Tag Archives: fellesskap

Fellesskap eller segregering

Barnehage_c3Noreg er eit land med moderate forskjellar, lågt konfliktnivå og stor tillit mellom folk. I den offentlege fellesskolen møtest alle uavhengig av økonomi, sosial status og religion. Det legg grunnlaget for eit breitt fellesskapet på tvers av alle skiljeliner. Men no ser vi ei utvikling der stadig fleire bryt med fellesskolen. Det er derfor all grunn til å spørje kor langt denne utviklinga kan gå før vi undergrev fellesskolen og den egalitære norske samfunnsmodellen.

Vi har stor tillit til kvarandre og til styresmaktene her i landet. Noreg og dei andre nordiske landa skil seg ut i internasjonale undersøkingar om samfunnstillit. Her er det ein stor prosent av dei spurde som svarar at «Folk flest er til å stole på». Det er mange årsaker til at vi har så stor sosial kapital her i landet. Små økonomiske forskjellar skaper tillit mellom folk og mellom folk og styresmaktene. Men også fellesskolen er ein heilt sentral basis for å skape tillit på tvers av alle former for skiljeliner i samfunnet.

Det er mange gode grunnar til å ta vare på tilliten og fellesskapet. For eit par år sidan gav to forskarar ut ei bok med tittelen Ulikhetens pris. Her blir det dokumentert at samfunn med moderate forskjellar og stor tillit mellom folk har mange positive kvalitetar. I slike samfunn er folkehelsa betre, og folk lever lenger enn i samfunn med store forskjellar og sosiale skiljeliner. På den andre sida skaper mangel på tillit og fellesskap eit høgare konfliktnivå i samfunnet og meir kriminalitet.

Det breie fellesskapet vi har her i landet, er også viktig for arbeidslivet og næringslivet. Mange bedriftsleiarar peikar på at norske arbeidstakarar er sjølvstendige og pålitelege, og dei er flinke til å samarbeide på tvers av fagområde og organisasjonsgrenser. Det er all grunn til å tru at fellesskapet i den offentlege fellesskolen er ein viktig basis for denne sosiale kompetansen. Dette er eit av våre sterkaste konkurransefortrinn som det er vanskeleg for andre land å kopiere. Vi bør ikkje skusle det bort med ideologisk funderte privatiseringseksperiment.

Diverre ser vi no at det er stadig fleire som vil bryte ut av den offentlege fellesskolen og etablerer private alternativ. Dagens regjering legg til rette for ei slik utvikling i langt større grad enn tidlegare. Den raudgrøne regjeringa blei samde med Kristeleg folkeparti om ei privatskolelov som opnar for private skolar med eit religiøst grunnlag eller med alternativ pedagogikk. Nokre få prosent private alternativ kan det nok vere rom for utan å setje fellesskolen og det breie fellesskapet i fare. Men den blå regjeringa går mykje lenger og opnar for reine kommersielle skolar. Dei legg til rette for privatisering i eit omfang som trugar fellesskolen og fellestanken i det norske samfunnet.

Mange hevdar at den offentlege skolen må ha konkurranse for å bli betre, og at vi derfor treng mange private tilbod. Dei som hevdar det, bør setje seg inn i kva som har skjedd i Sverige. Der har den konservative regjeringa lagt til rette for storstilt privatisering, med store negative konsekvensar som resultat. Våre naboar i aust har hatt kraftig tilbakegang i resultata i skolen. Dei har også opplevd dramatiske konkursar som har kasta elevane på gata over natta. Jo fleire private skolar vi får, jo større blir desse problema, og jo vanskelegare blir det for den offentlege skolen å bygge eit breitt fellesskap og sikre eit godt og mangfaldig tilbod til alle.

Det blir også hevda at private skolar skaper meir mangfald. Det kan kanskje vere tilfelle med eit lite innslag av alternative skolar. Men etablering av privatskolar fører ofte til mindre mangfald og mindre valfridom. Private vidaregåande skolar tappar fellesskolen for elevgrunnlag og ressursar. Det fører gjerne til at det blir færre studieretningar å velje i mellom, spesielt i distrikta. Retten til å melde seg ut av fellesskapet for enkelte blir fagleg tvang for andre. Vi har alt sett konturane av ei slik utvikling i Vest-Agder.

