Lesarinnlegg i Farsund Avis:
Mine synspunkt på Listerkonferansen har utløyst ein interessant debatt med KrF og FrP. Den viser at desse to partia som skal samarbeide om det blir regjeringsskifte, har svært ulikt syn. Men debatten har også mange viktige industripolitiske poeng, og eg vil derfor be om spalteplass til å gå litt grundigare inn på eit par av dei.
I februar 2008 la ei nasjonal arbeidsgruppe fram eit strategidokument for energisektoren i Noreg, Energi21. Eit av dei sentrale punkta i Energi21 er at Noreg skal ”bli ein stor leverandør av miljøvennleg kraft til Europa”. Det er flott at Noreg har ambisjonar om å produsere mykje miljøvennleg energi. Men målet slik det er formulert i Energi21 er lettare å nå jo meir norsk kraftforedlande industri som blir lagt ned. Verken miljø eller sysselsetting er tent med at norsk industri blir lagt ned dersom den er leiande når det gjeld energieffektivitet og produktutvikling.
I SV sitt program fekk eg derfor endra visjonen til at Noreg skal bli eit land som kan eksportere miljøvennleg energi eller energikrevjande produkt produsert med miljøvennleg energi. Så lenge vår industri ligg i front når det gjeld energieffektivitet, er det minst like miljøvennleg å produsere med miljøvennleg energi i Noreg som å eksportere miljøvennleg energi. Forståing for dette resonnementet er ein grunnleggande føresetnad for å kunne drive energiforedlande industri på lengre sikt. Føresetnaden er at industrien klarar, slik Sørlandsindustrien har vist eksempel på, å ligge i front når det gjeld energieffektive prosessar og produktutvikling for eit klimavennleg samfunn.
Som medlem av Teknologirådet var eg med i ei arbeidsgruppe der det var representantar frå næringslivet og miljørørsla. Der blei det fokusert på at ein moderne industri er eit viktig element i eit samfunn som tar miljøet og klimatrusselen på alvor. I sluttrapporten blir det peika på at staten må gå sterkare inn med midlar til forsking, pilotanlegg og omstilling. Det har den raudgrøne regjeringa tatt fatt i. I år er det oppretta åtte nye forskingssenter for miljøvennleg energi og ei rekke andre store prosjekt er sett i gang. UiA er med i eit av forskingssentra og har fått andre prosjektmidlar i tillegg.
ENOVA som gir støtte til ny teknologi, har fått ein kraftig auke i sine rammer blant anna i samband med krisepakka. Det er ein del av desse midlane som no går til pilotanlegg for ny aluminiumsprosess. Krisepakka inneheldt også andre viktige tiltak for næringslivet. Olje- og gassnæringa på Sørlandet med små og store underleverandørar unngjekk ei dramatisk krise då rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt blei auka. På grunn av at den raudgrøne regjeringa har ført ein nøktern økonomisk politikk, hadde vi økonomisk handlefridom til å setje i verk nødvendige tiltak. Det er vel få som trur at ei borgarleg regjering på FrP sin nåde vil føre ein like ansvarleg økonomisk politikk.
Eg er ein engasjert og utålmodig person. Derfor sa eg på Listerkonferansen at eg gjerne hadde sett at det nye industrikraftregimet hadde komme på plass tidlegare. Men då skal det også seiast at sentrale personar i den førre borgarlege regjeringa hevda at det ikkje var mogeleg å få til eit brukbart industrikraftregime på grunn av EØS-reglane.
I debatten peika eg også på at forsking på miljøteknologi og miljøvennleg energi er eit viktig og heilt nødvendig første skritt, og her har den raudgrøne regjeringa med ein SV-ar i forskingsdepartementet tatt viktige grep. Men samtidig etterlyste eg betre økonomiske vilkår for investering i og produksjon av miljøvennleg energi. Her er det ulike syn på kva verkemiddel som er best, men mange meiner at grøne sertifikat er det mest effektive. Problemet er at fleire land bør vere med for å få tilstrekkeleg effekt, og forhandlingar med Sverige har vore kompliserte. Men heller ikkje her hadde den førre borgarlege regjeringa noko særleg å skryte av i sin periode.
Eg har jobba i industri og forskning på Sørlandet i over 30 år. Heilt sidan åttiåra har eg peika på at det ikkje treng vere nokon motsetnad mellom industripolitikk og miljøpolitikk. No er det etter kvart stadig fleire som seier det same. Men det er viktig å tenkje langsiktig og føre ein innsiktsfull debatt i ulike fora. Agder treng ein person med solid industrierfaring på Stortinget!
Alf Holmelid
1. kandidat for SV