Tag Archives: strandsone

Oljefelt utan arbeidsplassar i Fjaler

Frå Gjøa-feltet ser vi kystkommunane i Sunnfjord

Eg møter stadig stor interesse når eg er kring om i landet og diskuterer miljøteknologi. I går hadde vi ein spennande diskusjon i Dale i Sunnfjord. Det var ekstra hyggeleg å treffe mange kjente frå den tida eg voks opp i Dalsfjorden. SV-laget i Fjaler har lagt ut referat og bilete frå møtet.

I dag har ordføraren i Fjaler, Arve Helle, tatt meg med rundt i kommunen. Han gav meg eit godt argument mot dei som trur at oljeboring i Lofoten og Vesterålen vil skaffe mange arbeidsplassar på land i nærområdet. Frå kysten yst mot havet i Fjaler kan dei sjå Gjøa-feltet. Dei har all risikoen knytt til oljeaktiviteten, men ikkje ein einaste arbeidsplass.

Alf

Truverdig snuoperasjon av FrP?

P1010101

FrP vil ikkje at det skal vere fritt fram for utbygging i strandsona skriv Åse Michalsen i eit omfangsrikt innlegg i Fædrelandsvennen. Det er bra at ho prøver å ro i spørsmålet om fullt frislepp i strandsona. Tilbaketoget viser at ho har oppfatta at folk flest ikkje ønskjer frisleppet til FrP. Men er snuoperasjonen truverdig?

Då debatten raste om den nye plan- og bygningslova, kasta Åse Michalsen seg på og uttalte til Fædrelandsvennen at det er hyttebygginga som gjer kysten og strandsona interessant for turistane. No har ho tydeleg vis oppdaga at folk flest ønskjer å bevare viktige naturverdiar for fellesskapet, og ho skriv at ho har blitt misforstått. Men ho vil framleis ikkje vere med på eit betre vern av strandsona.

Dagens praksis med utstrakt bruk av dispensasjonar har ført til forskjellsbehandling og nedbygging av uerstatteleg natur. Den nye lova legg derimot vekt på at utbygging i strandsona må skje med utgangspunkt i vedtekne planar. Men det kjempar Åse Michalsen i mot. Ho ser tydeleg vis ikkje noko problem i at nedbygginga held fram som før. FrP prøver som vanleg å snu kappa etter vinden.

Alf

Skalldyrfestival og regjeringskaos

P1010199

Debattpanel på Skalldyrfestivalen i Mandal

Den politiske debatten på Skaldyrfestivalen mangla trøkk.  Men tidlegare redaktør Finn Holmar Hoven som leia debatten, fekk fram ein del interessante poeng. Då han trakk opp til debatt om strandsona, konstatere han at det vel var SV som hadde størst innverknad i regjeringa på dette området. Eg såg ingen grunn til å protestere på det, men konstaterte at det var eit av mange område der SV har flytta regjeringa sin politikk i retning meir miljø, meir fellesskap og mindre privatisering.

Holmer Hoven siterte også utsegn frå Åse Michaelsen (FrP) der ho hevda at naturen langs kysten er lite verdt når den ikkje er  nedbygd av hus, og han stilte Peter Gitmark (H) spørsmål om han var nøgd med det kaoset og den vilkårlege praksisen vi har hatt hittil.  Med unntak av  Michaelsen  og Gitmark var debattdeltakarane positive til eit strengare plankrav i strandsona, og Gitmark ville rive ulovleg oppførte hytter.

Finn Holmer Hoven stilte også ein del spørsmål om  innvandring og samferdsel utan at det kom fram noko nytt.

Men til slutt utfordra Holmer Hoven dei borgarlege partia til å avklare kva regjering vi vil få om det blir borgarleg fleirtal på Stortinget. Det var tydeleg at Venstre og KrF ikkje ville vedgå at ei stemme til desse partia kan bli ei stemme til ei regjering leia av Siv Jensen. Høgre derimot ville gjerne bli med på ei regjeringsferd med Siv ved roret.

Les Gjesteskribent om sommar for folk flest og
Strandsonekaos og forskjellsbehandling med FrP

Les også valgforskarar som uttaler seg til NRK.

Alf

Vi spelar hasard med Sørlandskysten

Frå Udvår

Frå Udvår

Strandsona er ein fantastisk ressurs som tar vare på biologisk mangfald og rommar hekkeområde og fiskeplassar. Kysten er eit ulikt område for rekreasjon, og med fornuftig bruk gir den grunnlag for fiske, turisme og anna næringsverksemd. Det er underleg at vi ikkje investerer meir for å ta vare på denne uerstattelege ressursen. 

Grunnstøytinga med lasteskipet Full City ved Såstein i Telemark har dokumentert at oljevernberedskapen er altfor dårleg på Sørlandet. Vi har så langt klart å forhindra oljeboring utanfor Sørlandskysten,  men kyststripa har ein omfattande skipstrafikk like utanfor fjæresteinane. Behovet for rask og effektiv beredskap er derfor stort. Forliset i Telemark har vist oss at vi i dag spelar hasard med den verdifulle kysten vår.

