Tag Archives: krise

Bruk handlingsrommet Støre

Regjeringa står i storm frå alle kantar. Ekstreme kraftprisar, galopperande matvareprisar og renteauke fører til aukande forskjellar og meir fattigdom på denne regjeringa si vakt. Det finst mange gode forklaringar: krig i Europa, ekstreme gassprisar, importert prisauke, korreksjon av renta etter koronaen og etterverknaden av åtte år med blått styre. Men folk vil ha meir enn forklaringar. Regjeringa har tatt grep for eit meir seriøst arbeidsliv slik partia lova i valkampen, men det får lite merksemd. Den har også lagt fram eit statsbudsjett med omfordeling og tiltak for svake grupper, men bilete av matkøar dominerer i media.

Som tidlegare utanriksminister er Støre flink til å forklare kva som skjer og vise til årsaker som ligg utanfor vår kontroll. Få er usamde i at krigen og gassprisane har ein stor del av skulda for krisene som råkar oss. Men det er ikkje forklaringar folk vil høyre frå dei som sit med den politiske makta. Det folk vil ha frå Støre, er tiltak som kan rette på situasjonen. Ingen krev å få alle løysingar servert på eit fat. Men folk forventar at statsministeren skal vise at det nyttar med politisk styring, og at regjeringa vil handtere utviklinga, ikkje berre forklare den.

Støre bør han bruke mindre tid på å forklare og meir tid på å vise kva regjeringa gjer og vil gjere. 

Statsministeren snakkar ofte om solidaritet med dei som har det vanskelegare enn oss. Mange er nok samde i det, men folk vil ikkje overlate solidariteten til marknadskreftene. Marknaden kan ha sine fordelar, men solidaritet og rettferdig fordeling er ikkje blant dei. Og ein grunnleggande føresetnad for å snakke om solidaritet er å sikre at det ikkje er dei med minst som må yte mest.

Kriser skaper utfordringar for dei politikarane som sit med makta. Men dei opnar også opp nye handlingsrom. Den fornuftige og rettferdige grunnrenteskatten på lakseoppdrett har tidlegare blitt stoppa av sterke motkrefter. Men i dagens krisesituasjon ser det ut til at vi skal få innførtgrunnrenteskatt som kan gi inntekter til velferd og fordeling. Krisa opnar for nye prioriteringar.

På andre område har regjeringa forsømt å vise handlekraft med tiltak som det synes å vere folkeleg støtte for. Det er min påstand at regjeringa ville fått brei støtte for sterkare grep mot aukande fattigdom, blant anna ved å auke minsteytingane i pensjon og trygd. Straumkrisa har også skapt støtte for satsing på energisparing og solenergi på bygningar langt ut over det regjeringa har lagt opp til. Men der regjeringa har forsømt seg klarast, er i spørsmålet om politisk styring over kraftmarknaden. Her kunne sosialdemokratane i regjeringa vist at det er politisk styring og ikkje eit liberalistisk marknadssystem som må til får å sikre rettferdig fordeling og industriell infrastruktur i krisetider.

Det er viktig å forstå årsakene til krisa. Men Støre må snakke meir om tiltak enn om årsaker, og han må bruke det politiske handlingsrommet krisa gir.

Alf Holmelid

Innlegget stod på trykk i Dagsavisen 3. januar

Gløymer vi materialindustrien i klimadebatten?

Klimadebatten handlar ofte om fornybar energi. Det er naturleg sidan produksjon av elektrisitet og varme er den dominerande kjelda til utslepp av klimagassar. Men produksjon av materiale har også eit stort klimaavtrykk. I eit nullutsleppssamfunn må også materialproduksjonen vere utsleppsfri. Noreg har gode føresetnader for å bli teknologisk leiande i denne utviklinga, men materialindustrien er lite framme i diskusjonen om grøn omstilling.

