Tag Archives: kunst

Kva er det med Kristiansand og skatteparadis?

penger_jpg_imagelarge1Ein fondsforvaltar med kontor i skatteparadis skal setje Kristiansand på kartet med kunstinvesteringar, og det skrantande fotballaget i byen skal reddast av ein spelteknologiutviklar med hovudkontor i eit anna skatteparadis. Dei blir unisont klappa fram av politikarar, media og alt som betyr noko i byen. Det er ikkje opportunt stille spørsmål ved denne hyllesten av skatteparadis

Skatt er basisen for eit sivilisert samfunn, og skatt på eit rimeleg nordeuropeisk nivå er basisen for eit fungerande velferdssamfunn med universelle velferdsytingar som gratis skole og solidariske trygdesystem.

Skatteparadis er ein alvorleg trussel mot eit skattenivå som kan oppretthalde ein solidarisk velferdsstat. Dei tilbyr svært låg skatt for å trekke til seg hovudkontor for bedrifter. På kort sikt tener landet nokre kroner ekstra, men på lang sikt taper alle. Dersom andre land svarer med same mynt, forsvinn fordelane med skatteparadis, men samtidig undergrev vi finansieringa av velferdssamfunnet i stadig fleire land.

I Kristiansand er et total mangel på debatt om effekten av skatteparadis i jubelen over midlar til gode formål. All verdas etikkrådgivarar kan ikkje bortforklare at skatteparadis er med på å legge press på skattenivået og svekke det velferdssystemet vi er stolte av å ha skapt.

I staden for å hylle folk som satsar på skatteparadis, burde vi hylle norske lønstakarar som betaler sin skatt år ut og år inn. Det er vel dei som til slutt må ta den største rekninga både for kunstsiloen og Start også.

Alf

Kamp for forskjellar

FrP og Høgre likar ikkje snakk om at dei tar frå dei fattige og gir til dei rike. Dei prøver å tåkelegge si støtte til rikingane og finanseliten med sine maktposisjonar. Derfor prøver dei å mane fram ein kulturkamp som visstnok går ut på å ta den påståtte makta frå kunstnarar og andre som tillet seg å ha velfunderte meiningar dei ikkje likar. Dette er ein taktikk som republikanarane i USA har brukt med hell for å få støtte frå underprivilegerte grupper på tross av mange gode eksempel på at god kunst har medverka til å fjerne urett og undertrykking. Men Obama har klart å overvinne den nyliberalistiske retorikken til republikanarane. Han har vist at det er den økonomiske eliten som har skapt finanskrisa og øydelagt livet for mange millionar vanlege folk.

Det blir spennande å sjå korleis den proklamerte kulturkampen vil te seg dersom vi får ei borgarleg regjering med FrP. Vil FrP få dei andre borgarlege partia med på ein retorikk som skaper konflikt mellom grupper i tillegg til økonomiske forskjellar? Og vil FrP få dei andre partia med på å redusere løyvingane til kunst og kultur og utdefinere kunstnarar? Eller vil kulturkampen splitte regjeringa?

Men ein ting veit vi at Høgre og FrP er samde om. Dei vil begge ha skattelette i milliardklassen til milliardærane i Noreg, anten dei har kunstsamling eller ikkje.

Les også min kronikk i Fædrelandsvennen