Fellesskapet og den offentlege fellesskolen er av uvurderleg verdi for det norske samfunnet. Det er sjølve basisen for den norske samfunnsmodellen. Elevane får erfaring med mangfaldet i det norske samfunnet og kompetanse til å handtere det. Det legg grunnlaget for samfunnssolidariteten, livskvaliteten, og produktiviteten i landet vårt. Eg vil derfor be dei som vurderer å etablere privatskolar, og dei som har tenkt å tilrå at dei får starte opp, om å ta inn over seg dette ansvaret. Løft blikket og tenk på verdien av eit mangfaldig fellesskap og ein sterk samfunnstillit.

Alf

Innlegget er på trykk i Fædrelandsvennen 2. juli

Politikk for eit breitt fellesskap

Denne kronikken stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Då bomba og skota smalt i Oslo og på Utøya, tenkte eg at no kan vi få eit kaldt, splitta og overvaka samfunn. Men så opplever vi ei stemningsbølgje som går i motsett retning. Verdiar som mange frykta var på vikande front, er no på alle sine lepper. Vi opplever ein varme og eit fellesskap som vi sjeldan har sett maken til. Utfordringa er å ta med seg desse verdiane inn i ein krevjande kvardag.

Det har ikkje alltid vore like lett å argumentere for fellesskap, openheit og eit fleirkulturelt samfunn. Slike haldningar har ofte blitt utdefinert som ”politisk korrekte” og snillistiske. Men no er desse verdiane løfta fram av heile folket i protest mot terroren. Det er ei god oppleving som gjer den vanskelege tida lettare å bere. Og eit slikt engasjement fortener å bli følgt opp av politisk handling.

Naboen min kom ein dag bort til meg og sa: ”Eg stolar på at du er ei vaktbikkje som passar på at ingen får rømme frå dei verdiane som no dominerer samfunnsdebatten og det folkelege engasjementet. Ta vare på dei positive utalane og bruk dei når den politiske kvardagen kjem.” Dette er ei utfordring som vi alle bør ta med oss. Vi har ein sjanse som vi ikkje bør skusle bort.

Internasjonalt er det mange som har merka seg at Noreg møtte den skræmande terroren med krav om meir demokrati, meir openheit og meir humanitet, og at dette fekk massiv og varm folkeleg støtte. Mange utanlandske kommentatorar har undra seg over at reaksjonen på terroren blei samhald og fellesskap, ikkje hat og aggresjon. Det finst knapt noko fasitsvar på kva som ligg bak denne reaksjonen. Men kanskje kan vår samfunnsmodell med små forskjellar mellom folk vere ei medverkande årsak, i tillegg til ei stødig handtering frå vår statsminister og alle involverte.

Vi har relativt små forskjellar her i landet i forhold til andre land. Avstanden mellom dei som styrer og folk flest er også mindre. Ei undersøking frå EU viser at innbyggarane i Noreg og resten av Norden har større tillit til det politiske systemet enn i resten av Europa. Den same undersøkinga viser også at nordmenn har stor tillit til offentlege tenester i forhold til folk i andre land. Kan vårt nære og relativt solidariske og egalitære samfunn vere ei av årsakene til at terroren utløyste meir fellesskap, ikkje meir aggresjon?

Det norske fellesskapet omfattar også våre nye landsmenn. Terroren ramma oss alle. Etter kvart klarte det offentlege Noreg og media å ta dette inn over seg. Folk med ulik kulturell og religiøs bakgrunn deltok i den nasjonale sorga og i mobiliseringa for eit opnare og meir demokratisk samfunn.  Det har truleg medverka til å bygge eit fellesskap der nye grupper kjenner seg velkomne i det store vi. I så fall har vi oppnådd noko verdifullt som det er viktig å ta vare på.

Mange har lagt vekt på at det er behov for å endre tonen i den offentlege debatten. Vi har til tider ein debatt som er meir prega av skjellsord enn av argumentasjon. Heile folkegrupper blir av enkelte omtalt med sterkt nedsetjande karakteristikkar . Her har vi alle eit ansvar for å skape ein debatt utan hatefull omtale av medmenneske. Usemje og konflikt er ein naturleg del av samfunnsdebatten og demokratiet, og det må vere lov å bruke følelsar i debatten. Men gruppestigmatisering, skjellsord og konspirasjonsteoriar utan substans må ikkje få vinne over saklege argument og humane verdiar.

