Tag Archives: prosessindustri

Kunnskap om prosessindustrien må inn i analysen

Kraftprodusentane i EU betalar for CO2-kvotar. Det fører til auka kraftpris som smittar til norsk vasskraft sjølv om den er utsleppsfri. For å unngå at industrien flyttar ut til land med langt større klimautslepp i produksjonen (karbonlekkasje), så får norsk prosessindustri kompensert for deler av denne prissmitten. Det er eit system som er tillatt i EU/EØS.

No har medlemmar i Finanspolitikkutvalet rykka ut med eit kraftig angrep på denne ordninga. Dei meiner den har mange uheldige verknader og må avskaffast. Argumenta deira er nok i samsvar med klassisk økonomisk teori. Men eg saknar ei drøfting som i større grad ser konkret på dagens situasjon i prosessindustrien som dette gjeld.

I det omtalte innlegget hevdar skribentane at subsidiering av kraftpris vil føre til sløsing med energi og meir klimautslepp. Det er klassisk økonomisk teori. Men vi bør også sjå på realitetane. Norsk prosessindustri ligg i tetskiktet når det gjeld å utvikle teknologi for mindre energiforbruk og klimautslepp, trass i at vi har hatt låge kraftprisar. Gjennom teknologieksport fører det også til reduserte utslepp i andre land.

Det blir hevda at subsidieringa av norsk kraft vil motverke at andre land utanfor EU innfører karbonavgifter for å få ned klimautsleppa. Det stemmer nok også med teorien. Men realitetane er at det er lite tungindustri igjen i Europa, så det er vanskeleg å sjå at europeisk industri legg premissane for internasjonal prosessindustri.

Økonomane bak innlegget er kritiske til å subsidiere kraftprisane. Vi må la marknaden verke for å skaffe balanse. Dette er nærmast grunnsteinen i økonomisk teori. Men er kraftmarknaden ein normal marknad? Det tar år, kanskje tiår, frå vi får signal i marknaden til ny kraft er på plass. Slik sett nærmar krafta seg ein infrastruktur, samtidig som dagens kraftmarknad er svært så flyktig.

Medlemmane av utvalet nemner heller ikkje at ESA påla Noreg å subsidiere også eigenprodusert kraft. For ein som ikkje er økonom, verkar det litt underleg å betale priskompensasjon for prissmitte på kraft som ikkje blir påverka av prissmitte.

Den auka prissmitten og dei høge kraftprisane fører til at ordninga blir svært kostbar. Rett nok har staten tilsvarande store inntekter på høge kraftprisar. Det er like vel forståeleg at ordninga kjem under debatt, men vi treng ein debatt som tar opp i seg kunnskap om norsk prosessindustri.

For å få ned kostnadene kan vi starte med å utfordre ESA på kravet om å subsidiere eigenprodusert kraft. Vidare burde vi i større grad stille klima- og miljøkrav som vilkår for CO2-kompensasjon.

Alf Holmelid

Klimatoll – kva vil det bety for norsk prosessindustri?

EU har vedtatt å gradvis innføre ein klimatoll som dei kallar klimaavgift. Klimatoll er ein god tanke. Dei som produserer varer med høgt klimautslepp, må betale toll ved import. På den måten unngår ein at varer som er produsert med høge utslepp, utkonkurrerer innanlandsk miljøvennleg produksjon.

Hittil har ein brukt gratis klimakvotar og CO2-kompensasjon for å unngå at prosessindustrien flaggar ut. Tanken er å fase ut desse verkemidla når klimatollen blir innført.

Klimatoll vil gjere det lettare for prosessindustrien å konkurrere på den innanlandske marknaden, altså innafor tollgrensene til EU. Men kva med eksport til andre land dersom det berre er EU som innfører karbontoll, og dersom dei andre verkemidla mot karbonlekkasje blir fjerna?

Det er ikkje avklart om klimatollen er EØS-relevant. Dersom den ikkje er det, så vil vi bli vurdert opp mot reglane for karbontoll. Truleg vil norske bedrifter sleppe unna sidan vi har rein produksjon. Men norsk prosessindustri eksporterer også til land utanfor EU. Spørsmålet er korleis det går med konkurransekrafta i forhold til resten av verda dersom systemet med gratis klimakvotar i det europeiske systemet (EUETS) som vi er ein del av, blir avvikla. Det er også eit spørsmål om CO2-kompensasjon må avviklast.

