Tag Archives: openheit

Avslørande om toleranse

IMAG0951Det kan stillast mange kritiske spørsmål ved verdien av sokalla omdømmemålingar. Men av og til avslører dei forhold som burde få oss til å skvette i godstolen. Når Kristiansandsregionen skårar dramatisk dårlegare enn andre regionar på toleranse, så bør det skape debatt og ikkje teiast i hel.

For nokre veker sidan deltok eg på eit seminar der årets omdømmemåling blei presentert for sentrale personar frå politikk og næringsliv. På mange område kom Kristiansandsregionen litt dårlegare ut enn andre regionar, men det var ikkje dramatiske avvik – med eitt unntak. Vi skårar klart dårlegare enn andre regionar på toleranse og openheit.

Resultatet var kanskje ikkje så overraskande, men det var den påfølgjande debatten. Det kom mange innspel om behov for samordning og framsnakking. No måtte vi bli flinkare til å snakke i kor til beste for regionen, blei det sagt. Og det er vel og bra. Men ingen kommenterte elefanten i rommet – botnresultatet for toleranse. Sjølv då eg utfordra forsamlinga på dette punktet, helt ein uforstyrra fram med å snakke om alle dei andre detaljane i omdømmebarometeret.

Det er legitimt å ha ulike syn på normer og toleranse. Men ein skaper ikkje eit raust samfunn ved å legge lokk på denne debatten. Derfor er det fortenestefult at Valerie Kubens set spørsmålet på dagsorden i sin kommentar her i avisa sist laurdag. Når Sørlandet er på den nasjonale dagsorden, så er det gjerne i samband med lite tolerante posisjonar som kamp mot den nye ekteskapslova. Kvifor har det blitt slik? Har vi svikta når vi ikkje har fått fram at Sørlandet er meir enn dette? Har vi for lenge tatt for gitt at desse haldningane vil dø ut av seg sjølv?

Valerie Kubens peikar på at det negative omdømmet er eit problem for rekrutteringa til eit framtidsretta næringsliv. Her har ho eit poeng. Det er på tide vi innser at det ikkje er nok med firefelts veg om vi skal utvikle næringslivet i landsdelen vår. Men først og fremst er toleranse eit moralsk imperativ og eit viktig fundament for å utvikle eit raust samfunn med livskvalitet for alle. Historia har vist oss at toleranse og openheit ikkje kjem av seg sjølv. Dette er verdiar mange har kjempa tappert for, og vi har eit ansvar for å vidareføre kampen.

Alf

Dette innlegget stor på trykk i fædrelandsvennen sist tirsdag.

Vi må ta vare på det breie fellesskapet

Mange tankar for gjennom hovudet etter kvart som omfanget av den fryktelege terrorhandlinga seig inn over oss sist helg. Tankane gjekk til dei som blei ramma av det vonde og utenkjelege, og til deira næraste. Og etter kvart kom spørsmåla. Kva er det som kan få nokon til å myrde forsvarslause, samfunnsengasjerte ungdomar? Kva ligg bak? Kva vil skje med det norske samfunnet?

Mange har skrive gode og viktige kommentarar og analyser, og fleire vil komme. Men det eg er mest opptatt av no, er den stemninga som er skapt etter terrorhandlinga, og korleis vi kan ta vare på den vidare. Min første tanke var at no kan vi få eit kaldt, splitta og overvaka samfunn. Men så er vi i ferd med å oppleve det motsette.

Verdiar som mange av oss har frykta var på vikande front, er no på alle sine lepper. Det har ikkje alltid vore like lett å argumentere for og kjempe for fellesskap, openheit og fleirkulturelt mangfald. Ofte har slike verdiar blitt utdefinert som ”politisk korrekte”. Men no er desse verdiane på alle sine lepper. Det er ei god oppleving som gjer den vanskelege tida lettare å bere.

Utfordringa for oss alle er å ta vare på det opne og solidariske fellesskapet inn i den nye kvardagen. Naboen min kom i dag bort til meg og sa: ”Eg stolar på at du er ei vaktbikkje som passar på at ingen får rømme frå dei verdiane som no dominerer samfunnsdebatten og det folkelege engasjementet. Ta vare på dei positive utalane og bruk dei når den politiske kvardagen kjem.” Og det er nettopp det eg tenkjer å gjere, så langt eg maktar. Dei som har blitt råka av terroren, fortener det.

Alf