Truverdig snuoperasjon av FrP?

P1010101

FrP vil ikkje at det skal vere fritt fram for utbygging i strandsona skriv Åse Michalsen i eit omfangsrikt innlegg i Fædrelandsvennen. Det er bra at ho prøver å ro i spørsmålet om fullt frislepp i strandsona. Tilbaketoget viser at ho har oppfatta at folk flest ikkje ønskjer frisleppet til FrP. Men er snuoperasjonen truverdig?

Då debatten raste om den nye plan- og bygningslova, kasta Åse Michalsen seg på og uttalte til Fædrelandsvennen at det er hyttebygginga som gjer kysten og strandsona interessant for turistane. No har ho tydeleg vis oppdaga at folk flest ønskjer å bevare viktige naturverdiar for fellesskapet, og ho skriv at ho har blitt misforstått. Men ho vil framleis ikkje vere med på eit betre vern av strandsona.

Dagens praksis med utstrakt bruk av dispensasjonar har ført til forskjellsbehandling og nedbygging av uerstatteleg natur. Den nye lova legg derimot vekt på at utbygging i strandsona må skje med utgangspunkt i vedtekne planar. Men det kjempar Åse Michalsen i mot. Ho ser tydeleg vis ikkje noko problem i at nedbygginga held fram som før. FrP prøver som vanleg å snu kappa etter vinden.

Alf

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s