«Grunnfinansieringen for de nye universitetene blir ikke rikket av denne regjeringen, slår kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fast.» Denne bastante fråsegna som har dramatiske konsekvensar for Universitetet i Agder (UiA), kan vi lese i Forskarforum.
UiA blir framleis finansiert som ein høgskole. Dei nye universiteta får berre halvparten så mykje til forsking som dei eldre universiteta. Denne forskjellen i basisfinansiering utgjer svært store summar for UiA – så store at det er utenkjeleg å kompensere det på andre måtar.
Då det sokalla Mjøs-utvalet opna for nye universitet, låg det i korta at ein ikkje skulle endre finansieringa for dei institusjonane som klarte krava til «opprykk». Men etter kvart var det fleire og fleire som såg det urettferdige i denne ordninga. Stortingsrepresentantane frå Agder er blant dei som har engasjert seg i denne saka, og opposisjonspolitikarane utfordra oss som var i regjeringsposisjon.
I fjor fekk vi gjennomslag for å setje ned ein komite som skulle foreslå nytt finansieringssystem for universitets- og høgskolesektoren. Dermed fekk vi ei opning for å retta opp det urettferdige systemet. Men det første den nye regjeringa gjorde, var å oppløyse komiteen. Og no har Torbjørn Røe Isaksen sagt eit endeleg nei til rettferd for UiA og dei andre nye universiteta. Generell auke i budsjettrammene for sektoren vil aldri kunne kompensere for den urettferdige basisfinansieringa. Så no må vi legge hovuda i bløyt og finne ein ny strategi.
Alf