Tag Archives: forskning

101 tiltak utan forsking

Eg har i denne valkampen peika på at det er viktig å styrke Universitetet i Agder for å skape eit løft for kunnskap og arbeidsplassar på Sørlandet. I eit avisinnlegg til alle avisene på Agder går Åse Michaelsen til frontalangrep på denne visjonen. Det er mykje å seie til dette angrepet.

Alle nye forslag og visjonar blir i desse dagar avvist av dei borgarlege partia med spørsmål om kvifor regjeringa ikkje alt har gjennomført dei. Med erfaring frå ein brattlendt gard på Vestlandet og frå ulike arbeidsplassar har eg akseptert at samfunnet må byggast stein på stein. Alt kan ikkje vere gjort i går. Vi må heile tida setje oss nye mål og ha nye visjonar.

Michalsen lurer på kvifor ikkje eg som er både forskingsdirektør ved UiA og sentralt medlem av SV, har fullt gjennomslag i departementet. Dette spørsmålet er eg middels talt overraska over. Michalsen hadde vel ikkje venta at eg skulle blande rollene og bruke min politiske ståstad i jobben. Eg vonar det ikkje er slik FrP har tenkt å leie universiteta i Noreg.

UiA har fått litt ekstra midlar gjennom krisepakka og til spesielle tiltak, men det er langt i frå nok. Eg legg ikkje skjul på at eg kunne ønskje meg ei betre finansiering av UiA. Det er nettopp derfor eg har appellert til samarbeid på Agderbenken. Slike saker følgjer meir geografi enn partigrenser, på same måten som vegsakene.

Michaelsen peikar på ei rekke forslag som FrP har fremma utan å få gjennomslag i Stortinget. Det er lett å fremme forslag i opposisjon når ein ikkje har ansvar for budsjettballanse. Men det blir verre når makta nærmar seg. FrP har no lagt fram 101 tiltak for sine hundre første dagar i maktposisjon. Så langt eg har klart å lese, er det ikkje eit einaste punkt om forsking blant desse punkta. Det må falle Michaelsen som har representert FrP i utdanningskomiteen på Stortinget, tungt for brystet.

Alf

Sørlandsløftet

Etter tiår med marginalisering er det på tide å samle kreftene i eit felles løft for landsdelen – Sørlandsløftet.

Alf-Holmelid_gallerythumbnail

Skal Agderfylka få gjennomslagskraft handlar det om å stå saman og løfte fram visjonar som når ut over partipolitisk posisjonering.  Agder er ein spennande region med eit stort potensial for vidareutvikling. Dei to Agderfylka er leiande industrifylke med eit internasjonalt orientert næringsliv som har evna å satse på miljøteknologi. Regionen har fått på plass eit universitet som har vist evne til å samarbeide med arbeidsliv og samfunnsliv. Det er på tide at vi grip fatt i dette utgangspunktet for å gjere Agder til ein endå betre region å arbeide og bo i, og sikre at vi er godt skodd til å møter dei utfordringane vi står overfor.

Sørlandet  er leiande blant industriregionar i landet. Både prosessindustrien og olje- og gassindustrien er betre kjent i utlandet enn i Oslo. Til om med i vårt eige fylke er det mange som ikkje er klar over kor leiande sørlandsindustrien er, og kor sterk posisjon den har  internasjonalt. Berre for få år sidan var det mange som spådde at industrien på Sørlandet ville forsvinne, men slik har det ikkje gått. Tvert i mot.

Sørlandet ligg i tet når det gjeld miljøteknologi, men det er ein posisjon som vi må kjempe for å halde fast på. Vi må profilere miljøsatsinga og skape meir forsking og utvikling på dette området. Det er på tide at Agderbenken reiser krav om at Forskingsrådet, ENOVA og Innovasjon Noreg går saman med oss om å gjere Agder til ein pilotregion for miljøteknologi og miljøvennleg energi.

Miljøkrava og dei utfordringane som klimatrusselen skaper, er i ferd med å endre seg frå eit problem til ei muligheit  for industrien. Som eksempel kan vi nemne at det er 26000 arbeidsplassar i vindmølleindustrien i Danmark, og bedrifter på Sørlandet leverer komponentar til denne industrien. Noreg er eit høgkostland, og norsk industri har topp kompetanse på alle nivå frå operatør til forskar. Derfor har vi spesielt gode føresetnader for å skape framtidsretta arbeidsplassar som er levedyktige i eit klimavennleg samfunn.

