Valkommentator Jacobsen i NRK Sørlandet vel å tolke valet på Agder som ein kamp mellom AP og FrP. Å gjere valkampen til ein hanekamp mellom desse to partia er med på å forflate den politiske debatten. Miljø, næringspolitikk og forsking og høgare utdanning er svært viktige tema for Agder. Denne regionen har potensiale til å bli den leiande i Noreg når deg gjeld miljøteknologi. Og vi har eit ungt og dynamisk universitet som slit med sterk underfinansiering. Valkampen burde brukast til å setje desse sakene på kartet. Jacobsen nemner rett nok desse sakene. Men dette er tema som toppkandidatane for FrP og AP på Agder ikkje har fokusert på så langt. Ved å gjere valet i Agder til ein kamp mellom desse to partia kjem derfor desse viktige sakene i bakgrunnen. Valkampen og valkampdekninga bør dreise seg om kva som er viktig for Agder og ikkje bli ein kopi av sportsjournalistikken.
Alf
Ikke bare har AP og FrP-kandidatene i Vest-Agder unnlatt å fokusere på koblingen mellom miljø og næringspolitikk, men de har heller ingen løsninger på dette feltet. Dette er kanskje det aller viktigste for landsdelen vår i tida som kommer. Dette, sammen med en historisk tiltaksløs gjeng Agder-politikere på Stortinget, gjør at vi må få nye krefter inn! Lykke til, Alf!
LikerLiker