Ein rausare strategi for Agder

Aust-Agder_og_Vest-AgderSpør ikkje kva Noreg kan gjere for Agder, spør kva Agder kan skape for Noreg.
Sutring over at landsdelen er gløymd av dei sentrale styresmaktene er ikkje ein optimal strategi for å utvikle Agder til ein region med nasjonal tyngde.

Dei siste åra har den politiske debatten på Sørlandet blitt dominert av klager på regjeringa for manglande satsing på Sørlandet. Borgarlege politikarar med solid støtte frå Fædrelandsvennen har svinga seg til dei store retoriske høgder. Vi er gløymde, vi er oversett, vi er i slagskuggen, vi har ikkje profilerte talspersonar i hovudstaden, og vi får minst av alle regionane her i landet, får vi vite.

Når statsbudsjettet blir lagt fram, kastar opposisjonspolitikarane og journalistane seg over teksteditoren for å sjekke kor mange gonger Agder er omtalt i budsjettdokumentet. Finn dei få øyremerka midlar til regionen, blir budsjettet dømt nord og ned. Budsjettpostar med riktig postnummer er det som gjeld, om dei er aldri så små. Store nasjonale satsingar som kan vere spesielt viktige for Agder, og som kan gi store utteljingar for vår region, blir som oftast oversett.

Når statsrådar kjem til Agder, er det store spørsmålet om dei over bordet kan love pengar til gode formål. Det overskygger gjerne den viktige dialogen om samspelet mellom det regionale og det nasjonale. Jamvel då Sørlandsutvalet presenterte si innstilling, blei den store snakkisen at ministrane ikkje hadde pengar i kofferten. Kva visjonar utvalet hadde for å utvikle landsdelen i dialog med sentrale styresmakter, kom i skuggen.

Kamp om ressursar er ein viktig del av politikken. Men det er ikkje gitt at kamp for øyremerka midlar er det som lettast fører fram. Det kan vere enklare å få gjennomslag for nasjonale satsingar som er tilpassa behova på Agder. Ofte tilfører det regionen større midlar. Vi kan nemne satsingar som miljøteknologiordninga, CO2-kompensasjonsordninga for prosessindustrien og belønningsordninga for kollektivtransporten. Å drive postnummerpolitikk er ikkje alltid det som gir mest til regionen, sjølv om det gir størst oppslag i regionale media.

Kanskje vi skal snu litt på flisa og spørje kva Agder ønskjer å bidra med? Kva ønskjer vi å skape for å møte dei utfordringane regionen og landet står overfor? Har vi ressursar og kompetanse som landet treng, og som sentrale styresmakter er interessert i å vidareutvikle saman med oss? Med eit slikt utgangspunkt kan Agder bli ein region som får sin sentrale plass i nasjonale strategiar og budsjett.

Agder er ein leiande industriregion med mange teknologitunge bedrifter. For eit par tiår sidan var det mange som spådde at den tradisjonelle industrien ville bukke under i ein stadig tøffare internasjonal konkurranse. Men bedriftene har klart seg betre enn mange spådde. Dei har møtt nye utfordringar med omstilling og ny teknologi. Strenge miljøkrav var med på å utløyse ei teknologisatsing som styrka konkurranseevna samtidig som den betra miljøet.

Noreg er i ferd med å få eit einsidig og eit todelt næringsliv. Oljesektoren dominerer verdiskaping og sysselsetting. Samtidig skaper den press i økonomien, og landbasert næringsliv får problem med å konkurrere om kapital og arbeidskraft. På Agder ser vi den same utviklinga. Vi har oljedominans, og vi har det todelte næringslivet. Her som elles langs kysten har oljeteknologiindustrien hatt kraftig vekst. Men vi har også ein tradisjonsrik landbasert industri som til dels står overfor store utfordringar, sjølv om bedriftene har vist stor omstillingsevne.

Kanskje Agder kan ta mål av seg til å bli ein leiande region for berekraftig industri- og næringsutvikling på tvers av tradisjonelle bransjar og fagområde. Vi kan satse på å utvikle kompetanse og teknologi for eit næringsliv som er i stand til å takle omstilling, ikkje minst langsiktig omstilling til ein økonomi som er mindre oljeavhengig. Realfag og teknologi er berre ein del av ei slik utvikling. Det er nettopp ved å sjå på teknologien og økonomien i eit breiare perspektiv at vi kan skape ei berekraftig utvikling. Erfaringa med strenge miljøkrav som skapte berekraftige bedrifter, bør ha lært oss det.

Ei slik strategisk satsing er viktig for å sikre framtida for Agder. Samtidig er det ei satsing som vil bidra til å møte ei av dei største utfordringane som heile nasjonen står overfor. Noreg treng å bygge kompetanse som kan takle tøffare internasjonal konkurranse, og som kan legge grunnlaget for eit næringsliv med perspektiv utover oljealderen. Med si lange industrihistorie og sin varierte kompetansebase har Agder gode føresetnader for å ta ei nasjonal rolle på dette området.

Agder bør ha eit nasjonalt perspektiv på sine regionale strategiar. Det vil løfte regionen langt meir enn mange klagesongar basert på postnummeranalyser av statsbudsjett og sentrale verv. Ein region som bidrar til å møte dei utfordringane som nasjonen står overfor, vil stå sentralt i nasjonale strategiar. Kvifor skal vi ha nokon mindre ambisjon enn det?

Alf

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s