Tag Archives: forskjellar

Mest bustøtte til dei rikaste?

Fædrelandsvennen hadde for nokre dagar sidan ein artikkel om buspareordning for ungdom, BSU. Denne ordninga gir i dag ungdom under 34 år høve til å spare inntil 150.000 kroner, med frådrag i skatten på 20 prosent av den sparte summen. På denne måten får ungdom eit insentiv til å spare til bustad. Men det er ikkje gitt at ei utviding av denne ordninga er den beste måten å hjelpe dei ungdommane som treng det mest. Alt i dag ser vi at ordninga blir mest brukt av dei med høgast inntekt og formue. Dersom vi fjernar maksimumsgrensa, vil det bli ei endå sterkare prioritering av dei ungdommane som tener mest. Er målet å gjere det lettare for unge å komme inn på bustadmarknaden, bør ein satse på tiltak som også hjelper dei med dårleg og middels økonomi. Det må byggast bustader og utviklast låneordningar som ungdom med moderate inntekter kan ha råd til. Her som i mange andre tilfelle, er skattelette eit tiltak som dei rikaste har størst glede av.

Alf

Kamp for forskjellar

FrP og Høgre likar ikkje snakk om at dei tar frå dei fattige og gir til dei rike. Dei prøver å tåkelegge si støtte til rikingane og finanseliten med sine maktposisjonar. Derfor prøver dei å mane fram ein kulturkamp som visstnok går ut på å ta den påståtte makta frå kunstnarar og andre som tillet seg å ha velfunderte meiningar dei ikkje likar. Dette er ein taktikk som republikanarane i USA har brukt med hell for å få støtte frå underprivilegerte grupper på tross av mange gode eksempel på at god kunst har medverka til å fjerne urett og undertrykking. Men Obama har klart å overvinne den nyliberalistiske retorikken til republikanarane. Han har vist at det er den økonomiske eliten som har skapt finanskrisa og øydelagt livet for mange millionar vanlege folk.

Det blir spennande å sjå korleis den proklamerte kulturkampen vil te seg dersom vi får ei borgarleg regjering med FrP. Vil FrP få dei andre borgarlege partia med på ein retorikk som skaper konflikt mellom grupper i tillegg til økonomiske forskjellar? Og vil FrP få dei andre partia med på å redusere løyvingane til kunst og kultur og utdefinere kunstnarar? Eller vil kulturkampen splitte regjeringa?

Men ein ting veit vi at Høgre og FrP er samde om. Dei vil begge ha skattelette i milliardklassen til milliardærane i Noreg, anten dei har kunstsamling eller ikkje.

Les også min kronikk i Fædrelandsvennen