Dersom det viser seg at klimakvoteordninga er EØS-relevant, så kjem vi på innsida av systemet og kan eksportere til EU-land som før. Men konkurransen med andre land blir vanskeleg dersom gratiskvotar og CO2-kompensasjon blir avvikla.

Vi har høyrt lite frå bransjen om deira syn på klimatoll til erstatning for dagens tiltak mot karbonlekkasje.

Ei vedkjenning frå ein grøn kraftsosialist

Dagens industridebatt tar meg femti år tilbake i tid.

Eg begynte min yrkeskarriere i kraftforedlande prosessindustri på syttitalet. Då var eg ein engasjert miljøforkjempar og hadde tillitsverv i SV. På den tida var det eit antagonistisk forhold mellom miljørørsla og prosessindustrien. Mange i industrien såg på miljøkamp og vassdragsvernsom eit trugsmål, og i miljørørsla var prosessindustrien lite populær. Eg snakka lite om kvar eg stod politisk på jobben, og eg snakka lite om yrket mitt i miljørørsla. Det har ikkje alltid vore like enkelt å stå med eit bein i miljøkampen og eit bein industrien. Men eg har alltid trivest i industrimiljøet, og eg har vore stolt av å få lov å vere med på å utvikle prosessindustrien. 

Alt på åttitalet begynte eg å skrive om miljøteknologi – reinare produksjon og nye produkt for eit meir miljøvennleg samfunn. Den gangen blei det møtte med skuldertrekk og skepsis. Ved eit høve opplevde eg å få nei til ein jobb i eit forskingsinstitutt fordi leiinga var redd for at mitt miljøengasjement skulle skremme vekk kundar. På denne tida var det også ein del økonomar som meinte vi burde legge ned prosessindustrien og overlate slik produksjon til lågkostland. Men tidene har endra seg. Industrien tok utfordringa og satsa på ny og meir miljøvennleg teknologi. I dag er norsk prosessindustri teknologisk leiande, og mange meiner det skuldast at vi var tidleg ute med miljøkrav her i landet. 

Parallelt med engasjementet for ein grønare prosessindustri har eg jobba for å auke forståinga for industrien i det politiske miljøet. Då SV for ein del år sidan snakka om å produsere og eksportere fornybar energi, fekk eg gjennomslag for at eksport av kraftkrevjande produkt er eit godt alternativ, og eg fekk faren for karbonlekkasje (utflagging av kraftkrevjande industri) inn i arbeidsprogrammet. Samtidig ser eg at kraftutveksling kan ha positiv klimaeffekt. Eg har også jobba for CO2-kompensasjon (kompensasjon for auke i kraftpris) og kjempa mot opphavsgarantifør dei fleste visste kva det var. Og heile tida har eg utfordra prosessindustrien på klima og miljø. 

Det er hyggeleg for ein pensjonert industrimann å sjå den offensive klima- og miljøsatsinga som prosessindustrien lanserte i Prosess 21, men eg har framleis nokre utfordringar til bransjen. Dei lit for mykje på bioenergi som verda vil få for lite av. Alternative reduksjonsmetodar vil krevje både forsking og meir fornybar energi. Men vi har ikkje noko val om vi skal bli klimanøytrale. Samtidig bør vi forvente at ein bransje som legg beslag på så mykje rein energi, skaffar fleire arbeidsplassar ved å satse meir på spesialisering og vidareforedling slik Elkem og Borregaard hat gjort.

Omfanget av norsk prosessindustri som har eit stort innslag av utanlandsk eigarskap, har lenge vore relativt stabilt. Men no ser vi plutseleg ein stor interesse for å etablere ny kraftkrevjande industri for dei nye grøne marknader. Det gjeld blant anna batteriproduksjon, hydrogenproduksjon og datasenter. Dette er produksjon som krev store mengder fornybar energi, og som alle industribedrifter treng dei areal og kan ha negative konsekvensar for miljø. Det er sjølvsagt grenser for kor mykje kraftkrevjande industri vi bør ha her i landet. Men dette er ein diskusjon som det er vanskeleg å føre fordi vi manglar eit samlande faktagrunnlag for kraftbalansen. Det er også innlysande at vi må stille minst like strenge krav til miljø og arealbruk til slike bedrifter som alle andre. Merkelappen grøn industri er ikkje ein fribillett, men eit ansvar.

