Tag Archives: forskning

Dei trippelblå med kommersialisering av forsking

UiA-2I samarbeidsavtalen som ligg til grunn for den trippelblå regjeringa, står det blant anna: «Tilrettelegge bedre for kommersialisering av forskning blant studenter og forskere» Eg reknar med at dette er ein skrivefeil, og at det er forskingsresultat og ikkje forsking dei vil kommersialisere. Men ein kan komme i tvil når ein les resten av avsnittet om forsking og høgare utdanning, for det er gjennomsyra av målstyringsideologi og kommersialisme.

Eit punkt som ikkje er skrivefeil, er dette: «Ta initiativ til en mulighetsstudie for å se på ulike tilknytningsformer for universitets- og høyskolesektoren, som for eksempel foretaksmodellen, for å sikre mer uavhengige institusjoner.» Sist dette blei foreslått av det Ryssdalutvalet og Kristen Clemet for femten år sidan, blei det blankt avvist av sektoren. Engasjementet var så sterkt at folk tok til gatene.

Den trippelblå regjeringa grunngjev dette forslaget mede eit ønske om å gi institusjonane større handlefridom. Men eg er redd resultatet blir meir målstyring og kommersialisme, ikkje meir akademisk fridom. Det vi treng i dag er uavhengig forsking som ikkje lar seg påverka verken av kommersielle eller politiske interesser, eller av institusjonsleiarar som er under økonomisk press. Det er ikkje urimeleg at dei som finansierer forskinga, kan gi visse føringar for kva område ein skal forske på. Men det må aldri oppstå misstanke om at forskingsresultata blir tilpassa behova til ein kommersiell eller politisk aktør.

Foretaksmodellen kan lett føre til at institusjonane brukar ressursar på innbyrdes konkurranse om dei mest populære studia og forskingsområda, framfor å oppretthalde mangfald og bygge nasjonale lag på enkelte tunge satsingsområde. Erfaringa frå helsesektoren som har hatt denne modellen ei tid, freistar ikkje til å ta den i bruk på nye område. Den sterkaste kritikken mot foretaksmodellen i helsesektoren går nettopp på at økonomistyring har dominert over faglege vurderingar.

I helsesektoren har vi gradvis bytta ut fagfolk og samfunnsrepresentantar med såkalla profesjonelle styrerepresentantar. Eg ser lite lysteleg på ei slik utvikling i universitetssektoren. Enkelte rektorar ser fram til å få større økonomisk handlefridom. Men eg er ikkje så sikker på om sektoren er tent med at universitet skal setje seg i gjeld som kan redusere framtidig handlefridom, eller inngå store kommersielle samarbeidsavtaler som kan påverke forskingsprioriteringar.

Det er synd at Krf og Grøvan alt har gått ut og støtta dette.

Alf

Kompetanse like viktig som energi

Dette innlegget står på trykk i Dagens Næringsliv i dag.

Fornybar energi er ein viktig ressurs for Norge og for norsk prosessindustri. Men denne ressursen blir mindre verdt dersom vi ikkje klarer å oppretthalde eit leiande teknologisk nivå. Det kan vere like viktig å hindre utflagging og forvitring av kompetanse som å sikre tilgang på kraft. Utan sterke kompetansemiljø kan vi få stagnasjon i  utvikling og innovasjon slik at vi berre blir ei energiressurs for utanlandske konsern.

Utanlandsk kapital har alltid spelt ei viktig rolle i norsk prosessindustri, og utanlandske konsern har vore med på å utvikla denne næringa her i landet. Men det er bekymringsfullt dersom det meste av kompetansen i ei nøkkelnæring kjem på utanlandske hender.  Det er dette debatten om utanlandsk kontra norsk eigarskap i industrien bør handle om.

Norsk prosessindustri har gjennomgått ei rivande utvikling dei siste tiåra, og den har langt på veg overlevd på grunn av stor omstillingsevne. Elkem i Kristiansand hadde ikkje eksistert i dag utan revolusjonerande ny teknologi. Satsing på kostnadskutt i den tradisjonelle marknaden var ikkje lenger eit alternativ. Og det finst mange liknande eksempel med ulik grad av omstilling.

