Category Archives: Utdanning, forsking, kultur

Dei trippelblå med kommersialisering av forsking

UiA-2I samarbeidsavtalen som ligg til grunn for den trippelblå regjeringa, står det blant anna: «Tilrettelegge bedre for kommersialisering av forskning blant studenter og forskere» Eg reknar med at dette er ein skrivefeil, og at det er forskingsresultat og ikkje forsking dei vil kommersialisere. Men ein kan komme i tvil når ein les resten av avsnittet om forsking og høgare utdanning, for det er gjennomsyra av målstyringsideologi og kommersialisme.

Eit punkt som ikkje er skrivefeil, er dette: «Ta initiativ til en mulighetsstudie for å se på ulike tilknytningsformer for universitets- og høyskolesektoren, som for eksempel foretaksmodellen, for å sikre mer uavhengige institusjoner.» Sist dette blei foreslått av det Ryssdalutvalet og Kristen Clemet for femten år sidan, blei det blankt avvist av sektoren. Engasjementet var så sterkt at folk tok til gatene.

Den trippelblå regjeringa grunngjev dette forslaget mede eit ønske om å gi institusjonane større handlefridom. Men eg er redd resultatet blir meir målstyring og kommersialisme, ikkje meir akademisk fridom. Det vi treng i dag er uavhengig forsking som ikkje lar seg påverka verken av kommersielle eller politiske interesser, eller av institusjonsleiarar som er under økonomisk press. Det er ikkje urimeleg at dei som finansierer forskinga, kan gi visse føringar for kva område ein skal forske på. Men det må aldri oppstå misstanke om at forskingsresultata blir tilpassa behova til ein kommersiell eller politisk aktør.

Foretaksmodellen kan lett føre til at institusjonane brukar ressursar på innbyrdes konkurranse om dei mest populære studia og forskingsområda, framfor å oppretthalde mangfald og bygge nasjonale lag på enkelte tunge satsingsområde. Erfaringa frå helsesektoren som har hatt denne modellen ei tid, freistar ikkje til å ta den i bruk på nye område. Den sterkaste kritikken mot foretaksmodellen i helsesektoren går nettopp på at økonomistyring har dominert over faglege vurderingar.

I helsesektoren har vi gradvis bytta ut fagfolk og samfunnsrepresentantar med såkalla profesjonelle styrerepresentantar. Eg ser lite lysteleg på ei slik utvikling i universitetssektoren. Enkelte rektorar ser fram til å få større økonomisk handlefridom. Men eg er ikkje så sikker på om sektoren er tent med at universitet skal setje seg i gjeld som kan redusere framtidig handlefridom, eller inngå store kommersielle samarbeidsavtaler som kan påverke forskingsprioriteringar.

Det er synd at Krf og Grøvan alt har gått ut og støtta dette.

Alf

Fellesskap eller segregering

Barnehage_c3Noreg er eit land med moderate forskjellar, lågt konfliktnivå og stor tillit mellom folk. I den offentlege fellesskolen møtest alle uavhengig av økonomi, sosial status og religion. Det legg grunnlaget for eit breitt fellesskapet på tvers av alle skiljeliner. Men no ser vi ei utvikling der stadig fleire bryt med fellesskolen. Det er derfor all grunn til å spørje kor langt denne utviklinga kan gå før vi undergrev fellesskolen og den egalitære norske samfunnsmodellen.

Vi har stor tillit til kvarandre og til styresmaktene her i landet. Noreg og dei andre nordiske landa skil seg ut i internasjonale undersøkingar om samfunnstillit. Her er det ein stor prosent av dei spurde som svarar at «Folk flest er til å stole på». Det er mange årsaker til at vi har så stor sosial kapital her i landet. Små økonomiske forskjellar skaper tillit mellom folk og mellom folk og styresmaktene. Men også fellesskolen er ein heilt sentral basis for å skape tillit på tvers av alle former for skiljeliner i samfunnet.

Det er mange gode grunnar til å ta vare på tilliten og fellesskapet. For eit par år sidan gav to forskarar ut ei bok med tittelen Ulikhetens pris. Her blir det dokumentert at samfunn med moderate forskjellar og stor tillit mellom folk har mange positive kvalitetar. I slike samfunn er folkehelsa betre, og folk lever lenger enn i samfunn med store forskjellar og sosiale skiljeliner. På den andre sida skaper mangel på tillit og fellesskap eit høgare konfliktnivå i samfunnet og meir kriminalitet.

