Tag Archives: eierskap

Næringspolitikken i regjeringsplattforma må utfordrast

Hordaland1Det har komme mange reaksjonar på regjeringsplattforma til dei 4xblå. Men førebels har eg ikkje sett nokon som har uttalt seg om næringspolitikken. Kanskje er det fordi den inneheld lite nytt med hovudvekt på skattelette og privatisering. Men det er all grunn til å stille ein del kritiske spørsmål til den liberalistiske næringspolitikken til dei blå.

Statleg eigarskap
Då Noreg fant olje i Nordsjøen og stor overfor ei dramatisk industriomstilling, spelte det statlege eigarskapet ei sentral rolle. Det sikra at avkastinga frå naturressursane kom fellesskapet til gode og la grunnlaget for framveksten av eit norsk i industrieventyr med ein verdsleiande  leverandørindustri.

I dag står vi overfor ei ny dramatisk omstilling. Regjeringsplattforma har mange fine ord om at vi må utvikle ein ny grøn industri. Men den har ikkje eit ord om korleis den vil bruke det statlege eigarskapet for å nå dette målet. Den seier ingen ting om å bruke statlege verksemder som motor i omstillinga, eller om kvar staten bør investere i ny industri for å bygge eit  nytt grønt næringsliv. Dette viser farleg mangel på handlekraft i arbeidet for å legge om til eit framtidsretta næringsliv for nullutsleppssamfunnet.

Naturverdiar høyrer folket til
Regjeringsplattforma inneheld ein del om å satse på mineralindustri, men heller ikkje her klarer dei blåblå å sjå behovet for statleg eigarskap. Vi klarte å sikre vasskrafta for fellesskapet gjennom heimfallsrett og offentleg eigarskap. Men når det gjeld oppdrett og vindkraft, så har vi gitt i frå oss naturressursane for all framtid. Vi kan ikkje gjere den same feilen med ei eventuell mineralnæring. I tillegg kjem at dei internasjonale selskapa i denne bransjen har eit frynsete rykte i forhold til helse, miljø og tryggleik.

Privatisering
Ikkje uventa legg plattforma til rette for meir privatisering, blant anna ved å snakke om likeverdige konkurransevilkår mellom offentleg og privat sektor. Det blir ikkje meir verdiskaping av å flytte samfunnsoppgåver frå det offentlege og til private konsern. Snarare vil det føre til eit svakare tilbod av offentlege tenester som næringslivet er avhengig av. I staden for å legge til rette for at private kan overta offentlege oppgåver, bør vi i desse omstillingstider bruke energien og kapitalen på å hjelpe næringslivet til å bidra til grøn industriutvikling. Plattforma seier ein del om det grøne skiftet, men privatisering er ikkje noko bidrag til ei slik utvikling.

Trepartssamarbeidet
Plattforma nemner også trepartssamarbeidet i positive vendingar. Men det er tydeleg at dei blå ikkje har forståing for kor viktig det er med ei sterk fagrørsle i den norske modellen. Fagforeiningsfrådraget skal stå fast utan prisjustering, og dei som vel å stå utanfor det solidariske fellesskapet, blir omtalt i positive vendingar. Det nyttar lite å snakke positivt om høg organisasjonsgrad når ein ikkje viser det med engasjement og handling.

Skal vi klare den nødvendige omstillinga når oljealderen no går mot slutten, må vi ha ein langt meir offensiv næringspolitikk som bygger på den norske modellen, ikkje ein næringsnøytral politikk med hovudvekt på skattelette og privatisering.

 

Kompetanse like viktig som energi

Dette innlegget står på trykk i Dagens Næringsliv i dag.

Fornybar energi er ein viktig ressurs for Norge og for norsk prosessindustri. Men denne ressursen blir mindre verdt dersom vi ikkje klarer å oppretthalde eit leiande teknologisk nivå. Det kan vere like viktig å hindre utflagging og forvitring av kompetanse som å sikre tilgang på kraft. Utan sterke kompetansemiljø kan vi få stagnasjon i  utvikling og innovasjon slik at vi berre blir ei energiressurs for utanlandske konsern.

Utanlandsk kapital har alltid spelt ei viktig rolle i norsk prosessindustri, og utanlandske konsern har vore med på å utvikla denne næringa her i landet. Men det er bekymringsfullt dersom det meste av kompetansen i ei nøkkelnæring kjem på utanlandske hender.  Det er dette debatten om utanlandsk kontra norsk eigarskap i industrien bør handle om.

Norsk prosessindustri har gjennomgått ei rivande utvikling dei siste tiåra, og den har langt på veg overlevd på grunn av stor omstillingsevne. Elkem i Kristiansand hadde ikkje eksistert i dag utan revolusjonerande ny teknologi. Satsing på kostnadskutt i den tradisjonelle marknaden var ikkje lenger eit alternativ. Og det finst mange liknande eksempel med ulik grad av omstilling.

Elkem forsking har ikkje berre utvikla teknologien for Elkem Solar. Fagmiljøet har hatt ei dominerande rolle i høgtemperatur  prosessutvikling nasjonalt og globalt. Det blir spennande å sjå kor tungt Bluestar vil satse på teknologiutvikling her i landet. Ikkje minst blir det spanande å sjå om det blir rom for teknologiutvikling utover etablerte forretningsområde slik det har vore tradisjon for i Elkem forsking.

Og her er vi ved kjernen i problemet. I eit land med vårt kostnadsnivå vil  prosessindustri trenge banebrytande innovasjon utanfor etablerte forretningsområde også i framtida. Spørsmålet er om dei utanlandske selskapa vil legge denne delen av si forsking i Norge. Statleg deleigarskap i nøkkelbedrifter i  strategiske bransjar kan bidra til nettopp dette.

Skal vi hindre avindustrialisering av Norge, er det viktig å ta debatten om korleis vi skal sikre kompetanse og fagmiljø som kan utvikle neste generasjons industri her i landet. Her er nasjonalt eigarskap eit viktig element. I dag er debatten fokusert på energiforsyning, og det er viktig. Men strategisk kompetanse må også vere med i debatten om vi skal unngå å bli pressa over på produkt der konkurransen primært går på pris.

Alf