Elkem forsking har ikkje berre utvikla teknologien for Elkem Solar. Fagmiljøet har hatt ei dominerande rolle i høgtemperatur  prosessutvikling nasjonalt og globalt. Det blir spennande å sjå kor tungt Bluestar vil satse på teknologiutvikling her i landet. Ikkje minst blir det spanande å sjå om det blir rom for teknologiutvikling utover etablerte forretningsområde slik det har vore tradisjon for i Elkem forsking.

Og her er vi ved kjernen i problemet. I eit land med vårt kostnadsnivå vil  prosessindustri trenge banebrytande innovasjon utanfor etablerte forretningsområde også i framtida. Spørsmålet er om dei utanlandske selskapa vil legge denne delen av si forsking i Norge. Statleg deleigarskap i nøkkelbedrifter i  strategiske bransjar kan bidra til nettopp dette.

Skal vi hindre avindustrialisering av Norge, er det viktig å ta debatten om korleis vi skal sikre kompetanse og fagmiljø som kan utvikle neste generasjons industri her i landet. Her er nasjonalt eigarskap eit viktig element. I dag er debatten fokusert på energiforsyning, og det er viktig. Men strategisk kompetanse må også vere med i debatten om vi skal unngå å bli pressa over på produkt der konkurransen primært går på pris.

Alf

Når oljealdren er over

Denne veka stod innovasjon på dagsorden i stortinget. Her er mitt innlegg i debatten:

Eg synest høgrepartia her i salen har ein tendens til å svartmale situasjonen. Det finst mange ulike rangeringar som prøver å seie noko om innovasjonsevne, og dei måler litt ulike ting. Eg vil peike på ei rangering frå den anerkjente institusjonen IMD. Der kjem Noreg på 9. plass og har rykka fram tre plassar sidan i fjor. Det er berre eitt europeisk land som ligg føre Noreg på denne statistikken.
Så vil eg ta opp nokre innovasjonsfremmande forhold som opposisjonen gjerne overser.

Velferdsstaten fremmar innovasjon
Høgrepartia har ein tendens til å sjå på velferdsstaten som ein belastning på næringslivet. Men den er grunnlaget for det omstillingsvennlege og innovative næringslivet vi har her i landet. Tryggleik frigir tid og energi til å satse.
I sommar var eg på ein konferanse om gründerskap saman med årets kvinnelege gründer. Ho sa blant anna at barnehageplass var ein av dei viktigaste suksessfaktorane for hennar gründerskap og innovasjon.

Miljø
Eit anna forhold som utløyser innovasjon, er miljøansvar og miljøkrav. Dei miljøkrava industrien fekk i 80- og 90-åra utløyste ein av dei mest innovative periodane i norsk industri. Utan denne satsinga hadde industrien vore langt mindre konkurransedyktig i dag.
I dagens situasjon kan for eksempel energikrav til bygningar og miljøkrav til skip utløyse ny innovasjon i byggenæringa og i verftsindustrien og offshoreindustrien.

Aktivt statleg eigarskap
Ein av dei mest konkurransedyktige næringane vi har her i landet, er offshore leverandørindustrien. Den blei bygd opp på grunn av eit sterkt statleg eigarskap i oljesektoren i Nordsjøen. Det statlege eigarskapet  i Nordsjøen blei brukt til å skape innovasjon i norsk leverandørindustri som no er verdsleiande.

Samarbeid mellom store og små
Dersom vi ser på statistikkane frå Statistisk sentralbyrå så finn vi at produkt- og prosessinnovasjonen er størst i dei store bedriftene. Samtidig er vi avhengige av dei små og mellomstore bedriftene som det er flest av. Og vi treng gründerbedriftene. Derfor meiner SV at det er viktig å stimulere til samarbeid mellom små og store bedrifter og universitet eller høgskolar.
Vi har ordningar som National Centre of  Excelence og ARENA der regjeringa gir støtte til slikt samarbeid, og det har vist seg å vere svært vellukka mange stader. Eg kan nemne NODE, Norwegian Offshore and Drilling Engineering, som har vore med og skapt ny giv i offshoreindustrien på Sørlandet. Og eg kan nemne Eyde-nettverket som organiserer prosessbedriftene på Sørlandet. Det er krevjande å samarbeide og konkurrere samtidig. Derfor er det viktig å bygge ut dei programma som støttar opp om slikt samarbeid. Og derfor er det synd at Høgre foreslår å kutte i desse finansieringsordningane.
Alf

Industrien må forske meir

Norske bedrifter satsar for lite på forsking, og statsbedriftene er ikkje noko unntak. Det er urovekkjande når vi veit at norsk næringsliv står overfor store omstillingar. Vi treng å utvikle relevant kunnskap for å møte desse utforringane. Når regjeringa no skal leggje fram ei ny stortingsmelding om statleg eigarskap, bør forsking og utvikling få ein naturleg plass i ein langsiktig eigarstrategi.