Det som gjer at eg i innleiinga ser femti år tilbake i tid, er tendensane til aggressiv skyttargravskrig om kraftkrevjande industri på linje med det eg opplevde på åttitalet. I sosiale media har eg inntrykk av at debatten tar til å nærme seg ein identitetskamp. Men treng det ende slik?

Vi kom trass alt ut av krigen mellom prosessindustri og miljøaktivisme på åttitalet. Vi bør klare det igjen, eller rettare – vi må klare det for å oppfylle dei klima- og miljøkrava FN utfordrar oss på.

Alf Holmelid

Også grøn industri treng kompetent kritikk

Miljøkrav og aktiv medverknad til eit betre miljø må bli minst like viktig for næringsutvikling som marknad, kapital og teknologi. Dette skreiv eg i ein kronikk for snart førti år sidan  då slike synspunkt blei sett på som urealistisk idealisme. Sidan den tid har mykje endra seg. Miljørørsla er i dialog med næringslivet, grøne marknader veks fram, og kapitalen søkjer seg mot grøn industri. Det er all grunn til å glede seg over denne utviklinga. Men den kjem ikkje utan utfordringar, og den reduserer ikkje behovet for ei offensiv miljørørsle som utfordrar næringslivet.

På sytti- og åttitalet var det ofte skarpe frontar mellom miljørørsla og industrien. Miljøorganisasjonane gjennomførte aksjonar som fekk store medieoppslag, og miljøkampen blei etter kvart løfta inn på den politiske arenaen. Industrien på si side skulda miljørørsla for å bestå avnaive idealister og bidra til nedlegging og utflagging av nøkkelindustri. Det fanst folk med nyansert syn på begge sider, og miljøtiltak var ikkje noko nytt i industrien. Men hovudbiletet var konfrontasjon og gjensidige skuldingar om manglande innsikt. På nittitalet blei det skrive analyser som spådde at miljøkrav og konkurranse frå lågkostland ville knekke norsk prosessindustri.

Men pessimistane tok feil. Miljøkrava blei innført gradvis, og det kom støtteordningar for miljøinvesteringar. Industrien tok utfordringa og satsa offensivt på teknologiutvikling. Ny teknologi førte ofte til betre produkt og meir kostnadseffektiv produksjon i tillegg til å innfri nye miljøkrav. Offensiv miljøsatsing blei eit konkurransefortrinn, og forureining blei til nye forretningsidear. Eit klassisk eksempel er røyken frå ferrolegeringsverk. Etter omfattande utviklingsarbeid blei den konvertert  til microsilica som er ei verdifull tilsetting til betong. I dag er det mange som meiner at vi knapt hadde hatt prosessindustri i Noreg i dag dersom vi ikkje hadde vore tidleg ute med miljøkrav som initierte offensiv teknologiutvikling.

Etter kvart som klima har blitt ein viktig del av miljøkampen, har det blitt meir vanleg at miljøorganisasjonar samarbeider med industribedrifter. Deler av industrien har blitt ein alliert i arbeidet for å spare energi og redusere klimautslepp. Miljørørsla har blitt ein pådrivar for å etablere arbeidsplassar for eit samfunn basert på nullutslepp, fornybar energi og sirkulær økonomi. Behovet for grøn omstilling er no i ferd med å få gjennomslag i politikk og næringsliv. Men det er ingen grunn for miljørørsla og den delen av venstresida som har fronta miljøkampen, å kvile på sine laurbær. Omstillinga byr på mange utfordringar som miljøorganisasjonane bør engasjere seg i.

Praktisk talt all industri brukar ressursar og har uheldige konsekvensar for natur og miljø.

Grøn industri er ikkje noko unntak. Den blir ofte møtt med kritikk for forureining og lite berekraftig bruk av naturressursar. Eksempel er produksjon av batteri og solceller som vi treng i eit nullutsleppssamfunn. Det kan vere irriterande for oss som kjempar for grøn industri, å kjenne på at denne industrien ofte møter hardare kritikk for ressursbruk og miljøkonsekvensar enn annaindustri. Mange er redd for at det kan seinke den nødvendige omstillinga frå fossil til fornybar og grøn industri. Men kanskje vi heller skal snu denne kritikken til noko positivt.

