Tag Archives: Anders Lange

Ikkje avpolitiser Mandela

imageEin stor politikar og eit stort menneske har gått bort. Vi stoppar opp i kvardagsmaset i takksemd over kva han har gjort for oss alle. Han var raus, men også målretta og ubøyeleg. Mandela var ein av dei som argumenterte for at væpna kamp mot apartheidregimet var nødvendig. Men han klarte også å avvikle terrorregimet med demokratiske middel.

Dei fleste hyllar no Mandela. Men det har ikkje alltid vore slik. Mandela stod på terrorliste i USA heilt fram til 2008. Her i landet var det dei frivillige solidaritetsorganisasjonane saman med kyrkja og LO som var tidleg ute og støtta frigjeringskampen. Det er mange som har hatt sterke opplevingar med kulturgrupper som kom frå Sør-Afrika til Noreg for å bygge solidaritet på tvers av landegrense og rase.

Det offentlege Noreg var i beste fall passivt då det galdt som mest. Den norske reiarstanden tente store pengar på å frakte olje til Sør-Afrika under FN-boikotten mot apartheidregimet. Høgrenestor Kåre Willoch forsvarar framleis at den norske reiarnæringa skodde seg på å svekke det internasjonale presset mot eit etter kvart vaklande terrorregime. Her kan det også nemnast at reiarnæringa seinare blei fødselshjelp for den konservative tenketanken Civita.

Mange gav aktiv støtt til apartheidregimet. Premissane kunne nok variere, men rasismen kom klart til overflata hos enkelte. Anders Lange som seinare grunnla Framstegspartiet, hevda at støtte til Mandela og hans kamp mot apartheidregimet var eit svik mot den kvite rase.

Då Mandela slapp ut av fengselet, sa han at vi ikkje måtte sjå på han som helten. Heltane var alle dei som hadde kjempa og lidd. Heltane var dei som hadde ofra alt, mange også livet, for eit meir rettferdig samfunn utan rasisme. Vi sviktar Mandela om vi avpolitiserer hans minne og gløymer alle dei kampane han stod i og alle dei som stod på hans side då det kosta noko å støtte den saka han brann for.

alf

Opposisjonen mot høgre

Landsmøtet til FrP har plassert partiet tilbake i tradisjonen til Anders Lange. Som vanleg dreg dei fram innvandrarkortet og skattekortet når det går dårleg på meiningsmålingane.

Samarbeidspartnaren Høgre har det siste året prøvd å dempe blåfargen med ny velferdsretorikk, sjølv om politikken er uendra. Erna Solberg og hennar kumpanar unngår debatt om sentrale høgresaker som privatisering av skolen, skattelette for dei rike og svekka arbeidstakarrettar. Dei snakkar minst mogeleg om den ideologien som skapte finanskrisa og prøver seg med varm omtale av eit velferdssamfunn som dei motarbeidar med si marknadsfundamentalisme.

Med den klare høgremarkeringa på landsmøtet til FrP, er det ikkje tvil om at eit eventuelt borgarleg styre vil føre til ei dramatisk høgredreiing av norsk politikk. Velferdsglasuren som Erna Solberg har lagt inn i sin retorikk, vil raskt slå sprekkar når realitetane kjem på bordet og FrP skal få sitt.

Det skal bli interessant å sjå om KrF og Venstre etter dette framleis er opptatt av å kjempe for eit maktskifte som gir FrP reell makt over norsk politikk. I saka om karakterar i barneskolen i Kristiansand har vi sett at desse partia deler seg når FrP kjem med sine utspel.

Alf