Erfaring tyder på at det er behov for klare føringar for at statsbedriftene skal følgje opp. Stortinget har slått fast ”betydningen av at industri- og teknologibedriftene som staten er en stor eier i, framover legger til grunn en strategi for økt forskning og utvikling.” Sitatet er frå førre gang Stortinget behandla staten sin eigarskapspolitikk. Alle partia med unntak av  H og FrP støtta dette. Men det ser ikkje ut til at statsbedriftene følgjer opp denne føringa frå Stortinget.

I 1999 brukte Telenor 1,6% av driftsinntektene til forsking og utvikling. I 2008 var det berre 0,6 % av driftsinntektene som blei brukt til dette formålet. I denne perioden er driftsinntektene tredobla, men investeringane i forsking og utvikling har stått stille. Rett nok har Telenor ekspandert gjennom oppkjøp, og det kan vere krevjande å auke forskingsaktiviteten i same tempo. Det kan også diskuterast om del av driftsinntektene er eit godt mål for forskingsinnsatsen. Men stagnasjonen i forsking og utvikling tyder ikkje på at selskapet har lagt til grunn ”en strategi for økt forsking og utvikling”.  

Vi har fått ein gryande debatt om norsk forsking. Men debatten dreiar seg stort sett om offentleg finansiert forsking som ligg på nivå med andre land. Merkeleg nok er det lite fokus på at næringslivet brukar mindre til forsking enn det som er vanleg i land det er naturleg å samanlikne seg med. Dette er svært uheldig i ein situasjon der næringslivet  står overfor store omstillingar for å tilpasse seg ein tøffare internasjonal konkurranse, og for gradvis å gjere seg mindre avhengig av oljeøkonomien.

Forsking og utvikling er eit viktig element i langsiktig bedriftsutvikling. Manglande forskingsinnsats er ein trussel mot konkurranseevne og sysselsetting, og til sjuande og sist mot norsk økonomi og samfunnsutvikling. Det er derfor behov for å setje fokus på auka forsking i næringslivet. Statsbedriftene bør ta denne utfordringa, ikkje berre for å vere eit førebilete, men for å sikre si eiga framtid. Stortinget har sagt i frå. Men når det ikkje gir resultat, må den nye eigarskapsmeldinga bli endå tydlegare på dette punktet.

Ein litt kortare variant av denne bloggposten har stått på trykt i VG.

Alf

Oljefelt utan arbeidsplassar i Fjaler

Frå Gjøa-feltet ser vi kystkommunane i Sunnfjord

Eg møter stadig stor interesse når eg er kring om i landet og diskuterer miljøteknologi. I går hadde vi ein spennande diskusjon i Dale i Sunnfjord. Det var ekstra hyggeleg å treffe mange kjente frå den tida eg voks opp i Dalsfjorden. SV-laget i Fjaler har lagt ut referat og bilete frå møtet.

I dag har ordføraren i Fjaler, Arve Helle, tatt meg med rundt i kommunen. Han gav meg eit godt argument mot dei som trur at oljeboring i Lofoten og Vesterålen vil skaffe mange arbeidsplassar på land i nærområdet. Frå kysten yst mot havet i Fjaler kan dei sjå Gjøa-feltet. Dei har all risikoen knytt til oljeaktiviteten, men ikkje ein einaste arbeidsplass.

Alf

Telenor neglisjerer føringar frå eigarane

Nyleg fekk om lag seksti forskarar og sivilingeniørar i Telenor melding om at dei er overtallige. Dette er eit nytt eksempel på at Telenor nedprioriterer forsking og utvikling stikk i strid med føringane i stortingsmeldinga om statleg eigarskap. 

