaksjonen. Men kanskje kan vår samfunnsmodell med små forskjellar mellom folk vere ei medverkande årsak, i tillegg til ei stødig handtering frå vår statsminister og alle involverte.

Vi har relativt små forskjellar her i landet i forhold til andre land. Avstanden mellom dei som styrer og folk flest er også mindre. Ei undersøking frå EU viser at innbyggarane i Noreg og resten av Norden har større tillit til det politiske systemet enn i resten av Europa. Den same undersøkinga viser også at nordmenn har stor tillit til offentlege tenester i forhold til folk i andre land. Kan vårt nære og relativt solidariske og egalitære samfunn vere ei av årsakene til at terroren utløyste meir fellesskap, ikkje meir aggresjon?

Det norske fellesskapet omfattar også våre nye landsmenn. Terroren ramma oss alle. Etter kvart klarte det offentlege Noreg og media å ta dette inn over seg. Folk med ulik kulturell og religiøs bakgrunn deltok i den nasjonale sorga og i mobiliseringa for eit opnare og meir demokratisk samfunn.  Det har truleg medverka til å bygge eit fellesskap der nye grupper kjenner seg velkomne i det store vi. I så fall har vi oppnådd noko verdifullt som det er viktig å ta vare på.

Mange har lagt vekt på at det er behov for å endre tonen i den offentlege debatten. Vi har til tider ein debatt som er meir prega av skjellsord enn av argumentasjon. Heile folkegrupper blir av enkelte omtalt med sterkt nedsetjande karakteristikkar . Her har vi alle eit ansvar for å skape ein debatt utan hatefull omtale av medmenneske. Usemje og konflikt er ein naturleg del av samfunnsdebatten og demokratiet, og det må vere lov å bruke følelsar i debatten. Men gruppestigmatisering, skjellsord og konspirasjonsteoriar utan substans må ikkje få vinne over saklege argument og humane verdiar.

Men det er ikkje nok å endre debattforma. Politikken må også få eit innhald i tråd med dei verdiane som folk har slutta opp om etter 22. juli. Vi må vidareutvikle den norske velferdsmodellen og kjempe for eit samfunn bygd på nærleik, gode fellesskapsløysingar og moderate forskjellar. Det skaper solidaritet, fellesskap og tryggleik, både i det daglege og i krisesituasjonar. Vi må også utvide og styrke demokratiet i møte med stadig sterkare marknadskrefter.

I mange europeiske land ser vi eit aukande konfliktnivå som er skapt av store forskjellar og av nedskjeringar som rammar dei som har minst frå før. I by etter by og land etter land går folk ut i gatene for å uttrykkje sin frustrasjon over den politikken som blir ført. Klarer vi å unngå ei slik utvikling og oppretthalde eit samfunn med moderate forskjellar, er det lettare å bygge eit breitt fellesskap.

Vi må bygge eit fellesskap som også omfattar innvandrarane. Dei kjem frå nært og fjernt. Mange har komme fordi vi treng arbeidskraft, og andre har komme for å få vern mot terror. Innvandrargruppa er mangfaldig, og det er også dei utfordringane vi står overfor i integreringsarbeidet. Men samanlikna med andre land, så går det ikkje så dårleg med integreringa som enkelte vil ha det til.

Går vi inn i statistikken, ser vi at innvandrarane er opptatt av å skaffe seg utdanning. Gjennomføringsgraden i vidaregåande skole er nesten like høg for norskfødde barn med innvandrarforeldre som for andre elevar. Statistikken viser også at norskfødde barn med innvandrarforeldre oftare tar høgare utdanning enn andre ungdommar. Dette er eit godt grunnlag for aktiv deltaking i arbeidsliv og samfunnsliv.

Kommunar og fylkeskommunar har eit stort ansvar i arbeidet med å vidareutvikle eit breitt fellesskap som inkluderer alle. Kommunesektoren har ansvar for barnehage og skole, for kulturtilbod og for eit vidt spekter av velferdstilbod. Dette er arenaer for fellesskap der det kan byggast bru mellom folk med ulik økonomisk, sosial, kulturell og religiøs bakgrunn.  Ved å vidareutvikle offentlege fellesskapsløysingar og fellestenester med rom for mangfald bygger vi det breie fellesskapet.

Alf

Frp vil rasere distriktslandbruket

Frp har fremma forslag til Stortinget om å seie opp hovudavtalen mellom staten og jordbruksorganisasjonane.

Dette er eit nytt eksempel på at Frp vil rasere norsk landbruk. Avtaleverket i jordbruket er eit solidarisk instrument for å oppretthalde landbruket i distrikta og ta vare på norsk matvareproduksjon i ei verd der mange svelt. Med forslaget frå Frp vil fråflyttinga akselerere og bygder vil bli lagt øyde. Det vil også svekke grunnlagt for anna næringsverksemd i distrikta.

Landbrukspolitikken til FrP er ein politikk for fråflytting og brakklegging, ikkje for levande bygder og utnytting av norske ressursar.

Denne liberalistiske landbrukspolitikken er eit av elementa i Frp sitt store samfunnsprosjekt: å rive ned dei solidariske ordningane som er bygd opp over lang tid, og som har skapt eit samfunn med moderate foskjellar.

For Agder er dette spesielt dramatisk. Agder er eit av dei områda som vil bli ramma hardt av den usolidariske frp-politikken.

Laurdag var eg med på eit spennande seminar om norsk landbruk i regi av Natur og Ungdom. Der fekk vi ein grundig gjennomgang av dei utfordringane norsk landbruk står ovrfor. Det er ikkje liberalismen til Frp landbruket treng for å komme ut av dei problema det står ovrfor.

Alf