Tag Archives: Venstre

Opposisjonen mot høgre

Landsmøtet til FrP har plassert partiet tilbake i tradisjonen til Anders Lange. Som vanleg dreg dei fram innvandrarkortet og skattekortet når det går dårleg på meiningsmålingane.

Samarbeidspartnaren Høgre har det siste året prøvd å dempe blåfargen med ny velferdsretorikk, sjølv om politikken er uendra. Erna Solberg og hennar kumpanar unngår debatt om sentrale høgresaker som privatisering av skolen, skattelette for dei rike og svekka arbeidstakarrettar. Dei snakkar minst mogeleg om den ideologien som skapte finanskrisa og prøver seg med varm omtale av eit velferdssamfunn som dei motarbeidar med si marknadsfundamentalisme.

Med den klare høgremarkeringa på landsmøtet til FrP, er det ikkje tvil om at eit eventuelt borgarleg styre vil føre til ei dramatisk høgredreiing av norsk politikk. Velferdsglasuren som Erna Solberg har lagt inn i sin retorikk, vil raskt slå sprekkar når realitetane kjem på bordet og FrP skal få sitt.

Det skal bli interessant å sjå om KrF og Venstre etter dette framleis er opptatt av å kjempe for eit maktskifte som gir FrP reell makt over norsk politikk. I saka om karakterar i barneskolen i Kristiansand har vi sett at desse partia deler seg når FrP kjem med sine utspel.

Alf

Uansvarleg behandling og feil medisin

Etter ein interpellasjon vedtok bystyret i Kristiansand med knapt fleirtal at det skal innførast talkarakterar i norsk, engelsk og matematikk på sjuande klassetrinn i barneskolen i Kristiansand.

Vedtaket blei gjort utan dialog med foreldre, lærarar og skoleleiinga i kommunen. Dette er eksempel på manglande respekt for dei som vil arbeide seriøst med å utvikle ein god skole i Kristiansand.

Dessutan er dette feil medisin. Det skolen treng, er ikkje meir testing og rangering. Det som trengst er fokus på motivasjon og kunnskapsformidling. Og vi treng gode nyanserte tilbakemeldingar som elevar og foreldre kan bruke til å komme vidare. Talkarakterar er ei avsporing i arbeidet for betre læring.

Utspelet er ein del av ein landsomfattande strategi regissert av Erna Solberg og hennar visjon om å utvikle ein skole md fokus på testing og nivåinndeling. Det starta i Oslo og går vidare til dei store byane med fleirtal av Høgre og FrP med KrF og V på slep i varierande grad.

Også i Kristiansand var deler av Venstre og KrF med på å skape fleirtal for dette forslaget.

Les meir på fvn.no

 Alf