I løpet av dei ti siste åra har FoU-innsatsen i Telenor blitt redusert frå 1,6% av omsetninga til 0,6% av omsetninga. Dette er å gå baklengs inn i ei framtid der kravet til kompetanse og innovasjonsevne stadig aukar. 

Norsk næringsliv brukar mindre på forsking enn gjennomsnittet i OECD. Dette er svært uheldig i ein situasjon der vi står overfor store omstillingsbehov og samfunnsutfordringar som krev kompetanse. Meldinga om statleg eigarskap peika derfor på at verksemder der staten er eigar eller medeigar skal satse offensivt på forsking og utvikling. Den nedtrappinga vi har sett i Telenor, kan vanskeleg kallast ei offensiv satsing.

Alf

Miljøteknologi Kristiansand-Kina

I morgon skal næringsministeren besøke Metallkraft sitt fabrikkanlegg i Kina. For nokre veker sidan var eg saman med Kristiansandsbedrifta Metallkraft i næringsdepartementet og diskuterte den satsinga som bedrifta no gjer blant anna i Kina. Ein av konklusjonane på dette møtet var at næringsministeren skal besøke anlegget i Kina for å bidra til å auke interessa for denne satsinga blant kinesiske styresmakter og finansieringsinstitusjonar. Dette er eit av mange eksempel på at Sørlandet no har blitt ein region for miljøteknologi, og at nasjonale styresmakter er i ferd med å fatte interesse for denne utviklinga. Satsinga til metallkraft er også eit eksempel på at miljøteknologi er ei eksportnæring.

Alf

101 tiltak utan forsking

Eg har i denne valkampen peika på at det er viktig å styrke Universitetet i Agder for å skape eit løft for kunnskap og arbeidsplassar på Sørlandet. I eit avisinnlegg til alle avisene på Agder går Åse Michaelsen til frontalangrep på denne visjonen. Det er mykje å seie til dette angrepet.

Alle nye forslag og visjonar blir i desse dagar avvist av dei borgarlege partia med spørsmål om kvifor regjeringa ikkje alt har gjennomført dei. Med erfaring frå ein brattlendt gard på Vestlandet og frå ulike arbeidsplassar har eg akseptert at samfunnet må byggast stein på stein. Alt kan ikkje vere gjort i går. Vi må heile tida setje oss nye mål og ha nye visjonar.

Michalsen lurer på kvifor ikkje eg som er både forskingsdirektør ved UiA og sentralt medlem av SV, har fullt gjennomslag i departementet. Dette spørsmålet er eg middels talt overraska over. Michalsen hadde vel ikkje venta at eg skulle blande rollene og bruke min politiske ståstad i jobben. Eg vonar det ikkje er slik FrP har tenkt å leie universiteta i Noreg.

UiA har fått litt ekstra midlar gjennom krisepakka og til spesielle tiltak, men det er langt i frå nok. Eg legg ikkje skjul på at eg kunne ønskje meg ei betre finansiering av UiA. Det er nettopp derfor eg har appellert til samarbeid på Agderbenken. Slike saker følgjer meir geografi enn partigrenser, på same måten som vegsakene.

Michaelsen peikar på ei rekke forslag som FrP har fremma utan å få gjennomslag i Stortinget. Det er lett å fremme forslag i opposisjon når ein ikkje har ansvar for budsjettballanse. Men det blir verre når makta nærmar seg. FrP har no lagt fram 101 tiltak for sine hundre første dagar i maktposisjon. Så langt eg har klart å lese, er det ikkje eit einaste punkt om forsking blant desse punkta. Det må falle Michaelsen som har representert FrP i utdanningskomiteen på Stortinget, tungt for brystet.

Alf

Sørlandsløftet

Etter tiår med marginalisering er det på tide å samle kreftene i eit felles løft for landsdelen – Sørlandsløftet.

Alf-Holmelid_gallerythumbnail

Skal Agderfylka få gjennomslagskraft handlar det om å stå saman og løfte fram visjonar som når ut over partipolitisk posisjonering.  Agder er ein spennande region med eit stort potensial for vidareutvikling. Dei to Agderfylka er leiande industrifylke med eit internasjonalt orientert næringsliv som har evna å satse på miljøteknologi. Regionen har fått på plass eit universitet som har vist evne til å samarbeide med arbeidsliv og samfunnsliv. Det er på tide at vi grip fatt i dette utgangspunktet for å gjere Agder til ein endå betre region å arbeide og bo i, og sikre at vi er godt skodd til å møter dei utfordringane vi står overfor.

