Tag Archives: humant

Politikk for eit breitt fellesskap

Denne kronikken stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Då bomba og skota smalt i Oslo og på Utøya, tenkte eg at no kan vi få eit kaldt, splitta og overvaka samfunn. Men så opplever vi ei stemningsbølgje som går i motsett retning. Verdiar som mange frykta var på vikande front, er no på alle sine lepper. Vi opplever ein varme og eit fellesskap som vi sjeldan har sett maken til. Utfordringa er å ta med seg desse verdiane inn i ein krevjande kvardag.

Det har ikkje alltid vore like lett å argumentere for fellesskap, openheit og eit fleirkulturelt samfunn. Slike haldningar har ofte blitt utdefinert som ”politisk korrekte” og snillistiske. Men no er desse verdiane løfta fram av heile folket i protest mot terroren. Det er ei god oppleving som gjer den vanskelege tida lettare å bere. Og eit slikt engasjement fortener å bli følgt opp av politisk handling.

Naboen min kom ein dag bort til meg og sa: ”Eg stolar på at du er ei vaktbikkje som passar på at ingen får rømme frå dei verdiane som no dominerer samfunnsdebatten og det folkelege engasjementet. Ta vare på dei positive utalane og bruk dei når den politiske kvardagen kjem.” Dette er ei utfordring som vi alle bør ta med oss. Vi har ein sjanse som vi ikkje bør skusle bort.

Internasjonalt er det mange som har merka seg at Noreg møtte den skræmande terroren med krav om meir demokrati, meir openheit og meir humanitet, og at dette fekk massiv og varm folkeleg støtte. Mange utanlandske kommentatorar har undra seg over at reaksjonen på terroren blei samhald og fellesskap, ikkje hat og aggresjon. Det finst knapt noko fasitsvar på kva som ligg bak denne reaksjonen. Men kanskje kan vår samfunnsmodell med små forskjellar mellom folk vere ei medverkande årsak, i tillegg til ei stødig handtering frå vår statsminister og alle involverte.

Vi har relativt små forskjellar her i landet i forhold til andre land. Avstanden mellom dei som styrer og folk flest er også mindre. Ei undersøking frå EU viser at innbyggarane i Noreg og resten av Norden har større tillit til det politiske systemet enn i resten av Europa. Den same undersøkinga viser også at nordmenn har stor tillit til offentlege tenester i forhold til folk i andre land. Kan vårt nære og relativt solidariske og egalitære samfunn vere ei av årsakene til at terroren utløyste meir fellesskap, ikkje meir aggresjon?

Det norske fellesskapet omfattar også våre nye landsmenn. Terroren ramma oss alle. Etter kvart klarte det offentlege Noreg og media å ta dette inn over seg. Folk med ulik kulturell og religiøs bakgrunn deltok i den nasjonale sorga og i mobiliseringa for eit opnare og meir demokratisk samfunn.  Det har truleg medverka til å bygge eit fellesskap der nye grupper kjenner seg velkomne i det store vi. I så fall har vi oppnådd noko verdifullt som det er viktig å ta vare på.

Mange har lagt vekt på at det er behov for å endre tonen i den offentlege debatten. Vi har til tider ein debatt som er meir prega av skjellsord enn av argumentasjon. Heile folkegrupper blir av enkelte omtalt med sterkt nedsetjande karakteristikkar . Her har vi alle eit ansvar for å skape ein debatt utan hatefull omtale av medmenneske. Usemje og konflikt er ein naturleg del av samfunnsdebatten og demokratiet, og det må vere lov å bruke følelsar i debatten. Men gruppestigmatisering, skjellsord og konspirasjonsteoriar utan substans må ikkje få vinne over saklege argument og humane verdiar.

Men det er ikkje nok å endre debattforma. Politikken må også få eit innhald i tråd med dei verdiane som folk har slutta opp om etter 22. juli. Vi må vidareutvikle den norske velferdsmodellen og kjempe for eit samfunn bygd på nærleik, gode fellesskapsløysingar og moderate forskjellar. Det skaper solidaritet, fellesskap og tryggleik, både i det daglege og i krisesituasjonar. Vi må også utvide og styrke demokratiet i møte med stadig sterkare marknadskrefter.

I mange europeiske land ser vi eit aukande konfliktnivå som er skapt av store forskjellar og av nedskjeringar som rammar dei som har minst frå før. I by etter by og land etter land går folk ut i gatene for å uttrykkje sin frustrasjon over den politikken som blir ført. Klarer vi å unngå ei slik utvikling og oppretthalde eit samfunn med moderate forskjellar, er det lettare å bygge eit breitt fellesskap.

Vi må bygge eit fellesskap som også omfattar innvandrarane. Dei kjem frå nært og fjernt. Mange har komme fordi vi treng arbeidskraft, og andre har komme for å få vern mot terror. Innvandrargruppa er mangfaldig, og det er også dei utfordringane vi står overfor i integreringsarbeidet. Men samanlikna med andre land, så går det ikkje så dårleg med integreringa som enkelte vil ha det til.

Går vi inn i statistikken, ser vi at innvandrarane er opptatt av å skaffe seg utdanning. Gjennomføringsgraden i vidaregåande skole er nesten like høg for norskfødde barn med innvandrarforeldre som for andre elevar. Statistikken viser også at norskfødde barn med innvandrarforeldre oftare tar høgare utdanning enn andre ungdommar. Dette er eit godt grunnlag for aktiv deltaking i arbeidsliv og samfunnsliv.

Kommunar og fylkeskommunar har eit stort ansvar i arbeidet med å vidareutvikle eit breitt fellesskap som inkluderer alle. Kommunesektoren har ansvar for barnehage og skole, for kulturtilbod og for eit vidt spekter av velferdstilbod. Dette er arenaer for fellesskap der det kan byggast bru mellom folk med ulik økonomisk, sosial, kulturell og religiøs bakgrunn.  Ved å vidareutvikle offentlege fellesskapsløysingar og fellestenester med rom for mangfald bygger vi det breie fellesskapet.

Alf