Tag Archives: FrP

Miljø og klima – vår tids næringspolitikk

Dette innlegget stod på trykk i Klassekampen i går.

FrP og NHO har gått til angrep på klimaforliket. Dei argumenterer for at ei
offensiv klimasatsing med nasjonale mål for CO2-reduksjon er ein trussel mot
industri og næringsliv. Men realitetane er det motsette. Ein offensiv klima- og
miljøpolitikk er ein føresetnad for å legge til rette for eit framtidsretta og
berekraftig næringsliv.

Norsk industri har eit høgt teknologisk nivå og er avhengig av høg innovasjonsgrad for å opprettehalde sin posisjon. Vi har erfaring for at nye utfordringar generelt og nye miljøkrav spesielt fører til innovasjon. Då
ferrolegeringsindustrien for nokre tiår sidan fekk nye reinsekrav, var det
mange som frykta nedlegging og utflytting. Men i staden fekk vi mange
innovasjonar. Vi fekk ny reinseteknologi for ein global marknad, avfall blei
til nye produkt, og prosessane blei meir energieffektive.

Noreg var også eit føregangsland då det blei innført CO2-avgift på norsk sokkel i
1991. Det var mange protestar, men no skryt bransjen av dei positive resultata
av dette tiltaket. I den nye stortingsmeldinga om norsk oljepolitikk står det
at avgifta har skapt innovasjon og utløyst tiltak som har redusert CO2-utsleppa
med 40 mill. tonn.

Det er all grunn til å tru at klimaforliket vil bidra til ny innovasjon som vil
trygge framtida til norsk industri. Men det vil krevje eit tett samarbeid
mellom industrien og styresmaktene. SV har lansert tanken om eit klimafond. For bedriftene vil det vere ein fordel å ta større innovative investeringar framfor
å betale for CO2-kvotar i lang tid framover. Dei nasjonale klimamåla kombinert
med eit klimafond vil legge til rette for slik innovasjon.

Oljeaktiviteten på sokkelen betyr mykje i vårt nasjonale miljørekneskap og må ta sin del av dei nasjonale klimakutta. Ei offensiv klimasatsing på sokkelen er også positivt for norsk leverandørindustri som blei utvikla med sokkelen som ein krevjande heimemarknad. Nye klimatiltak vil bli ein ny krevjande heimemarknad. Alternativet kan bli at norsk leverandørindustrien misser det teknologiske forspranget den har i dag.

I debatten om klimaforliket har vi lett for å gløyme at vi har over førti tusen
arbeidsplassar i bransjar som er avhengige av ei offensiv klima- og
miljøsatsing. Vi kan nemne område som fornybar energi, elkraft, ressurshandtering og energieffektivisering. I tillegg kjem verftsindustrien og transportsektoren. Det er viktig at dei som representerer desse bransjane, også kjem på bana i debatten om klimapolitikk og næringsutvikling.

Tanken bak klimaforliket er at Noreg som har store klimautslepp, og som er eit
høgteknologisk og rikt land, må vise at det er mogeleg å redusere dei nasjonale
klimautsleppa. I motsatt fall er det vanskeleg å forvente at land med mindre
ressursar skal stille opp. FrP har aldri akseptert klimatrusselen. Derfor er
det naturleg at partiet går til angrep på klimaforliket. At Bernander følgjer opp,
er meir overraskande. Kampen mot klimaforliket er i realiteten ein kamp mot ei
framtidsretta næringsutvikling her i landet.

Alf

Hareide svekkjer verdikampen

Den nyvalde leiaren i KrF, Knut Arild Hareide, har vore på Sørlandet og mana til verdikamp med SV som hovudfienden. Men dei sentrale verdispørsmåla hoppa han glatt over. Skal vi tru avisreferata, snakka ikkje Hareide om sentrale verdispørsmål som solidaritet, rettferdig fordeling, miljø og klima. Hareide reduserer verdidebatten til eit spørsmål om kristendommen sin plass i politikk og samfunn. Her er det usemje mellom SV og KrF. Men Hareide øydelegg verdidebatten når han gjer den så snever. Når han vel seg alliansepartnarar ut i frå denne vinklinga, så hamnar han lett i allianse med FrP.