I dokumentet Vegkart for prosessindustrien har bransjen som omfattar materialindustrien, presentert ein ambisjon om nullutslepp i 2050. Bruk av biokarbon er eit sentralt element i denne strategien. Tilgangen på berekraftig biokarbon er avgrensa, så det er ikkje gitt at dette er ein veg som vil føre fram. Men det finst andre reduksjonsmiddel, blant anna hydrogen. Her trengst det omfattande forsking og utvikling som kan gi spennande industrielle resultat fram mot eit nullutsleppssamfunn.

Sirkulær økonomi er eit anna sentralt element i arbeidet med å redusere utsleppa frå materialproduksjonen. Resirkulering av materiale og bruk av avfallsprodukt og biprodukt i nye prosessar kan redusere forureining, energiforbruk og gruvedrift. Eit eksempel på dette er utvikla ved REC solar i Kristiansand. Bedrifta har industrialisert ein prosess som reduserer klimafotavtrykket frå produksjon av solceller ved å bruke eit avfallsprodukt som råstoff. No har bedrifta sendt ut permitteringsvarsel på grunn av koronakrisa.

Produksjon av bilbatteri er ein bransje i vekst. Produksjonen krev både energi og sjeldne metall frå omstridt gruvedrift. Resirkulering kan redusere forbruk av energi og av jomfrueleg materiale. Norsk prosessindustri har kompetanse på mange av dei materiala som inngår i batteri, og den har lang erfaring med resirkulering. Det ligg derfor godt til rette for at norsk industri kan ta ei sentral rolle i  verdikjeda for produksjon og resirkulering av bilbatteri.

Utviklinga fram i mot eit nullutsleppssamfunn vil stille stadig nye krav til materiale som kan bidra til å redusere energiforbruk og miljøfotavtrykk. Samtidig må vi klarer å produsere materiale utan utslepp. Materialindustrien har derfor ein nøkkelfunksjon i utviklinga av eit berekraftig samfunn utan forureining og klimautslepp. Noreg har gode føresetnader for å bli teknologisk leiande innan deler av denne industrien til glede for klima og sysselsetting. Men satsar vi nok?

I diskusjonen om krisepakkar og grøn omstilling av norsk industri har det vore eit sterkt fokus på leverandørindustrien. Den er verdsleiande på teknologi til oljeutvinning offshore og har ein industrikompetanse som det er viktig å ta vare på. Vi må komme i gang med grøne prosjekt som kan gi oppdrag til leverandørindustrien og bidra til å ta vare på kompetanse og arbeidsplassar. Men det er ikkje nok dersom Noreg skal behalde sin posisjon som industrinasjon. 

Vi må også styrke og vidareutvikle andre bransjar som er viktige for nullutsleppssamfunnet, dersom vi skal sikre industrisysselsettinga når oljeaktiviteten blir redusert. Neste krisepakke må derfor omfatte materialindustrien.

Alf

Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag

I krise må vi bygge framtida


I desse dagar må vi alle ta del i kampen mot
koronaviruset. Liv og helse må komme føre andre omsyn, sjølv om det ofte kan vere krevjande både for den enkelte og for fellesskapet. Samtidig må vi så godt vi kan legge til rette for at samfunnet ikkje stoppar opp, og at næringslivet kan komme i gjennom krisa med kraft til å sikre sysselsetting og verdiskaping. I dag er vi først og fremst opptatt av å unngå konkursar, men vi bør også innrette krisepakkane slik at arbeidstakarane og næringslivet er i stand til å bygge opp att samfunnet når dette er over.

Uavhengig av krisa så er vi inne i ei tid med store omstillingar. Det er nok å nemne digitalisering, kunstig intelligens og berekraftig grøn industri. For å møte desse utfordringane treng vi ny kunnskap, ikkje minst i næringslivet. Når mange no blir permitterte eller får endra sin arbeidssituasjon, bør vi legge til rette for eit kompetanseløft i arbeidslivet. Karantene treng ikkje vere noko problem for undervisning og læring med dei nettløysingane vi har i dag.