Sørlandet  er leiande blant industriregionar i landet. Både prosessindustrien og olje- og gassindustrien er betre kjent i utlandet enn i Oslo. Til om med i vårt eige fylke er det mange som ikkje er klar over kor leiande sørlandsindustrien er, og kor sterk posisjon den har  internasjonalt. Berre for få år sidan var det mange som spådde at industrien på Sørlandet ville forsvinne, men slik har det ikkje gått. Tvert i mot.

Sørlandet ligg i tet når det gjeld miljøteknologi, men det er ein posisjon som vi må kjempe for å halde fast på. Vi må profilere miljøsatsinga og skape meir forsking og utvikling på dette området. Det er på tide at Agderbenken reiser krav om at Forskingsrådet, ENOVA og Innovasjon Noreg går saman med oss om å gjere Agder til ein pilotregion for miljøteknologi og miljøvennleg energi.

Miljøkrava og dei utfordringane som klimatrusselen skaper, er i ferd med å endre seg frå eit problem til ei muligheit  for industrien. Som eksempel kan vi nemne at det er 26000 arbeidsplassar i vindmølleindustrien i Danmark, og bedrifter på Sørlandet leverer komponentar til denne industrien. Noreg er eit høgkostland, og norsk industri har topp kompetanse på alle nivå frå operatør til forskar. Derfor har vi spesielt gode føresetnader for å skape framtidsretta arbeidsplassar som er levedyktige i eit klimavennleg samfunn.

Med støtte av mange gode krefter har Universitetet i Agder gjort eit krafttak og løfta seg etter håret frå høgskole til universitet. Engasjerte og entusiastiske tilsette har bygd opp kompetanse og utvida undervisnings- og forskingsaktiviteten. Men dei sentrale styresmaktene følgjer dårleg opp . UiA er framleis langt frå å få finasiering på nivå med andre norske universitet. Det går ikkje minst ut over forskingsaktiviteten som er ein viktig pilar i universitetsbygginga.

Den dårlege finansieringa gjer det vanskeleg for UiA å fylle den rolla universitetet vil ha i regionen. Det er etablert gode samarbeidsrelasjonar med arbeidsliv og samfunnsliv. Men med dårlegare finansiering enn andre universitet får ikkje regionen full utteljing for det potensialet som ligg i universitetsetableringa.  Den svake finansieringa av universitetet er også dårleg ressursutnytting i eit nasjonalt perspektiv. For å komme på nivå med dei etablerte universiteta treng UiA 150 millionar kroner ekstra pr år. Det er på tide at Agderbenken krev å få på plass ein opptrappingsplan over tre til fem år.

Universitetet er toppen av utdanningspyramiden. For å bygge det framtidige Agder er det viktig å styrke utdanninga på alle nivå. Vi må sikre god kvalitet i grunnskolen med tidleg innsats, og vi må skape ein vidaregåande skole som er tilpassa elevane og gir mindre fråfall. Eit element i dette er meir praksisretta undervisning. Kvalitet og trivsel i skolen er også eit sentralt tiltak for å redusere dei sosiale problema på Agder og skape ein livskraftig region.

Bedriftene på Agder har vist at samarbeid gjer dei i stand til å møte nye utfordringar. Dei har slått seg saman i organiserte nettverk som NODE-nettverket og Eyde-nettverket. Dette er fora der bedriftene samarbeider om viktige felles mål sjølv om dei konkurrerer på andre arenaer. Det er kanskje noko Agderbenken kan lære av.

Agderpolitikarane har dei siste åra hatt fokus på veg og samferdsel. Tida er no moden for eit nytt løft for kompetanse, miljø og  framtidsretta arbeidsplassar – det nye Sørlandsløftet. Agderbenken er utfordra.

Alf

Industrierfaring frå Agder på Stortinget

Lesarinnlegg i Farsund Avis:
Mine synspunkt på Listerkonferansen har utløyst ein interessant debatt med KrF og FrP. Den viser at desse to partia som skal samarbeide om det blir regjeringsskifte, har svært ulikt syn. Men debatten har også mange viktige industripolitiske poeng, og eg vil derfor be om spalteplass til å gå litt grundigare inn på eit par av dei.

