Mange tankar for gjennom hovudet etter kvart som omfanget av den fryktelege terrorhandlinga seig inn over oss sist helg. Tankane gjekk til dei som blei ramma av det vonde og utenkjelege, og til deira næraste. Og etter kvart kom spørsmåla. Kva er det som kan få nokon til å myrde forsvarslause, samfunnsengasjerte ungdomar? Kva ligg bak? Kva vil skje med det norske samfunnet?
Mange har skrive gode og viktige kommentarar og analyser, og fleire vil komme. Men det eg er mest opptatt av no, er den stemninga som er skapt etter terrorhandlinga, og korleis vi kan ta vare på den vidare. Min første tanke var at no kan vi få eit kaldt, splitta og overvaka samfunn. Men så er vi i ferd med å oppleve det motsette.
Verdiar som mange av oss har frykta var på vikande front, er no på alle sine lepper. Det har ikkje alltid vore like lett å argumentere for og kjempe for fellesskap, openheit og fleirkulturelt mangfald. Ofte har slike verdiar blitt utdefinert som ”politisk korrekte”. Men no er desse verdiane på alle sine lepper. Det er ei god oppleving som gjer den vanskelege tida lettare å bere.
Utfordringa for oss alle er å ta vare på det opne og solidariske fellesskapet inn i den nye kvardagen. Naboen min kom i dag bort til meg og sa: ”Eg stolar på at du er ei vaktbikkje som passar på at ingen får rømme frå dei verdiane som no dominerer samfunnsdebatten og det folkelege engasjementet. Ta vare på dei positive utalane og bruk dei når den politiske kvardagen kjem.” Og det er nettopp det eg tenkjer å gjere, så langt eg maktar. Dei som har blitt råka av terroren, fortener det.
Alf