Med støtte av mange gode krefter har Universitetet i Agder gjort eit krafttak og løfta seg etter håret frå høgskole til universitet. Engasjerte og entusiastiske tilsette har bygd opp kompetanse og utvida undervisnings- og forskingsaktiviteten. Men dei sentrale styresmaktene følgjer dårleg opp . UiA er framleis langt frå å få finasiering på nivå med andre norske universitet. Det går ikkje minst ut over forskingsaktiviteten som er ein viktig pilar i universitetsbygginga.

Den dårlege finansieringa gjer det vanskeleg for UiA å fylle den rolla universitetet vil ha i regionen. Det er etablert gode samarbeidsrelasjonar med arbeidsliv og samfunnsliv. Men med dårlegare finansiering enn andre universitet får ikkje regionen full utteljing for det potensialet som ligg i universitetsetableringa.  Den svake finansieringa av universitetet er også dårleg ressursutnytting i eit nasjonalt perspektiv. For å komme på nivå med dei etablerte universiteta treng UiA 150 millionar kroner ekstra pr år. Det er på tide at Agderbenken krev å få på plass ein opptrappingsplan over tre til fem år.

Universitetet er toppen av utdanningspyramiden. For å bygge det framtidige Agder er det viktig å styrke utdanninga på alle nivå. Vi må sikre god kvalitet i grunnskolen med tidleg innsats, og vi må skape ein vidaregåande skole som er tilpassa elevane og gir mindre fråfall. Eit element i dette er meir praksisretta undervisning. Kvalitet og trivsel i skolen er også eit sentralt tiltak for å redusere dei sosiale problema på Agder og skape ein livskraftig region.

Bedriftene på Agder har vist at samarbeid gjer dei i stand til å møte nye utfordringar. Dei har slått seg saman i organiserte nettverk som NODE-nettverket og Eyde-nettverket. Dette er fora der bedriftene samarbeider om viktige felles mål sjølv om dei konkurrerer på andre arenaer. Det er kanskje noko Agderbenken kan lære av.

Agderpolitikarane har dei siste åra hatt fokus på veg og samferdsel. Tida er no moden for eit nytt løft for kompetanse, miljø og  framtidsretta arbeidsplassar – det nye Sørlandsløftet. Agderbenken er utfordra.

Alf

Industrierfaring frå Agder på Stortinget

Lesarinnlegg i Farsund Avis:
Mine synspunkt på Listerkonferansen har utløyst ein interessant debatt med KrF og FrP. Den viser at desse to partia som skal samarbeide om det blir regjeringsskifte, har svært ulikt syn. Men debatten har også mange viktige industripolitiske poeng, og eg vil derfor be om spalteplass til å gå litt grundigare inn på eit par av dei.

I februar 2008 la ei nasjonal arbeidsgruppe fram eit strategidokument for energisektoren i Noreg, Energi21. Eit av dei sentrale punkta i Energi21 er at Noreg skal ”bli ein stor leverandør av miljøvennleg kraft til Europa”. Det er flott at Noreg har ambisjonar om å produsere mykje miljøvennleg energi. Men målet slik det er formulert i Energi21 er lettare å nå jo meir norsk kraftforedlande industri som blir lagt ned. Verken miljø eller sysselsetting er tent med at norsk industri blir lagt ned dersom den er leiande når det gjeld energieffektivitet og produktutvikling.

I SV sitt program fekk eg derfor endra visjonen til at Noreg skal bli eit land som kan eksportere miljøvennleg energi eller energikrevjande produkt produsert med miljøvennleg energi. Så lenge vår industri ligg i front når det gjeld energieffektivitet, er det minst like miljøvennleg å produsere med miljøvennleg energi i Noreg som å eksportere miljøvennleg energi. Forståing for dette resonnementet er ein grunnleggande føresetnad for å kunne drive energiforedlande industri på lengre sikt. Føresetnaden er at industrien klarar, slik Sørlandsindustrien har vist eksempel på, å ligge i front når det gjeld energieffektive prosessar og produktutvikling for eit klimavennleg samfunn.

Som medlem av Teknologirådet var eg med i ei arbeidsgruppe der det var representantar frå næringslivet og miljørørsla. Der blei det fokusert på at ein moderne industri er eit viktig element i eit samfunn som tar miljøet og klimatrusselen på alvor. I sluttrapporten blir det peika på at staten må gå sterkare inn med midlar til forsking, pilotanlegg og omstilling. Det har den raudgrøne regjeringa tatt fatt i. I år er det oppretta åtte nye forskingssenter for miljøvennleg energi og ei rekke andre store prosjekt er sett i gang. UiA er med i eit av forskingssentra og har fått andre prosjektmidlar i tillegg.

