Tag Archives: tog

Siste sjanse for Sørlandsbana

Sist fredag la regjeringa fram sitt forslag til Nasjonal transportplan, NTP, for perioden 2022 til 2033. Planen har ikkje ei einaste krone til Sørlandsbana. Grenlandsbana som skulle redusere reisetida mellom Kristiansand og Oslo med over ein time, er ute av planen. Derimot er det ei stor satsing på firefelts motorveg mellom Oslo og Stavanger. Dette er eit opplegg for gradvis avvikling av Sørlandsbana som eit reelt transportalternativ. Ansvaret for denne utviklinga ligg på det store fleirtalet av regionale politikarar og regionale media som systematisk har prioritert motorveg framfor jernbane.

I tjue år har jernbaneentusiastar snakka om Grenlandsbana som skulle kople saman Sørlandsbana og Vestfoldbana og korte ned reisetida mellom Kristiansand og Oslo. Dersom du ser på kartet, så forstår du kvifor prosjektet har gått under namnet Genistreken. I 2013 blei det vedtatt å gjennomføre ei såkalla konseptvalutgreiing, og tre år seinare blei det lagt fram ei positiv innstilling. I gjeldande NTP er Grenlandsbana fyldig og positivt omtalt, og det er lagt inn midlar til planlegging og byggestart i slutten av perioden. Men i forslaget til ny transportplan er midlane tatt ut. Omtalen av prosjektet er kutta ned til ei enkelt setning der ein snakkar om den eventuelle Grenlandsbana. Det er heller ikkje sett av andre midlar til Sørlandsbana dei neste 12 åra.

Den totale neglisjeringa av Sørlandsbana og Grenlandsbana i forslaget til NTP burde få politikarane i Agder til å vakne. Dersom dette blir ståande gjennom behandlinga i Stortinget, vil planen bli eit vegkart for avvikling av togtilbodet på Sørlandet. Politikarane i Agder snakkar gjerne fint om miljøvenleg togtransport på seminar og i valkampar. Men når det kjem til dei harde realitetane, så er det motorveg som blir prioritert av fleirtalet i kommunestyre og fylkesting. Denne prioriteringa blir heia fram av media med  Fædrelandsvennen i spissen. Konsekvensane ser vi no i forslaget til transportplan. Vegprosjekt med tvilsam samfunnsnytte, høge kostnader, høge bompengar og store miljøinngrep blir prioritert framfor Sørlandsbana.

Ein av dei som har engasjert seg for Grenlandsbana og Sørlandsbana gjennom Jernbaneforum Sør, er tidlegare fylkesordførar Thore Westermoen frå KrF. Derfor er det overraskande at det er ein samferdselsminister frå KrF som kuttar all støtte til vidareutvikling av togtilbodet på Sørlandet i NTP. Skal vi få endra dette før endeleg vedtak, så må vi få ei brei mobilisering for Sørlandsbana. Fylkestinget kan ikkje nøye seg med å sende fromme ønske til sentrale styresmakter. Det er på tide å seie klart i frå om at vi kan redusere satsinga på deler av E39 og E18 for å sikre at Sørlandsbana overlever.

Samferdselsforskar Anders Langeland har i fleire innlegg her i avisa peika på faren for at Sørlandsbana kan bli marginalisert som transportalternativ. Vi ser ei systematisk svekking av konkurransekrafta til toget i forhold til privatbilen. Det blir brukt enorme summar på overdimensjonerte motorvegar som skal kutte ned reisetida med privatbil. Samtidig må Sørlandsbana klare seg utan midlar til heilt nødvendige investeringar som politikarane har snakka om i 20 år. Det er mogeleg å snu denne utviklinga, men då må det handlast no. Ved neste rullering av NTP kan det vere for seint.

Det er mange som hevdar at vi ikkje treng å satse på miljøvennleg togtransport, når vi etter kvart får elektriske bilar. Men det stemmer ikkje. Utbygging av motorvegar fører framleis til enorme naturinngrep og utslepp av klimagassar. Produksjon av elektriske bilar krev energi og ressursar, og slitasje av bildekk er den største kjelda til utslepp av mikroplast med store konsekvensar for livet i havet. Like før jul kom det ein rapport om klimaeffekten av prosjekta i utkastet til NTP. Rapporten blei laga på oppdrag av regjeringa og konkluderte med at den motorvegutbygginga som er foreslått, vil gjere det vanskeleg å nå klimamåla våre. Diverre har analysen hamna i einskuff i departementet, og media har ikkje brydd seg med å grave den fram.

Då vi fekk Genistreken inn i NTP i 2013, såg mange av oss fram til å kunne køyre med tog frå Kristiansand til Oslo på ned mot tre timar i løpet av eit par tiår. No har regjeringa med sitt forslag til transportplan skutt ned denne visjonen. I staden ser vi ei utvikling der Sørlandsbana kan få problem med å overleve. Skal vi finne oss i det, eller skal vi reise oss og protestere før det er for seint?

Alf Holmelid
nestleiar i Naturvernforbundet i Kristiansand

Innlegget står på trykk i Fædrelamdsvennen i dag

Partiet for miljø og solidaritet

Buss_c3Dette innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Denne veka har SV fått fleire bevis på at vi er partiet for miljø og for kollektivtransport. Torsdag presenterte Klimaval 2013 ei evaluering av klimapolitikken til partia som stiller til val. SV fekk karakteren 6- hårfint etter Miljøpartiet dei grøne som fekk 6. Omlag samtidig la Kollektivkampanjen fram ei evaluering av kollektivsatsinga til partia. Der kom SV klart på topp framfor alle dei andre.