Men det er ikkje nok å endre debattforma. Politikken må også få eit innhald i tråd med dei verdiane som folk har slutta opp om etter 22. juli. Vi må vidareutvikle den norske velferdsmodellen og kjempe for eit samfunn bygd på nærleik, gode fellesskapsløysingar og moderate forskjellar. Det skaper solidaritet, fellesskap og tryggleik, både i det daglege og i krisesituasjonar. Vi må også utvide og styrke demokratiet i møte med stadig sterkare marknadskrefter.

I mange europeiske land ser vi eit aukande konfliktnivå som er skapt av store forskjellar og av nedskjeringar som rammar dei som har minst frå før. I by etter by og land etter land går folk ut i gatene for å uttrykkje sin frustrasjon over den politikken som blir ført. Klarer vi å unngå ei slik utvikling og oppretthalde eit samfunn med moderate forskjellar, er det lettare å bygge eit breitt fellesskap.

Vi må bygge eit fellesskap som også omfattar innvandrarane. Dei kjem frå nært og fjernt. Mange har komme fordi vi treng arbeidskraft, og andre har komme for å få vern mot terror. Innvandrargruppa er mangfaldig, og det er også dei utfordringane vi står overfor i integreringsarbeidet. Men samanlikna med andre land, så går det ikkje så dårleg med integreringa som enkelte vil ha det til.

Går vi inn i statistikken, ser vi at innvandrarane er opptatt av å skaffe seg utdanning. Gjennomføringsgraden i vidaregåande skole er nesten like høg for norskfødde barn med innvandrarforeldre som for andre elevar. Statistikken viser også at norskfødde barn med innvandrarforeldre oftare tar høgare utdanning enn andre ungdommar. Dette er eit godt grunnlag for aktiv deltaking i arbeidsliv og samfunnsliv.

Kommunar og fylkeskommunar har eit stort ansvar i arbeidet med å vidareutvikle eit breitt fellesskap som inkluderer alle. Kommunesektoren har ansvar for barnehage og skole, for kulturtilbod og for eit vidt spekter av velferdstilbod. Dette er arenaer for fellesskap der det kan byggast bru mellom folk med ulik økonomisk, sosial, kulturell og religiøs bakgrunn.  Ved å vidareutvikle offentlege fellesskapsløysingar og fellestenester med rom for mangfald bygger vi det breie fellesskapet.

Alf

Vi må ta vare på det breie fellesskapet

Mange tankar for gjennom hovudet etter kvart som omfanget av den fryktelege terrorhandlinga seig inn over oss sist helg. Tankane gjekk til dei som blei ramma av det vonde og utenkjelege, og til deira næraste. Og etter kvart kom spørsmåla. Kva er det som kan få nokon til å myrde forsvarslause, samfunnsengasjerte ungdomar? Kva ligg bak? Kva vil skje med det norske samfunnet?

Mange har skrive gode og viktige kommentarar og analyser, og fleire vil komme. Men det eg er mest opptatt av no, er den stemninga som er skapt etter terrorhandlinga, og korleis vi kan ta vare på den vidare. Min første tanke var at no kan vi få eit kaldt, splitta og overvaka samfunn. Men så er vi i ferd med å oppleve det motsette.

Verdiar som mange av oss har frykta var på vikande front, er no på alle sine lepper. Det har ikkje alltid vore like lett å argumentere for og kjempe for fellesskap, openheit og fleirkulturelt mangfald. Ofte har slike verdiar blitt utdefinert som ”politisk korrekte”. Men no er desse verdiane på alle sine lepper. Det er ei god oppleving som gjer den vanskelege tida lettare å bere.

Utfordringa for oss alle er å ta vare på det opne og solidariske fellesskapet inn i den nye kvardagen. Naboen min kom i dag bort til meg og sa: ”Eg stolar på at du er ei vaktbikkje som passar på at ingen får rømme frå dei verdiane som no dominerer samfunnsdebatten og det folkelege engasjementet. Ta vare på dei positive utalane og bruk dei når den politiske kvardagen kjem.” Og det er nettopp det eg tenkjer å gjere, så langt eg maktar. Dei som har blitt råka av terroren, fortener det.

Alf