I februar 2008 la ei nasjonal arbeidsgruppe fram eit strategidokument for energisektoren i Noreg, Energi21. Eit av dei sentrale punkta i Energi21 er at Noreg skal ”bli ein stor leverandør av miljøvennleg kraft til Europa”. Det er flott at Noreg har ambisjonar om å produsere mykje miljøvennleg energi. Men målet slik det er formulert i Energi21 er lettare å nå jo meir norsk kraftforedlande industri som blir lagt ned. Verken miljø eller sysselsetting er tent med at norsk industri blir lagt ned dersom den er leiande når det gjeld energieffektivitet og produktutvikling.

I SV sitt program fekk eg derfor endra visjonen til at Noreg skal bli eit land som kan eksportere miljøvennleg energi eller energikrevjande produkt produsert med miljøvennleg energi. Så lenge vår industri ligg i front når det gjeld energieffektivitet, er det minst like miljøvennleg å produsere med miljøvennleg energi i Noreg som å eksportere miljøvennleg energi. Forståing for dette resonnementet er ein grunnleggande føresetnad for å kunne drive energiforedlande industri på lengre sikt. Føresetnaden er at industrien klarar, slik Sørlandsindustrien har vist eksempel på, å ligge i front når det gjeld energieffektive prosessar og produktutvikling for eit klimavennleg samfunn.

Som medlem av Teknologirådet var eg med i ei arbeidsgruppe der det var representantar frå næringslivet og miljørørsla. Der blei det fokusert på at ein moderne industri er eit viktig element i eit samfunn som tar miljøet og klimatrusselen på alvor. I sluttrapporten blir det peika på at staten må gå sterkare inn med midlar til forsking, pilotanlegg og omstilling. Det har den raudgrøne regjeringa tatt fatt i. I år er det oppretta åtte nye forskingssenter for miljøvennleg energi og ei rekke andre store prosjekt er sett i gang. UiA er med i eit av forskingssentra og har fått andre prosjektmidlar i tillegg.

ENOVA som gir støtte til ny teknologi, har fått ein kraftig auke i sine rammer blant anna i samband med krisepakka. Det er ein del av desse midlane som no går til pilotanlegg for ny aluminiumsprosess. Krisepakka inneheldt også andre viktige tiltak for næringslivet. Olje- og gassnæringa på Sørlandet med små og store underleverandørar unngjekk ei dramatisk krise då rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt blei auka. På grunn av at den raudgrøne regjeringa har ført ein nøktern økonomisk politikk, hadde vi økonomisk handlefridom til å setje i verk nødvendige tiltak. Det er vel få som trur at ei borgarleg regjering på FrP sin nåde vil føre ein like ansvarleg økonomisk politikk.

Eg er ein engasjert og utålmodig person. Derfor sa eg på Listerkonferansen at eg gjerne hadde sett at det nye industrikraftregimet hadde komme på plass tidlegare. Men då skal det også seiast at sentrale personar i den førre borgarlege regjeringa hevda at det ikkje var mogeleg å få til eit brukbart industrikraftregime på grunn av EØS-reglane.

I debatten peika eg også på at forsking på miljøteknologi og miljøvennleg energi er eit viktig og heilt nødvendig første skritt, og her har den raudgrøne regjeringa med ein SV-ar i forskingsdepartementet tatt viktige grep. Men samtidig etterlyste eg betre økonomiske vilkår for investering i og produksjon av miljøvennleg energi. Her er det ulike syn på kva verkemiddel som er best, men mange meiner at grøne sertifikat er det mest effektive. Problemet er at fleire land bør vere med for å få tilstrekkeleg effekt, og forhandlingar med Sverige har vore kompliserte. Men heller ikkje her hadde den førre borgarlege regjeringa noko særleg å skryte av i sin periode.

Eg har jobba i industri og forskning på Sørlandet i over 30 år. Heilt sidan åttiåra har eg peika på at det ikkje treng vere nokon motsetnad mellom industripolitikk og miljøpolitikk. No er det etter kvart stadig fleire som seier det same. Men det er viktig å tenkje langsiktig og føre ein innsiktsfull debatt i ulike fora. Agder treng ein person med solid industrierfaring på Stortinget!

Alf Holmelid
1. kandidat for SV