Sist fredag la regjeringa fram sitt forslag til Nasjonal transportplan, NTP, for perioden 2022 til 2033. Planen har ikkje ei einaste krone til Sørlandsbana. Grenlandsbana som skulle redusere reisetida mellom Kristiansand og Oslo med over ein time, er ute av planen. Derimot er det ei stor satsing på firefelts motorveg mellom Oslo og Stavanger. Dette er eit opplegg for gradvis avvikling av Sørlandsbana som eit reelt transportalternativ. Ansvaret for denne utviklinga ligg på det store fleirtalet av regionale politikarar og regionale media som systematisk har prioritert motorveg framfor jernbane.
I tjue år har jernbaneentusiastar snakka om Grenlandsbana som skulle kople saman Sørlandsbana og Vestfoldbana og korte ned reisetida mellom Kristiansand og Oslo. Dersom du ser på kartet, så forstår du kvifor prosjektet har gått under namnet Genistreken. I 2013 blei det vedtatt å gjennomføre ei såkalla konseptvalutgreiing, og tre år seinare blei det lagt fram ei positiv innstilling. I gjeldande NTP er Grenlandsbana fyldig og positivt omtalt, og det er lagt inn midlar til planlegging og byggestart i slutten av perioden. Men i forslaget til ny transportplan er midlane tatt ut. Omtalen av prosjektet er kutta ned til ei enkelt setning der ein snakkar om den eventuelle Grenlandsbana. Det er heller ikkje sett av andre midlar til Sørlandsbana dei neste 12 åra.
Den totale neglisjeringa av Sørlandsbana og Grenlandsbana i forslaget til NTP burde få politikarane i Agder til å vakne. Dersom dette blir ståande gjennom behandlinga i Stortinget, vil planen bli eit vegkart for avvikling av togtilbodet på Sørlandet. Politikarane i Agder snakkar gjerne fint om miljøvenleg togtransport på seminar og i valkampar. Men når det kjem til dei harde realitetane, så er det motorveg som blir prioritert av fleirtalet i kommunestyre og fylkesting. Denne prioriteringa blir heia fram av media med Fædrelandsvennen i spissen. Konsekvensane ser vi no i forslaget til transportplan. Vegprosjekt med tvilsam samfunnsnytte, høge kostnader, høge bompengar og store miljøinngrep blir prioritert framfor Sørlandsbana.
Ein av dei som har engasjert seg for Grenlandsbana og Sørlandsbana gjennom Jernbaneforum Sør, er tidlegare fylkesordførar Thore Westermoen frå KrF. Derfor er det overraskande at det er ein samferdselsminister frå KrF som kuttar all støtte til vidareutvikling av togtilbodet på Sørlandet i NTP. Skal vi få endra dette før endeleg vedtak, så må vi få ei brei mobilisering for Sørlandsbana. Fylkestinget kan ikkje nøye seg med å sende fromme ønske til sentrale styresmakter. Det er på tide å seie klart i frå om at vi kan redusere satsinga på deler av E39 og E18 for å sikre at Sørlandsbana overlever.
Samferdselsforskar Anders Langeland har i fleire innlegg her i avisa peika på faren for at Sørlandsbana kan bli marginalisert som transportalternativ. Vi ser ei systematisk svekking av konkurransekrafta til toget i forhold til privatbilen. Det blir brukt enorme summar på overdimensjonerte motorvegar som skal kutte ned reisetida med privatbil. Samtidig må Sørlandsbana klare seg utan midlar til heilt nødvendige investeringar som politikarane har snakka om i 20 år. Det er mogeleg å snu denne utviklinga, men då må det handlast no. Ved neste rullering av NTP kan det vere for seint.
Det er mange som hevdar at vi ikkje treng å satse på miljøvennleg togtransport, når vi etter kvart får elektriske bilar. Men det stemmer ikkje. Utbygging av motorvegar fører framleis til enorme naturinngrep og utslepp av klimagassar. Produksjon av elektriske bilar krev energi og ressursar, og slitasje av bildekk er den største kjelda til utslepp av mikroplast med store konsekvensar for livet i havet. Like før jul kom det ein rapport om klimaeffekten av prosjekta i utkastet til NTP. Rapporten blei laga på oppdrag av regjeringa og konkluderte med at den motorvegutbygginga som er foreslått, vil gjere det vanskeleg å nå klimamåla våre. Diverre har analysen hamna i einskuff i departementet, og media har ikkje brydd seg med å grave den fram.
Då vi fekk Genistreken inn i NTP i 2013, såg mange av oss fram til å kunne køyre med tog frå Kristiansand til Oslo på ned mot tre timar i løpet av eit par tiår. No har regjeringa med sitt forslag til transportplan skutt ned denne visjonen. I staden ser vi ei utvikling der Sørlandsbana kan få problem med å overleve. Skal vi finne oss i det, eller skal vi reise oss og protestere før det er for seint?
Alf Holmelid
nestleiar i Naturvernforbundet i Kristiansand
Innlegget står på trykk i Fædrelamdsvennen i dag