Fagskolar, vidaregåande skolar og universitet bør ta kontakt med bedriftene og starte ein storstilt kampanje for å tilby og marknadsføre kurs som er relevante for dei utfordringane næringslivet står overfor. Det er nok å ta av. I tillegg til å sette oss i stand til å bygge eit næringsliv for framtida når krisa dabbar av, vil det gi meining til kvardagen for mange som er permitterte eller oppsagte. Gode opplæringstilbod gir både kompetanseheving og kjærkommen aktivitet i ein periode med minimal sosial kontakt.

Store summar blir no stilt til rådvelde for bedriftene for å unngå konkursar og oppseiingar. Det er heilt nødvendig, og meir må komme. Men samtidig må vi tenkjer langsiktig. Vi må gi milliardarsom lån og støtte til bedrifter som har konkrete planar for nye produkt og nye prosessar som kan bidra til sysselsetting og verdiskaping. På kort sikt gir det meiningsfullt arbeid i staden for permittering, og på lang sikt bidrar det til å møte dei utfordringane næringslivet står overfor.

Korona-krisa kjem på toppen av forventa nedgang i oljeaktiviteten, så vi står overfor formidable utfordringar. Innovasjon Noreg og ENOVA er organisasjonar som kjenner utfordringane og har god kontakt med næringslivet. Dei bør no få ekstraordinære midlar for å støtte store satsingar som kan førast heilt fram til industrialisering. Vi treng slike satsingar om Noreg skal overleve som ein framtidsretta industrinasjon. Her må ein akseptere stor risiko, for alternativet er jo å betale folk for å gå ledige.

Alle klutar må no settast till for å kjempe i mot viruset og avgrense dei nære problema i næringslivet. Men vi må samtidig tenkje langsiktig samfunnsbygging. Med god planlegging treng ikkje det langsiktige stå i motsetning til det kortsiktige. Snarare tvert i mot.

Alf

 

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag

Forskjellskrisa

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

På kort tid har den vestlege verda opplevd to økonomiske kriser. I 2008 fekk vi finanskrisa som starta i USA, og no er mange EU-land inne i ei ny krise. Dei økonomiske krisene dominerer mediebiletet og set den politiske dagsorden. Men det har også utvikla seg ei anna krise, ei forskjellskrise som vi høyrer mindre om. Forskjellskrisa utfordrar demokratiet, skaper sosiale konfliktar og bidrar til økonomisk ustabilitet. Like vel held den politiske høgresida fast på ein politikk som vil auke dei økonomiske forskjellane i samfunnet.

USA er framleis ei økonomisk stormakt som mange ser til. Norske økonomar har sterke band til amerikanske fagmiljø, og nyleg kunne vi lese at høgreordføraren i Kristiansand vil hente inspirasjon frå USA. Derfor kan det vere grunn til å sjå nærare på korleis økonomien og dei økonomiske forskjellane har utvikla seg der. I 1980 gjekk 9% av dei totale inntektene i landet til den 1% rikaste delen av befolkninga. Nokre tiår seinare i 2007 gjekk heile 27,5% av inntektene til dei 1% rikaste. Den økonomiske veksten i landet har i liten grad komme vanlege folk til gode. Ein arbeidar har lågare realinntekt i dag enn i 1973, og talet på fattige i USA har nådd 14%.

Voldsame økonomiske forskjellar er ikkje berre eit moralsk problem. Det er også ei stor demokratisk utfordring. Makta følgjer pengane. Når ein så stor del av ressursane blir samla på få hender, så får vi ein maktelite som er utanfor demokratisk kontroll, og som ikkje er i stand til å identifisere seg med folk flest. Den økonomiske eliten i USA fekk gjennomslag for ein økonomisk politikk som la grunnlaget for finanskrisa, ei krise som folk flest må betale for. Framveksten av dei store økonomiske forskjellane har skjedd parallelt med at fagrørsla har fått stadig mindre makt, noko som fører til ytterlegare maktkonsentrasjon hos den rike eliten.