Dei siste dagane har vi også fått eksempel på at SV skaper konkrete miljøresultat for Sørlandet. Vi har fått gjennomslag for planlegging av samankopling mellom Sørlandsbana og Vestfoldbana som kan redusere reisetida til Oslo med ein time. Samtidig går det mot å få både nattog og totimarsfrekvens. Ei fin gåve til 75 års-jubileet til Sørlandsbana. Tidlegare har vi fått på plass ei storstilt satsing på kollektivtrafikk som Kristiansandsregionen kan dra nytte av. Vi kan også nemne at bedrifter på Sørlandet har fått 200 millionar frå miljøteknologiordninga som SV har engasjert seg for.

Det andre satsingsområdet til SV er solidaritet. Vi vil kjempe mot høgresida sin blinde privatiseringsiver som kan rasere det velferdssamfunnet vi har brukt generasjonar påå bygge opp. SV har også stått i front for i kampen mot sosial dumping som kan skape ein klassedelt arbeidsmarknad her i landet. Vi vil skattlegge ein finanssektor som i dag har låg skatt, og bruke pengane på barn og eldreomsorg. SV har også endra utviklingspolitikken for å legge større vekt på tiltak som skaper betre fordeling.

Konklusjonen bør vere enkel. Er du opptatt av både miljø og solidaritet så er det berre eit alternativ ved valet i haust, SV.

Alf

 

Gitmark mot Halleraker

Dei neste to åra skal det brukast 50 millionar kroner til eit prosjekt som skal utgreie høgfartsbane med sikte på bygging. Utredninga skal vere ferdig i god tid før behandling av neste Nasjonal transportplan. Høgre sin representant i samferdselskomiteen, Øyvind Halleraker, sa på nyheitene på NRK i kveld at dette er ein historisk dag for norsk samferdselspolitikk. Halleraker har samarbeida tett med Hallgeir Langeland frå SV for å få dette på plass. Det går blant anna fram av budsjettarbeidet sist haust. Der var alle parti untatt FrP samde om denne satsinga

Men i staden for å støtte opp om den nye driven i arbeidet med høgfartstog, vel Gitmark å skyte ned arbeidet som hans kollega roser opp i skyene.

 Alf

Høgfartstog til Sørlandet

lyntog
Når SV no har fått gjennomslag for høgfartstog og samankopling av Sørlandsbana og Vestfoldbana i NTP, er det viktig å legge ein robust handlingsplan for å realisere visjonen om høgfartstog til Sørlandet:

• Opprusting av Vestfoldbana og samankopling mellom Vestforldbana og Sørlandsbana er eit nødvendig og viktig første skritt i arbeidet for høgfartstog til Sørlandet.
• Når eg kjem på Stortinget vil eg arbeide for at det blir lagt inn midlar til samankopling ved neste rullering av NTP om fire år.
• For at det skal vere realistisk må det setjast av midlar til planlegging snarast mogeleg. Det må komme rmed i regjeringserklæringa for neste stortingsperiode.

Gi meg beskjed

Dette er noko av det eg vil arbeide for dersom eg kjem på Stortinget

Arbeidsplassar
• God miljøpolitikk er framtidsretta næringspolitikk. Elkem Solar i Kristiansand er et godt eksempel på at miljøteknologi sikrar arbeidsplassar. Eg vil kjempe for utvikling av miljøteknologi og fornybar energi – både for miljøet og for arbeidsplassane.

Miljø
• Eg vil kjempe for samankopling av Vestfoldbana og Sørlandsbana og høgfartstog til Sørlandet.
• Busstilbodet må bli betre og billigare.
• Vi må hindre nedbygging og privatisering av strandsona og den urørte fjellheimen.

Utdanning og forsking
• Eg vil kjempe for ein god offentlig fellesskole der alle kan lære meir. Vi må styrke bemanninga i skolen og gi leksehjelp i skoletida. Meir yrkesretta undervisning kan redusere fråfallet i skolen.
• Universitet i Agder må få ei auka og meir rettferdig basisfinansiering.

Solidaritet
• Vest-Agder ligg sist på alle likestillingsstatistikkar. Vi treng ein likelønnspott som hevar lønna i kvinnedominerte yrke.
• Eg vil arbeide for å gjenreise den sosiale bustadbygginga slik at det blir overkommeleg å få seg ein stad å bu. Det må byggast fleire ikkjekommersielle utleigebustader.

Ta heile Agder i bruk
• Eg er opptatt av å skape arbeidsplassar og gode levekår i hele fylket. Vi må stimulere til næringsutvikling og plassere offentlige arbeidsplassar også utanfor dei sentrale områda langs kysten.

La Agder bli hørt!
• Mange føler at politikarane forandrar seg og misser kontakten med sin bakgrunn når dei kjem på Stortinget
• Agder er lite synleg nasjonalt og får lite av dei nasjonale ressursane på mange område

Derfor vil eg bruke tid på å sikre at folk i Vest-Agder bli høyrt når eg kjem på Stortinget. Eg vil:
• Prioritere å besøke arbeidsplassar som ønskjer det
• Prioritere å besøkje organisasjonar og grupper som ønskjer det
• Etablere ei Gi-Alf-beskjed-nettside der alle vil få svar på relevante spørsmål
• Kjempe for å få fram eit riktig bilde av Agder i nasjonale fora
• Kjempe for å realisere sentrale satsingar i den nye felles fylkesplanen for Agderfylka (miljøteknologi, utdanning, velferd og likestilling)

Du finn meir om mine hjartesaker her: http://nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/valg_2009_sorlandet/1.6678229

Eg vil gjerne ha dine kommentarar og forslag 🙂