Det breie fellesskapet vi har her i landet, er også viktig for arbeidslivet og næringslivet. Mange bedriftsleiarar peikar på at norske arbeidstakarar er sjølvstendige og pålitelege, og dei er flinke til å samarbeide på tvers av fagområde og organisasjonsgrenser. Det er all grunn til å tru at fellesskapet i den offentlege fellesskolen er ein viktig basis for denne sosiale kompetansen. Dette er eit av våre sterkaste konkurransefortrinn som det er vanskeleg for andre land å kopiere. Vi bør ikkje skusle det bort med ideologisk funderte privatiseringseksperiment.

Diverre ser vi no at det er stadig fleire som vil bryte ut av den offentlege fellesskolen og etablerer private alternativ. Dagens regjering legg til rette for ei slik utvikling i langt større grad enn tidlegare. Den raudgrøne regjeringa blei samde med Kristeleg folkeparti om ei privatskolelov som opnar for private skolar med eit religiøst grunnlag eller med alternativ pedagogikk. Nokre få prosent private alternativ kan det nok vere rom for utan å setje fellesskolen og det breie fellesskapet i fare. Men den blå regjeringa går mykje lenger og opnar for reine kommersielle skolar. Dei legg til rette for privatisering i eit omfang som trugar fellesskolen og fellestanken i det norske samfunnet.

Mange hevdar at den offentlege skolen må ha konkurranse for å bli betre, og at vi derfor treng mange private tilbod. Dei som hevdar det, bør setje seg inn i kva som har skjedd i Sverige. Der har den konservative regjeringa lagt til rette for storstilt privatisering, med store negative konsekvensar som resultat. Våre naboar i aust har hatt kraftig tilbakegang i resultata i skolen. Dei har også opplevd dramatiske konkursar som har kasta elevane på gata over natta. Jo fleire private skolar vi får, jo større blir desse problema, og jo vanskelegare blir det for den offentlege skolen å bygge eit breitt fellesskap og sikre eit godt og mangfaldig tilbod til alle.

Det blir også hevda at private skolar skaper meir mangfald. Det kan kanskje vere tilfelle med eit lite innslag av alternative skolar. Men etablering av privatskolar fører ofte til mindre mangfald og mindre valfridom. Private vidaregåande skolar tappar fellesskolen for elevgrunnlag og ressursar. Det fører gjerne til at det blir færre studieretningar å velje i mellom, spesielt i distrikta. Retten til å melde seg ut av fellesskapet for enkelte blir fagleg tvang for andre. Vi har alt sett konturane av ei slik utvikling i Vest-Agder.

Fellesskapet og den offentlege fellesskolen er av uvurderleg verdi for det norske samfunnet. Det er sjølve basisen for den norske samfunnsmodellen. Elevane får erfaring med mangfaldet i det norske samfunnet og kompetanse til å handtere det. Det legg grunnlaget for samfunnssolidariteten, livskvaliteten, og produktiviteten i landet vårt. Eg vil derfor be dei som vurderer å etablere privatskolar, og dei som har tenkt å tilrå at dei får starte opp, om å ta inn over seg dette ansvaret. Løft blikket og tenk på verdien av eit mangfaldig fellesskap og ein sterk samfunnstillit.

Alf

Innlegget er på trykk i Fædrelandsvennen 2. juli

Endeleg nei til rettferd for UiA

UiA«Grunnfinansieringen for de nye universitetene blir ikke rikket av denne regjeringen, slår kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fast.» Denne bastante fråsegna som har dramatiske konsekvensar for Universitetet i Agder (UiA), kan vi lese i Forskarforum.

UiA blir framleis finansiert som ein høgskole. Dei nye universiteta får berre halvparten så mykje til forsking som dei eldre universiteta. Denne forskjellen i basisfinansiering utgjer svært store summar for UiA – så store at det er utenkjeleg å kompensere det på andre måtar.

Då det sokalla Mjøs-utvalet opna for nye universitet, låg det i korta at ein ikkje skulle endre finansieringa for dei institusjonane som klarte krava til «opprykk». Men etter kvart var det fleire og fleire som såg det urettferdige i denne ordninga. Stortingsrepresentantane frå Agder er blant dei som har engasjert seg i denne saka, og opposisjonspolitikarane utfordra oss som var i regjeringsposisjon.