Fagfolk har lenge peika på at Sørlandet må få på plass ein effektiv slepebåtberedskap. Mangelen på slik beredskap er ikkje berre ein trussel mot miljøet. Den kan også setje liv å helse i fare. Så seint som i mai i år uttrykte miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i Vest-Agder sterk uro over manglande slepebåtberedskap. Den må no på plass. Vi kan ikkje legge fram fleire statsbudsjett utan midlar til slepebåtberedskap på Sørlandet.

Meld deg på Facebookgruppa Betre oljeberedskap langs Sørlandskysten NÅ.

Gjesteskribent om sommer for folk flest

P1010098

Kveldsstemning frå Udvår

I dag har eg invitert Marie-Thérés H. Kolnes som gjesteskribent til bloggen min.

Sitter her på berget og ser ut over havet, en sommerdag i ferien min……..
Dro utover skjærgården i Farsund med båten i går kveld og la til ved ei lita offentlig brygge. Våknet til sol, bølgeskvulp og måkeskrik i dag. Sitter nå med dagens første kaffekopp på berget ved brygga og virkelig nyter livet, ferie, sommer og familie, mens jeg nynner på Postgirobyggets evige sommerslager. Ser innover mot fastlandet og den spredte bebyggelsen og tenker:

Du så deilig skjærgården er. Så heldig jeg er som kan nyte alt dette uten å ha millioner å kjøpe hytte for. Jeg, som folk flest, har ikke råd til hytte i skjærgården, men heldigvis finnes det også plasser for meg. Heldigvis har vi et lovverk som sørger for at folk flest skal få oppleve friluftsliv også i de områdene som er mest ettertraktet, og heldigvis har vi en fylkesmann som sørger for at lokalpolitikerne forholder seg til lovverket. Peter Gitmark i Høyre ønsker å redusere fylkesmannens mulighet til å komme med innsigelse i kommunale saker. Bra for lokaldemokratiet? Muligens, men som eneste SVer i teknisk hovedutvalg, der mye blir vedtatt mot 1 SV stemme, er jeg glad fylkesmannen passer på. Nå er heldigvis bygging i 100- meters beltet innskjerpet ytterligere i ny plan- og bygningslov, men hva skjer dersom Høyre og Frp kommer til makta. Vil det fremdeles være plass til meg og snekka mi i Farsunds fantastiske skjærgård? Jeg må si jeg har mine tvil når jeg tenker på hvordan disse partiene stemmer lokalt. Filosofien: La alle få bygge der de vil bare de har råd, synes å være rådende. Høres sikkert fint ut……. for de som har råd, men hva med oss andre, vi som er folk flest og ikke har råd, hva blir igjen til oss og til kommende generasjoner? Tenker med skrekk på hvor ned bygd skjærgården rekker å bli med et mindre restriktivt lovverk i 4 år. Irreversible inngrep som fratar folk flest i dag og i kommende generasjoner den muligheten for rekreasjon og opplevelse som ligger i urørt natur.

La oss sørge for at det ikke skjer. La oss få Alf Holmelid som er like glad i skjærgården som jeg er inn på tinget, og la oss unngå et borgerlig flertall som bare vil ødelegge for folk flest.

I mellomtiden nyter jeg ferien og nynner videre på Postgirobygget……

Marie-Thérés H. Kolnes
Farsund SV

Strandsonekaos og forskjellsbehandling med FrP

Strandsona er ein svært viktig ressurs for Sørlandet. Den gir livskvalitet og skaper basis for eit blomstrande reiseliv. Derfor er det viktig å utvikle denne ressursen på ein god måte for regionen, noko som ikkje alltid er tilfelle i dag. Hyttebygging skjer stort sett på dispensasjon, ikkje etter ein heilskapleg plan. Dette gir lite optimal bruk av areala, og det går unødig hardt ut over friareal og urørt natur. Dei som vil bruke kysten, men som ikkje har skaffa seg hytte, blir taparane. Bygging på dispensasjon fører også lett til forskjellsbehandling og mistanke om at det er gode forbindelsar som tel.

Dette vil regjeringa rydda opp i for å skape likebehandling og sikre stranda for alle. Bygging i strandsona skal i mykje større grad avklarast gjennom kommuneplanar og reguleringsplanar, ikkje gjennom dispensasjonar. Det er ikkje snakk om å ta makta frå kommunane, men om å skape ein planprosess som sikrar likebehandling og god ressursutnytting. Men det vil FrP med dei andre borgarlege partia på slept ha seg fråbedt. Dette er i og for seg ikkje så uventa. Det er ikkje første gangen FrP kjempar for ein politikk som opnar for dei med pengar og forbindelsar på bekostning av fellesskapet og ressursgrunnlaget.