Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.
På kort tid har den vestlege verda opplevd to økonomiske kriser. I 2008 fekk vi finanskrisa som starta i USA, og no er mange EU-land inne i ei ny krise. Dei økonomiske krisene dominerer mediebiletet og set den politiske dagsorden. Men det har også utvikla seg ei anna krise, ei forskjellskrise som vi høyrer mindre om. Forskjellskrisa utfordrar demokratiet, skaper sosiale konfliktar og bidrar til økonomisk ustabilitet. Like vel held den politiske høgresida fast på ein politikk som vil auke dei økonomiske forskjellane i samfunnet.
USA er framleis ei økonomisk stormakt som mange ser til. Norske økonomar har sterke band til amerikanske fagmiljø, og nyleg kunne vi lese at høgreordføraren i Kristiansand vil hente inspirasjon frå USA. Derfor kan det vere grunn til å sjå nærare på korleis økonomien og dei økonomiske forskjellane har utvikla seg der. I 1980 gjekk 9% av dei totale inntektene i landet til den 1% rikaste delen av befolkninga. Nokre tiår seinare i 2007 gjekk heile 27,5% av inntektene til dei 1% rikaste. Den økonomiske veksten i landet har i liten grad komme vanlege folk til gode. Ein arbeidar har lågare realinntekt i dag enn i 1973, og talet på fattige i USA har nådd 14%.
Voldsame økonomiske forskjellar er ikkje berre eit moralsk problem. Det er også ei stor demokratisk utfordring. Makta følgjer pengane. Når ein så stor del av ressursane blir samla på få hender, så får vi ein maktelite som er utanfor demokratisk kontroll, og som ikkje er i stand til å identifisere seg med folk flest. Den økonomiske eliten i USA fekk gjennomslag for ein økonomisk politikk som la grunnlaget for finanskrisa, ei krise som folk flest må betale for. Framveksten av dei store økonomiske forskjellane har skjedd parallelt med at fagrørsla har fått stadig mindre makt, noko som fører til ytterlegare maktkonsentrasjon hos den rike eliten.
Ideologar på den politiske høgresida hevdar at det ikkje berre er akseptabelt, men nødvendig med store økonomiske forskjellar. Det skaper dynamikk og innovasjon blir det hevda. Men etter finanskrisa er det stadig fleire som set spørsmålsteikn ved denne påstanden. Tidlegare sjef for sentralbanken i USA, Alan Greenspan, er ein av dei. Han sa etter finanskrisa at han hadde overvurdert egoisme som drivkraft for økonomien. Det er også verdt å merke seg at dei landa som har minst økonomiske forskjellar, har klart seg best gjennom finanskrisa.
Når den politiske venstresida argumenterer for meir rettferdig fordeling av goda, så blir vi møtt med at det som er godt for dei rike, er godt for alle. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har fått høyre at det berre er misunning som ligg bak kampen for ein betre fordelingspolitikk. Men i sommar kom boka Ulikhetens pris på norsk, og den set store spørsmålsteikn ved denne retorikken. Her blir det presentert statistikk som viser at dei økonomiske forskjellane betyr meir for livskvaliteten enn det gjennomsnittlege velstandsnivået i eit land.
Forfattarane av boka har sett på indikatorar for helse- og sosiale problem, og vurdert dei opp i mot økonomiske forhold i ulike samfunn og ulike land. Dei dokumenterer at land med små økonomiske forskjellar kjem betre ut enn land med store forskjellar. I land med små forskjellar stolar folk meir på kvarandre, levealderen er lenger, barnedødlegheita er mindre, færre lir av overvekt og valdskriminaliteten er lågare. Det er også større reell valfridom som kjem til syne ved at fleire vel eit yrke som er forskjellig i frå det som foreldra har.
Det er ikkje berre dei med låg inntekt som drar nytte av eit samfunn med små forskjellar. Også dei med middels og høge inntekter kjem betre ut, og det er kanskje noko av det mest overraskande resultatet av dei analysane som er utført. Land og samfunn med små økonomiske forskjellar har gjennomgåande betre helse og mindre sosiale problem i heile folket. Dette viser at små forskjellar ikkje berre er eit moralsk imperativ. Det er den beste samfunnsmodellen for å skape livskvalitet for alle.
Stadig fleire innser at god fordelingspolitikk også er eit viktig grunnlag for verdiskaping og innovasjon. Forsking viser at folk har større tillit til kvarandre og til styresmaktene i land med små forskjellar. Det er eit godt grunnlag for å møte økonomiske utfordringar og gjennomføre nødvendige omstillingar. Ein velutvikla velferdsstat legg til rette for menneskeleg utvikling og skaper tryggleik. Det er viktige pilarar for omstilling og nyskaping. Krisa i Hellas viser korleis det kan gå om ein forsømer fordeling gjennom eit effektivt skattesystem.
Rundt tusenårsskiftet var marknadsfundamentalistane på høgresida i norsk politikk på offensiven, og dei hadde lite til overs for fordelingspolitikk. Velferdsstaten er ein klamp om foten for den dynamiske frie konkurransen, var omkvedet i dei kretsar. No har den internasjonale økonomiske utviklinga gjort det mindre opportunt å stå fram med slike synspunkt, og høgrefolk har begynt å snakke pent om velferdsstaten. Men det blir lite truverdig når dei står for ein politikk for større forskjellar og skattelette for dei rike.
Det er ikkje berre i USA at dei økonomiske forskjellane har auka kraftig. I dei fleste land i Europa har vi ei liknande utvikling. Vanlege folk har også tatt kostnadene for ei finanskrise som blei skapt av finanseliten. Mange stader har dette skapt sosiale konfliktar og eit dårleg utgangspunkt for ei positiv samfunnsutvikling. Noreg skil seg ut ved at dei økonomiske forskjellane ikkje har auka dei siste åra. Dette er eit politisk val som det har stått strid om, og som høgrepartia har kjempa i mot. Om høgresida får kontroll over den økonomiske politikken, har heller ikkje vi noko vern mot forskjellskrisa. Utspela frå den nye høgreordføraren i Kristiansand er eit godt eksempel på det.
Alf