Ideologar på den politiske høgresida hevdar at det ikkje berre er akseptabelt, men nødvendig med store økonomiske forskjellar. Det skaper dynamikk og innovasjon blir det hevda. Men etter finanskrisa er det stadig fleire som set spørsmålsteikn ved denne påstanden. Tidlegare sjef for sentralbanken i USA, Alan Greenspan, er ein av dei. Han sa etter finanskrisa at han hadde overvurdert egoisme som drivkraft for økonomien. Det er også verdt å merke seg at dei landa som har minst økonomiske forskjellar, har klart seg best gjennom finanskrisa.

Når den politiske venstresida argumenterer for meir rettferdig fordeling av goda, så blir vi møtt med at det som er godt for dei rike, er godt for alle. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har fått høyre at det berre er misunning som ligg bak kampen for ein betre fordelingspolitikk. Men i sommar kom boka Ulikhetens pris på norsk, og den set store spørsmålsteikn ved denne retorikken. Her blir det presentert statistikk som viser at dei økonomiske forskjellane betyr meir for livskvaliteten enn det gjennomsnittlege velstandsnivået i eit land.

Forfattarane av boka har sett på indikatorar for helse- og sosiale problem, og vurdert dei opp i mot økonomiske forhold i ulike samfunn og ulike land. Dei dokumenterer at land med små økonomiske forskjellar kjem betre ut enn land med store forskjellar. I land med små forskjellar stolar folk meir på kvarandre, levealderen er lenger, barnedødlegheita er mindre, færre lir av overvekt og valdskriminaliteten er lågare. Det er også større reell valfridom som kjem til syne ved at fleire vel eit yrke som er forskjellig i frå det som foreldra har.

Det er ikkje berre dei med låg inntekt som drar nytte av eit samfunn med små forskjellar. Også dei med middels og høge inntekter kjem betre ut, og det er kanskje noko av det mest overraskande resultatet av dei analysane som er utført. Land og samfunn med små økonomiske forskjellar har gjennomgåande betre helse og mindre sosiale problem i heile folket. Dette viser at små forskjellar ikkje berre er eit moralsk imperativ. Det er den beste samfunnsmodellen for å skape livskvalitet for alle.

Stadig fleire innser at god fordelingspolitikk også er eit viktig grunnlag for verdiskaping og innovasjon. Forsking viser at folk har større tillit til kvarandre og til styresmaktene i land med små forskjellar. Det er eit godt grunnlag for å møte økonomiske utfordringar og gjennomføre nødvendige omstillingar. Ein velutvikla velferdsstat legg til rette for menneskeleg utvikling og skaper tryggleik. Det er viktige pilarar for omstilling og nyskaping. Krisa i Hellas viser korleis det kan gå om ein forsømer fordeling gjennom eit effektivt skattesystem.

Rundt tusenårsskiftet var marknadsfundamentalistane på høgresida i norsk politikk på offensiven, og dei hadde lite til overs for fordelingspolitikk. Velferdsstaten er ein klamp om foten for den dynamiske frie konkurransen, var omkvedet i dei kretsar. No har den internasjonale økonomiske utviklinga gjort det mindre opportunt å stå fram med slike synspunkt, og høgrefolk har begynt å snakke pent om velferdsstaten. Men det blir lite truverdig når dei står for ein politikk for større forskjellar og skattelette for dei rike.

Det er ikkje berre i USA at dei økonomiske forskjellane har auka kraftig. I dei fleste land i Europa har vi ei liknande utvikling. Vanlege folk har også tatt kostnadene for ei finanskrise som blei skapt av finanseliten. Mange stader har dette skapt sosiale konfliktar og eit dårleg utgangspunkt for ei positiv samfunnsutvikling. Noreg skil seg ut ved at dei økonomiske forskjellane ikkje har auka dei siste åra. Dette er eit politisk val som det har stått strid om, og som høgrepartia har kjempa i mot. Om høgresida får kontroll over den økonomiske politikken, har heller ikkje vi noko vern mot forskjellskrisa. Utspela frå den nye høgreordføraren i Kristiansand er eit godt eksempel på det.

Alf