Kompetanse like viktig som energi

Dette innlegget står på trykk i Dagens Næringsliv i dag.

Fornybar energi er ein viktig ressurs for Norge og for norsk prosessindustri. Men denne ressursen blir mindre verdt dersom vi ikkje klarer å oppretthalde eit leiande teknologisk nivå. Det kan vere like viktig å hindre utflagging og forvitring av kompetanse som å sikre tilgang på kraft. Utan sterke kompetansemiljø kan vi få stagnasjon i  utvikling og innovasjon slik at vi berre blir ei energiressurs for utanlandske konsern.

Utanlandsk kapital har alltid spelt ei viktig rolle i norsk prosessindustri, og utanlandske konsern har vore med på å utvikla denne næringa her i landet. Men det er bekymringsfullt dersom det meste av kompetansen i ei nøkkelnæring kjem på utanlandske hender.  Det er dette debatten om utanlandsk kontra norsk eigarskap i industrien bør handle om.

Norsk prosessindustri har gjennomgått ei rivande utvikling dei siste tiåra, og den har langt på veg overlevd på grunn av stor omstillingsevne. Elkem i Kristiansand hadde ikkje eksistert i dag utan revolusjonerande ny teknologi. Satsing på kostnadskutt i den tradisjonelle marknaden var ikkje lenger eit alternativ. Og det finst mange liknande eksempel med ulik grad av omstilling.

Elkem forsking har ikkje berre utvikla teknologien for Elkem Solar. Fagmiljøet har hatt ei dominerande rolle i høgtemperatur  prosessutvikling nasjonalt og globalt. Det blir spennande å sjå kor tungt Bluestar vil satse på teknologiutvikling her i landet. Ikkje minst blir det spanande å sjå om det blir rom for teknologiutvikling utover etablerte forretningsområde slik det har vore tradisjon for i Elkem forsking.

Og her er vi ved kjernen i problemet. I eit land med vårt kostnadsnivå vil  prosessindustri trenge banebrytande innovasjon utanfor etablerte forretningsområde også i framtida. Spørsmålet er om dei utanlandske selskapa vil legge denne delen av si forsking i Norge. Statleg deleigarskap i nøkkelbedrifter i  strategiske bransjar kan bidra til nettopp dette.

Skal vi hindre avindustrialisering av Norge, er det viktig å ta debatten om korleis vi skal sikre kompetanse og fagmiljø som kan utvikle neste generasjons industri her i landet. Her er nasjonalt eigarskap eit viktig element. I dag er debatten fokusert på energiforsyning, og det er viktig. Men strategisk kompetanse må også vere med i debatten om vi skal unngå å bli pressa over på produkt der konkurransen primært går på pris.

Alf

2 responses to “Kompetanse like viktig som energi

  1. En behøver ikke engang sette kompetanse opp mot energi. Høy kompetanse er en forutsetning for å bruke MINDRE energi – dette er helt vesentlig for fremtiden.

    Så spørs det om Norge vil være villig til å bruke ressuser på å velge framtiden, eller om vi prioriterer ett til to tiår til med fossil energiopphenting. Jeg tror vi er i ferd med å pisse i buksa. Det er varmt og godt med en gang, men ingen god løsning på lang sikt!

    Liker

  2. Hei Lars
    Eg er heilt samd i dine supplerande kommentarar. Mitt utgangspunkt i den debatten som førde til dette innlegget, var at vi har ein brei debatt om fornybar energi, men ikkje om korleis vi best skal bruke den for å skape grøne arbeidsplassar, samt korleis vi skal spare energi.
    Satsar vi for lite på kompetanse, blir det globale konsern som styrer utviklinga på dette området her i landet.
    Alf

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s