I fjor fekk vi gjennomslag for å setje ned ein komite som skulle foreslå nytt finansieringssystem for universitets- og høgskolesektoren. Dermed fekk vi ei opning for å retta opp det urettferdige systemet. Men det første den nye regjeringa gjorde, var å oppløyse komiteen. Og no har Torbjørn Røe Isaksen sagt eit endeleg nei til rettferd for UiA og dei andre nye universiteta. Generell auke i budsjettrammene for sektoren vil aldri kunne kompensere for den urettferdige basisfinansieringa. Så no må vi legge hovuda i bløyt og finne ein ny strategi.

Alf

Regjeringa satsar også på næringsretta forsking

Dette er ein forkorta versjon av eit innlegg som eg heldt i Stortinget i dag.

Det viktigaste grunnlaget for den næringsretta forskinga er at vi har ein solid samla forskingsaktivitet.

Det er mange som likar å spreie feilaktige myter om norsk forsking. Derfor vil eg ta med nokre enkle fakta:

  • Den offentleg finansierte forskinga har hatt ein realvekst på 28% under den raudgrøne regjeringa
  • Vi må tilbake til den borgarlege regjeringsperioden for å finne eit år med realnedgang i den offentleg finansierte forskinga.

Men mår det gjeld privat finansiert forsking, så ligg vi klart etter våre naboland. Derfor har regjeringa satsa tungt for å rette på dette og stimulere til meir forsking finansiert av næringslivet:

  • Noreg gir meir offentleg forskingsstøtte til bedrifter enn våre naboland, sett i forhold til BNP.
  • Forskingsrådet si støtte til næringslivet er meir enn fordobla under den raudgrøne regjeringa

Skal vi styrke den næringsretta forskinga og bygge kompetanse for næringslivet, så er det viktig å bygge gode relasjonar mellom næringslivet og utdannings- og forskingsmiljø. Derfor er det viktig å utvikle ulike former for samarbeidsarenaer. Regjeringa har blant anna oppretta 11 forskingssenter for miljøvennleg energi der det er eit tett samarbeid mellom næringslivet og universiteta.

Personleg har eg god erfaring med samarbeid mellom næringsklynger og akademiske institusjonar. Dette er også blant dei tiltaka som professor Reve har omtalt positivt i oppsummeringa av det store prosjektet om framtidas næringsliv. Denne type samarbeid blir finansiert gjennom program som ARENA og Narwegian Center og Expertice. Om eg ikkje hugsar feil, så foreslo Høgre å kutte i desse ordningane i budsjettet for 2011. Dei regionale forskingsfonda som Høgre er i mot, er også viktige for utviklinga av slike regionale kluster.

Men på tross av desse satsingane, ligg den privat finansierte forskinga lågt her i landet. Det er ei utfordring som det er grunn til å ta på alvor. Vi må sjå på innretning og omfang av dei ulike ordningane. Det kan blant anna vere aktuelt å utvide støtta til større utviklingsaktivitetar slik vi har i miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg.

Men det er også grunn til å stille spørsmål om næringslivet investerer for lite av eigne midlar i utdanning og forsking. Vi er no inne i ein periode der deler av norsk næringsliv går svært godt. Det burde legge grunnlaget for større investeringar i forsking og utvikling for å sikre verdiskaping og sysselsetting for framtida.

Alf

Cultiva, seg sjølv nok?

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.
I eit innlegg i Fædrelandsvennen 16.
september legg Cultiva for dagen ei uvanleg sjølvgod haldning. Vi har ingen
planar om å forandre vår strategi. Den er forankra der den skal, i eit
handlekraftig styre, heiter det. Og prosessen fram til styrevedtak bør ingen
tillate seg å ha meiningar om får vi beskjed om.

Det er nettopp slike haldningar som har
ført Cultiva ut i dei konfliktane vi har sett den siste tida. Ein institusjon
som tar mål av seg til å vere ein spydspiss innafor kulturlivet, må våge å ha
ein open dialog med kulturliv og samfunnsliv før vedtak blir fatta. Den må også
føre ein open politikk som skaper tillit til at kvalitet er eit viktig element
i vurdering av kva som skal finansierast.

