Universitetet i Agder, UiA, er blitt universitet, men i statsbudsjettet får institusjonen framleis finansiering som ein høgskole. UiA tar på seg oppgåver og blir målt etter same mal som andre universitet. Men det er vanskeleg å oppfylle alle forventningane og sikre ei godt utvikling når finansieringa er langt dårlegare enn for dei etablerte universiteta. Universitetet i Stavanger som også er eit nytt universitet, er i same båt.
Dette er sløsing med nasjonale ressursar. UiA har for eksempel rettleiingskapasitet for langt fleire doktorstudentar enn i dag, men har ikkje finansiering til å ta inn fleire. Universitetet i Agder har blitt ein leiande institusjon når det gjeld samarbeidsformer med arbeidsliv og samfunnsliv i eigen region. Men den sterke underfinansieringa fører til at universitetet ikkje kan gjere så stor innsats for regionen som den har kompetanse og potensiale til.
Politikarar og andre samfunnsaktørar på Agder engasjerte seg sterkt for at det skulle bli rom for nye universitet i Noreg. Men det har vore mindre synleg engasjementet for at UiA skal få ei rettferdig finansiering som sikrar at institusjonen kan utvikle seg i tråd med intensjonane.
Vest-Agder SV krev at det kjem på plass ein opptrappingsplan som sikrar UiA 150 millionar kroner meir i basisløyvingar pr år innan tre til fem år. Dersom eg kjem på Stortinget, vil dette bli ei viktig sak for meg
Alf
Kjempeflott at du tek opp dette, Alf!
LikerLiker
Endelig noen som taler Universitetet i Agders sak!
Studenter , næringsliv og politikere i regionen har gledet seg over at Høgskolen i Agder fikk status som universitet.
Da må bevilgningene også økes tilsvarende for at læretedet skal kunne innfri forventningene om økt forskningsaktivitet og doktorgrads stipendiater.
(bioingeniør) student ved UiA
Tina Stray Skjelten
LikerLiker