Personleg har eg arbeidd godt saman med KrF om spørsmål som gjeld frivillige organisasjonar, og KrF og SV har mange samanfallande synspunkt på integrering, fordelingsspørsmål og miljø- og klimasaker. Det er her dei store verdikampane vil stå i tida framover, og det er her det er viktig å bygge alliansar. Når Hareide utelet dei sentrale verdispørsmåla frå sin verdikamp, så skadar han den breie verdikampen og hamnar i fanget på FrP som veit å spele på dei kristne verdiane i sin retorikk.  Er utspelet til Hareide ein freistnad på å legitimere at KrF argumenterer for eit maktskifte som vil gi FrP meir innverknad på norsk politikk?

Vi hadde den same diskusjonen før valet i 2009. Den gangen skreiv eg eit innlegg som eg blei oppfordra til å legge inn på verdidebatt.no. Hareide kan etter sitt utspel på Sørlandet knapt seiast å ha fornya og opna opp partiet slik mange hadde vona på.

Alf

Opposisjonen mot høgre

Landsmøtet til FrP har plassert partiet tilbake i tradisjonen til Anders Lange. Som vanleg dreg dei fram innvandrarkortet og skattekortet når det går dårleg på meiningsmålingane.

Samarbeidspartnaren Høgre har det siste året prøvd å dempe blåfargen med ny velferdsretorikk, sjølv om politikken er uendra. Erna Solberg og hennar kumpanar unngår debatt om sentrale høgresaker som privatisering av skolen, skattelette for dei rike og svekka arbeidstakarrettar. Dei snakkar minst mogeleg om den ideologien som skapte finanskrisa og prøver seg med varm omtale av eit velferdssamfunn som dei motarbeidar med si marknadsfundamentalisme.

Med den klare høgremarkeringa på landsmøtet til FrP, er det ikkje tvil om at eit eventuelt borgarleg styre vil føre til ei dramatisk høgredreiing av norsk politikk. Velferdsglasuren som Erna Solberg har lagt inn i sin retorikk, vil raskt slå sprekkar når realitetane kjem på bordet og FrP skal få sitt.

Det skal bli interessant å sjå om KrF og Venstre etter dette framleis er opptatt av å kjempe for eit maktskifte som gir FrP reell makt over norsk politikk. I saka om karakterar i barneskolen i Kristiansand har vi sett at desse partia deler seg når FrP kjem med sine utspel.

Alf

Uansvarleg behandling og feil medisin

Etter ein interpellasjon vedtok bystyret i Kristiansand med knapt fleirtal at det skal innførast talkarakterar i norsk, engelsk og matematikk på sjuande klassetrinn i barneskolen i Kristiansand.

Vedtaket blei gjort utan dialog med foreldre, lærarar og skoleleiinga i kommunen. Dette er eksempel på manglande respekt for dei som vil arbeide seriøst med å utvikle ein god skole i Kristiansand.

Dessutan er dette feil medisin. Det skolen treng, er ikkje meir testing og rangering. Det som trengst er fokus på motivasjon og kunnskapsformidling. Og vi treng gode nyanserte tilbakemeldingar som elevar og foreldre kan bruke til å komme vidare. Talkarakterar er ei avsporing i arbeidet for betre læring.

Utspelet er ein del av ein landsomfattande strategi regissert av Erna Solberg og hennar visjon om å utvikle ein skole md fokus på testing og nivåinndeling. Det starta i Oslo og går vidare til dei store byane med fleirtal av Høgre og FrP med KrF og V på slep i varierande grad.

Også i Kristiansand var deler av Venstre og KrF med på å skape fleirtal for dette forslaget.

Les meir på fvn.no

 Alf

Optimisme i industrien, men Skumsvoll klagar

Henning Skumsvoll frå FrP går med jamne mellomrom til angrep på den raudgrøne regjeringa sin industripolitikk. Eg tviler ikkje på at Skumsvoll vil industrien vel. Men han har hamna i feil parti dersom han ønskjer ein langsiktig og berekraftig industripolitikk.

