Det kan stillast mange kritiske spørsmål ved verdien av sokalla omdømmemålingar. Men av og til avslører dei forhold som burde få oss til å skvette i godstolen. Når Kristiansandsregionen skårar dramatisk dårlegare enn andre regionar på toleranse, så bør det skape debatt og ikkje teiast i hel.
For nokre veker sidan deltok eg på eit seminar der årets omdømmemåling blei presentert for sentrale personar frå politikk og næringsliv. På mange område kom Kristiansandsregionen litt dårlegare ut enn andre regionar, men det var ikkje dramatiske avvik – med eitt unntak. Vi skårar klart dårlegare enn andre regionar på toleranse og openheit.
Resultatet var kanskje ikkje så overraskande, men det var den påfølgjande debatten. Det kom mange innspel om behov for samordning og framsnakking. No måtte vi bli flinkare til å snakke i kor til beste for regionen, blei det sagt. Og det er vel og bra. Men ingen kommenterte elefanten i rommet – botnresultatet for toleranse. Sjølv då eg utfordra forsamlinga på dette punktet, helt ein uforstyrra fram med å snakke om alle dei andre detaljane i omdømmebarometeret.
Det er legitimt å ha ulike syn på normer og toleranse. Men ein skaper ikkje eit raust samfunn ved å legge lokk på denne debatten. Derfor er det fortenestefult at Valerie Kubens set spørsmålet på dagsorden i sin kommentar her i avisa sist laurdag. Når Sørlandet er på den nasjonale dagsorden, så er det gjerne i samband med lite tolerante posisjonar som kamp mot den nye ekteskapslova. Kvifor har det blitt slik? Har vi svikta når vi ikkje har fått fram at Sørlandet er meir enn dette? Har vi for lenge tatt for gitt at desse haldningane vil dø ut av seg sjølv?
Valerie Kubens peikar på at det negative omdømmet er eit problem for rekrutteringa til eit framtidsretta næringsliv. Her har ho eit poeng. Det er på tide vi innser at det ikkje er nok med firefelts veg om vi skal utvikle næringslivet i landsdelen vår. Men først og fremst er toleranse eit moralsk imperativ og eit viktig fundament for å utvikle eit raust samfunn med livskvalitet for alle. Historia har vist oss at toleranse og openheit ikkje kjem av seg sjølv. Dette er verdiar mange har kjempa tappert for, og vi har eit ansvar for å vidareføre kampen.
Alf
Dette innlegget stor på trykk i fædrelandsvennen sist tirsdag.
Jeg synes det er helt fantastisk å bo her på Sørlandet. Men den flotteste plassen er jo min barndoms grønne dal,Tro på Helgeland.
Men når sant skal sies, så er mine beste venner ikke herfra, men fra andre steder enn Sørlandet. De er fra øst Tyskland, Holland, Nordnorge, Oslo og vestlandet. Det har jeg stusset litt på.
Har ikke opplevd det andre steder jeg har bodd.
Men, jeg trives her og er veldig fornøyd.
LikerLiker