Vil NHO og Civita bryte ned samfunnstilliten?

penger_jpg_imagelargeTillit er ein verdifull samfunnsressurs som vi har tatt godt vare på her i landet. Den skaper livskvalitet, og den er eit av våre viktigaste konkurransefortrinn i ein tøff internasjonal konkurranse. Derfor er det med undring vi registrerer at NHO-direktør Kristin Skogen Lund og Civita-leiar Kristin Clemet gjer sitt beste for å øydelegge denne verdien.

Større forskjellar synest å vere svaret på det meste for NHO og Civita. Skal vi få orden på skolen, må vi auke lønsforskjellen blant lærarane. Det fekk vi høyre då NHO nyleg arrangerte konferanse om læring. Vi har også fått vite at vi må svekke trygdeordningane og skape større forskjellar for å få fleire i arbeid. At større forskjellar er gift for samfunnstilliten, har dei lite forståing for.

Eg har brei kontakt med næringslivet på ulike nivå. Der finst det mange syn på kva som må til for å bygge eit robust næringsliv. Men ein ting er det brei semje om. Vi har sjølvstendige og engasjerte arbeidstakarar som tar initiativ på tvers av organisasjonsgrenser når det er nødvendig. Mange ser dette som eit av våre viktigaste fortrinn for å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv.

Det er liten tvil om at små forskjellar og stor samfunnstillit er ein viktig basis for samfunnsutviklinga så vel som for konkurransekrafta. Wilkinson og Pickett har dokumentert dette i boka Forskjellenes pris. Forskarar som professor Karl-Ove Moene har komme fram til noko av det same basert på analyse av den norske økonomien. Moene peikar på at lite spenn i lønsnivået fremmar nødvendig omstilling og innovasjon.

Med ny regjering ligg det til rette for at insentiv og større forskjellar vil erstatte tillit og ansvar på stadig fleire område. Offentleg sektor er bygd på tillit til at dei tilsette brukar kompetanse og tildelte midlar til best for brukaren og samfunnet. Insentivsystem bryt med denne grunntanken og føreset at folk må premierast eller konkurranseutsettast for å gjere ein god jobb. Eit slikt menneskesyn blir lett eit sjølvoppfyllande profeti som er vanskeleg å reversere.

Før insentivsystema blei innført, var helsevesenet bygd på tillit. Ansvaret låg i stor grad hos fagfolka som har tett kontakt med pasientane. Ein overlege måtte prioritere dei ressursane ho fekk og stå for sine val i møte med pasient og pårørande. Insentivsystema flyttar ein del av dette ansvaret til byråkratar i direktorat og departement. Systemet skal fremme effektivitet blir det sagt, underforstått at fagfolka ikkje yter optimalt utan insentiv.

På nittitalet var det opplest og vedtatt at samfunn med ein sterk offentleg sektor taper i den internasjonale konkurransen. Etter finanskrisa har denne kritikken stilna. No prøver NHO og den akademiske ideologiprodusenten Civita å innbille oss at alt som er galt i samfunnet, kan løysast med større forskjellar. Det viser at dei ikkje har forstått kva som er kjernen i den norske modellen. Det hastar med å stå opp for samfunnstilliten.

Alf

Ein litt forkorta versjon av denne kommentaren stod på trykk i Klassekampen i dag.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s