For kort tid sidan presenterte bransjeorganisasjonen Norsk Industri gode utsikter for industrien her i landet. Leiaren, Stein Lier-Hanssen, kunne fortelje at det er optimisme i industribedriftene, og at mange har planer om å tilsetje folk. Dette står i skarp kontrast til utviklinga i det hovudsakleg borgarleg styrte Europa der det for tida er pessimisme i industrien.

Det viktigaste rammevilkåret for eksportindustrien er ein ordna økonomi med stabil valuta. Regjeringa fekk Noreg gjennom finanskrisa som var skapt av den ukontrollerte marknadsliberalismen som FrP står for. Den raudgrøne regjeringa har vore garantist for orden i økonomien . FrP med sine overbod og skattelette til dei rike vil komme til å rive ned den norske samfunnsmodellen som har sikra stabil økonomi og trygge arbeidsplassar.

For eit år sidan blei deler av norsk industri ramma av etterdønningane etter finanskrisa. Regjeringa var raskt ute med ein hjelpepakke som blant anna var viktig for den maritime industrien på Sørlandet. Eit av tiltaka var utvida rammer for Garantiinstituttet for eksportkreditt, noko som var til stor hjelp for mange bedrifter på Agder som er så sterkt eksportorientert.

Prosessindustrien er ein viktig del av næringslivet, ikkje minst på Sørlandet. Blant anna på grunn av strenge miljøkrav  har denne industrien blitt teknologisk leiande og ligg i fremste rekke når det gjeld energieffektivitet og miljø. Regjeringa har gjennom støtteordningar for miljøteknologi lagt til rette for at denne utviklinga kan fortsette, slik vi ser eksempel på med støtta til ny aluminiumsprosess på Lista aluminiumsverk.

Regjeringa har etablert eit industrikraftregime med garantiordningar for langsiktige kontraktar. Like før jul blei det inngått langsiktige kraftkontraktar mellom Statkraft og store prosessbedrifter ved hjelp av denne ordninga. Prosessindustrien har også fått gratiskvotar for CO2 frå prosessen og slepp å betale avgift til dei grøne sertifikata som skal skaffe inntekt til å utvikle miljøvennleg energi. Dette er tiltak for å styrke konkurranseevna til bedrifter som ligg langt framme på miljø.

Sist haust var Skumsvoll ute med kritikk av regjeringa for manglande satsing på havvindmøller, men vi såg lite til havvindmøller då FrP la fram sitt alternative statsbudsjett. Regjeringa presenterte derimot ei storsatsing på fornybar energi. Statkraft fekk sist haust utvida sin eigenkapital slik at bedrifta kan realisere eit investeringsprogram på over 80 milliardar kroner. Kapitalutvidinga blei kombinert med ei strategiendring som inneber at heile investeringsprogrammet skal gå til fornybar energi, og ikkje noko til gasskraft. Denne fornybarsatsinga har blant anna ført til at ein del sørlandsbedrifter no viser interesse for marknaden for havvindmøller på Doggerbank.

Det siste utspelet er eit angrep på regjeringa fordi den ikkje bygger fleire gasskraftverk utan CO2-rensing. No står FrP utanfor klimaforliket der det er ambisiøse mål for CO2-reduksjon her i landet. Men alle aktuelle regjeringspartnarar har slutta seg til forliket. Det skal bli interessant å sjå korleis ei slik eventuell regjering vil få CO2-rekneskapen til å gå i hop når den skal ta ansvar for heilskapen og ikkje berre enkeltutspel.

Alf

FrP for dei rike og ressurssterke

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen laudag 31. juli.

Sist onsdag hadde Hanekamhaug frå FrP  eit lesarinnlegg i Fædrelandsvennen. Det er fullt av tradisjonell FrP-retorikk med angrep på dei raudgrøne partia, men det inneheld lite konkret. Eg skal derfor nøye meg med å kommentere to ting.

Hanekamhaug skuldar dei raudgrøne for rot når det gjeld datalagringsdirektivet. Her kunne ho kanskje kikke litt i si eiga leir. På den borgarlege sida er det ikkje berre usemje mellom partia. I Høgre er det open strid, og i det siste har det også internt i FrP dukka opp motstridande syn. Det er bra med debatt, men då burde kanskje ikkje Hanekamhaug vere så kjepphøg i si omtale av diskusjon mellom dei raudgrøne partia.