ENOVA som gir støtte til ny teknologi, har fått ein kraftig auke i sine rammer blant anna i samband med krisepakka. Det er ein del av desse midlane som no går til pilotanlegg for ny aluminiumsprosess. Krisepakka inneheldt også andre viktige tiltak for næringslivet. Olje- og gassnæringa på Sørlandet med små og store underleverandørar unngjekk ei dramatisk krise då rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt blei auka. På grunn av at den raudgrøne regjeringa har ført ein nøktern økonomisk politikk, hadde vi økonomisk handlefridom til å setje i verk nødvendige tiltak. Det er vel få som trur at ei borgarleg regjering på FrP sin nåde vil føre ein like ansvarleg økonomisk politikk.

Eg er ein engasjert og utålmodig person. Derfor sa eg på Listerkonferansen at eg gjerne hadde sett at det nye industrikraftregimet hadde komme på plass tidlegare. Men då skal det også seiast at sentrale personar i den førre borgarlege regjeringa hevda at det ikkje var mogeleg å få til eit brukbart industrikraftregime på grunn av EØS-reglane.

I debatten peika eg også på at forsking på miljøteknologi og miljøvennleg energi er eit viktig og heilt nødvendig første skritt, og her har den raudgrøne regjeringa med ein SV-ar i forskingsdepartementet tatt viktige grep. Men samtidig etterlyste eg betre økonomiske vilkår for investering i og produksjon av miljøvennleg energi. Her er det ulike syn på kva verkemiddel som er best, men mange meiner at grøne sertifikat er det mest effektive. Problemet er at fleire land bør vere med for å få tilstrekkeleg effekt, og forhandlingar med Sverige har vore kompliserte. Men heller ikkje her hadde den førre borgarlege regjeringa noko særleg å skryte av i sin periode.

Eg har jobba i industri og forskning på Sørlandet i over 30 år. Heilt sidan åttiåra har eg peika på at det ikkje treng vere nokon motsetnad mellom industripolitikk og miljøpolitikk. No er det etter kvart stadig fleire som seier det same. Men det er viktig å tenkje langsiktig og føre ein innsiktsfull debatt i ulike fora. Agder treng ein person med solid industrierfaring på Stortinget!

Alf Holmelid
1. kandidat for SV

Gi meg beskjed

Dette er noko av det eg vil arbeide for dersom eg kjem på Stortinget

Arbeidsplassar
• God miljøpolitikk er framtidsretta næringspolitikk. Elkem Solar i Kristiansand er et godt eksempel på at miljøteknologi sikrar arbeidsplassar. Eg vil kjempe for utvikling av miljøteknologi og fornybar energi – både for miljøet og for arbeidsplassane.

Miljø
• Eg vil kjempe for samankopling av Vestfoldbana og Sørlandsbana og høgfartstog til Sørlandet.
• Busstilbodet må bli betre og billigare.
• Vi må hindre nedbygging og privatisering av strandsona og den urørte fjellheimen.

Utdanning og forsking
• Eg vil kjempe for ein god offentlig fellesskole der alle kan lære meir. Vi må styrke bemanninga i skolen og gi leksehjelp i skoletida. Meir yrkesretta undervisning kan redusere fråfallet i skolen.
• Universitet i Agder må få ei auka og meir rettferdig basisfinansiering.

Solidaritet
• Vest-Agder ligg sist på alle likestillingsstatistikkar. Vi treng ein likelønnspott som hevar lønna i kvinnedominerte yrke.
• Eg vil arbeide for å gjenreise den sosiale bustadbygginga slik at det blir overkommeleg å få seg ein stad å bu. Det må byggast fleire ikkjekommersielle utleigebustader.

Ta heile Agder i bruk
• Eg er opptatt av å skape arbeidsplassar og gode levekår i hele fylket. Vi må stimulere til næringsutvikling og plassere offentlige arbeidsplassar også utanfor dei sentrale områda langs kysten.

La Agder bli hørt!
• Mange føler at politikarane forandrar seg og misser kontakten med sin bakgrunn når dei kjem på Stortinget
• Agder er lite synleg nasjonalt og får lite av dei nasjonale ressursane på mange område

Derfor vil eg bruke tid på å sikre at folk i Vest-Agder bli høyrt når eg kjem på Stortinget. Eg vil:
• Prioritere å besøke arbeidsplassar som ønskjer det
• Prioritere å besøkje organisasjonar og grupper som ønskjer det
• Etablere ei Gi-Alf-beskjed-nettside der alle vil få svar på relevante spørsmål
• Kjempe for å få fram eit riktig bilde av Agder i nasjonale fora
• Kjempe for å realisere sentrale satsingar i den nye felles fylkesplanen for Agderfylka (miljøteknologi, utdanning, velferd og likestilling)

Du finn meir om mine hjartesaker her: http://nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/valg_2009_sorlandet/1.6678229

Eg vil gjerne ha dine kommentarar og forslag 🙂