Innlegget frå Cultiva legg vekt på at stiftelsen ikkje har brote nokre spelereglar. Å halde seg innafor regelverket er mildt sagt ei lite ambisiøs målsetting for ein organisasjon som har innovasjon, nytenking og kreativitet nedfelt i sine vedtekter. Til overmål blir det lagt vekt på at Cultiva er ein sjølvstendig stiftelse som ikkje treng bry seg om pressgrupper som i dette tilfelle er engasjerte personar og grupper med interesse for kultur og samfunnsutvikling. Så lettvint avvising av andre syn, og så sjølvgod haldning til alternative tankar passar dårleg til ein organisasjon som Cultiva.

Cultiva blei skapt av midlar som elles ville ha gått til kommunekassa i Kristiansand, og som dermed blei tatt ut av normal folkevald kontroll. Denne prosessen blei i ei evaluering karakterisert som lite demokratisk. Dei som kjempa fram ei slik løysing, var tydeleg vis opptatt av å skape ein organisasjon som hadde ein annan funksjon enn dei kommunale organa. No er vi i ferd med å få ein organisasjon som overlappar ein offentleg etat, men utan å vere underlagt dei same demokratiske prinsippa som kommunale organ. Det er underleg at Cultiva ikkje er villig til å erkjenne denne viktige prinsipielle problemstillinga.

No har vi fått signal om at Cultiva ikkje har midlar å dele ut med det første. Kanskje styret då kunne ta ein liten tenkjepause framfor å sende ut meldingar om at vi bør la vere å bry oss dersom vi ikkje legg oss flate for det handlekraftige styret.

Alf

Kompetanse like viktig som energi

Dette innlegget står på trykk i Dagens Næringsliv i dag.

Fornybar energi er ein viktig ressurs for Norge og for norsk prosessindustri. Men denne ressursen blir mindre verdt dersom vi ikkje klarer å oppretthalde eit leiande teknologisk nivå. Det kan vere like viktig å hindre utflagging og forvitring av kompetanse som å sikre tilgang på kraft. Utan sterke kompetansemiljø kan vi få stagnasjon i  utvikling og innovasjon slik at vi berre blir ei energiressurs for utanlandske konsern.

Utanlandsk kapital har alltid spelt ei viktig rolle i norsk prosessindustri, og utanlandske konsern har vore med på å utvikla denne næringa her i landet. Men det er bekymringsfullt dersom det meste av kompetansen i ei nøkkelnæring kjem på utanlandske hender.  Det er dette debatten om utanlandsk kontra norsk eigarskap i industrien bør handle om.

Norsk prosessindustri har gjennomgått ei rivande utvikling dei siste tiåra, og den har langt på veg overlevd på grunn av stor omstillingsevne. Elkem i Kristiansand hadde ikkje eksistert i dag utan revolusjonerande ny teknologi. Satsing på kostnadskutt i den tradisjonelle marknaden var ikkje lenger eit alternativ. Og det finst mange liknande eksempel med ulik grad av omstilling.

Elkem forsking har ikkje berre utvikla teknologien for Elkem Solar. Fagmiljøet har hatt ei dominerande rolle i høgtemperatur  prosessutvikling nasjonalt og globalt. Det blir spennande å sjå kor tungt Bluestar vil satse på teknologiutvikling her i landet. Ikkje minst blir det spanande å sjå om det blir rom for teknologiutvikling utover etablerte forretningsområde slik det har vore tradisjon for i Elkem forsking.

Og her er vi ved kjernen i problemet. I eit land med vårt kostnadsnivå vil  prosessindustri trenge banebrytande innovasjon utanfor etablerte forretningsområde også i framtida. Spørsmålet er om dei utanlandske selskapa vil legge denne delen av si forsking i Norge. Statleg deleigarskap i nøkkelbedrifter i  strategiske bransjar kan bidra til nettopp dette.

Skal vi hindre avindustrialisering av Norge, er det viktig å ta debatten om korleis vi skal sikre kompetanse og fagmiljø som kan utvikle neste generasjons industri her i landet. Her er nasjonalt eigarskap eit viktig element. I dag er debatten fokusert på energiforsyning, og det er viktig. Men strategisk kompetanse må også vere med i debatten om vi skal unngå å bli pressa over på produkt der konkurransen primært går på pris.

Alf