Det mest konkrete i Hanekamhaug sitt innlegg er påstanden om at FrP satsar på skattelette for dei med låg og middels inntekt. Men ho ”gløymer” å fortelje at det er dei rikaste som får dei store skatteletta med FrP sin politikk. Før valet blei det laga ein oversikt over kva Høgre og FrP er samde om i skattepolitikken. Denne oversikten viser at skatteletta vil bli meir enn dobbelt så stor for dei som tener over ein halv million enn for dei som tener mindre. Reknar vi med formueskatten så vil dei som tener over ein million i gjennomsnitt få meir enn ti gonger så stor skattelette som dei som tener under ein halv million. Skatteletta for dei rike vil fører til sterke kutt i dagens velferdsordningar. I det siste statsbudsjettet foreslo derfor FrP store kutt i løyvingane til uføretrygd, sjukepengar og arbeidstilsynet. På tross av all innøvd retorikk viser dette at FrP er eit parti for dei rike og ressurssterke.

Alf 

Klagesongreprise

Julaftan kunne vi i Fædrelandsvennen lese intervju med Åse Michalsen som representerer Vest-Agder og FrP på stortinget. Intervjuet var fritt for refleksjonar om eigen politikk og viktige politiske spørsmål for land og region. Derimot fekk vi ein repetisjon på den no velkjente klagesongen over kva ho meiner andre ikkje får gjennomslag for. Dette er ein lite fruktbar innfallsvinkel, men sidan den ser ut til å bli ein populær reprise, fortener den kanskje ein liten kommentar.

I vallovnaden min på Sørlandssendinga lova eg å arbeide for tre ting: miljøteknologi, fleire lærarar i skolen og betre ordningar for bustadlause.  Gjennomslag for desse sakene kan alt avlesast av innhaldet i regjeringserklæringa.

Sidan eg kom i næringskomiteen har eg arbeidd spesielt med miljøteknologi. Dei som har følgt med i den offentlege debatten, vil ha merka seg at den nye næringsministeren har eit tydeleg fokus på miljøteknologi.

I slutten av januar vil regjeringspartia i næringskomiteen besøkje industrien i Vest-Agder. Det vil setje fokus på den sterke men lite kjente industrikompetansen i vår region. Det vil blant anna bli fokusert på miljøteknologi.

Eit anna eksempel er miljøteknologibedrifta Metallkraft som er i ferd med å bygge to nye fabrikkar i utlandet. Etter initiativ frå underteikna vil næringsministeren besøkje fabrikken i Kina i januar.

Elles er det ikkje berre eit spørsmål om gjennomslag, men om kva ein får gjennomslag for. Mange på Agder kan vere glade for at Michalsen og FrP ikkje fekk gjennomslag for dei dramatiske kutta i trygdeordningane som låg inne i deira alternative budsjett.

Alf

Strandsonekaos og forskjellsbehandling med FrP

Strandsona er ein svært viktig ressurs for Sørlandet. Den gir livskvalitet og skaper basis for eit blomstrande reiseliv. Derfor er det viktig å utvikle denne ressursen på ein god måte for regionen, noko som ikkje alltid er tilfelle i dag. Hyttebygging skjer stort sett på dispensasjon, ikkje etter ein heilskapleg plan. Dette gir lite optimal bruk av areala, og det går unødig hardt ut over friareal og urørt natur. Dei som vil bruke kysten, men som ikkje har skaffa seg hytte, blir taparane. Bygging på dispensasjon fører også lett til forskjellsbehandling og mistanke om at det er gode forbindelsar som tel.

Dette vil regjeringa rydda opp i for å skape likebehandling og sikre stranda for alle. Bygging i strandsona skal i mykje større grad avklarast gjennom kommuneplanar og reguleringsplanar, ikkje gjennom dispensasjonar. Det er ikkje snakk om å ta makta frå kommunane, men om å skape ein planprosess som sikrar likebehandling og god ressursutnytting. Men det vil FrP med dei andre borgarlege partia på slept ha seg fråbedt. Dette er i og for seg ikkje så uventa. Det er ikkje første gangen FrP kjempar for ein politikk som opnar for dei med pengar og forbindelsar på bekostning av fellesskapet og ressursgrunnlaget.