Grøn industri bør lære av industrihistoria og ta sakleg kritikk som ein inspirasjon til å ligge i front når det gjeld miljø og ressursbruk. Vi bør applaudere at opinionen set fokus på miljøproblem og sosial berekraft i alle ledd av verdikjeda inklusive gruvedrift. Det kan utløyse dokumentasjonskrav og standardar  som er til fordel for seriøse aktørar. Den grøne industrien må ta mål av seg til å vere leiande på miljø og berekraft. Produksjon av batteri som no er eit heitt tema her i landet, bør bli møtt med krav om resirkulering og dokumentasjon av ressursuttak. Det vil både industrien og miljøet tene på. Tar vi denne utfordringa, kan vi på nytt få eit konkurransefortrinn, og Noreg kan bli ein leiande teknologinasjon for grøn industri.

Det grøne skiftet er avhengig av å få flytta ressursar og kapital frå fossil til grøn industri. Men kapitalistar som investerer i grøne prosjekt, er framleis kapitalistar. Det bør ikkje forhindre venstresida i frå å arbeide for grøn omstilling. Paradigmeskiftet som vi no står overfor, gir oss eit høve til å kjempe fram nye strukturar i næringslivet. Den grøne omstillinga er avhengig av politiske føringar og offentleg støtte. Det kan opne for å legge føringar som sikrar at dei verdiane samfunnet legg inn, kjem arbeidarane og fellesskapet til gode.

Grøn industri treng kompetent grøn og raud kritikk. Det vil bidra til den teknologiske og organisatoriske utviklinga som vi treng for å få ei vellukka grøn omstilling.

Alf Holmelid

Innlegget har stått på trykk i Energiogklima og i Fædrelandsvennen

Gløymer vi materialindustrien i klimadebatten?

Klimadebatten handlar ofte om fornybar energi. Det er naturleg sidan produksjon av elektrisitet og varme er den dominerande kjelda til utslepp av klimagassar. Men produksjon av materiale har også eit stort klimaavtrykk. I eit nullutsleppssamfunn må også materialproduksjonen vere utsleppsfri. Noreg har gode føresetnader for å bli teknologisk leiande i denne utviklinga, men materialindustrien er lite framme i diskusjonen om grøn omstilling.

I dokumentet Vegkart for prosessindustrien har bransjen som omfattar materialindustrien, presentert ein ambisjon om nullutslepp i 2050. Bruk av biokarbon er eit sentralt element i denne strategien. Tilgangen på berekraftig biokarbon er avgrensa, så det er ikkje gitt at dette er ein veg som vil føre fram. Men det finst andre reduksjonsmiddel, blant anna hydrogen. Her trengst det omfattande forsking og utvikling som kan gi spennande industrielle resultat fram mot eit nullutsleppssamfunn.

Sirkulær økonomi er eit anna sentralt element i arbeidet med å redusere utsleppa frå materialproduksjonen. Resirkulering av materiale og bruk av avfallsprodukt og biprodukt i nye prosessar kan redusere forureining, energiforbruk og gruvedrift. Eit eksempel på dette er utvikla ved REC solar i Kristiansand. Bedrifta har industrialisert ein prosess som reduserer klimafotavtrykket frå produksjon av solceller ved å bruke eit avfallsprodukt som råstoff. No har bedrifta sendt ut permitteringsvarsel på grunn av koronakrisa.

Produksjon av bilbatteri er ein bransje i vekst. Produksjonen krev både energi og sjeldne metall frå omstridt gruvedrift. Resirkulering kan redusere forbruk av energi og av jomfrueleg materiale. Norsk prosessindustri har kompetanse på mange av dei materiala som inngår i batteri, og den har lang erfaring med resirkulering. Det ligg derfor godt til rette for at norsk industri kan ta ei sentral rolle i  verdikjeda for produksjon og resirkulering av bilbatteri.

Utviklinga fram i mot eit nullutsleppssamfunn vil stille stadig nye krav til materiale som kan bidra til å redusere energiforbruk og miljøfotavtrykk. Samtidig må vi klarer å produsere materiale utan utslepp. Materialindustrien har derfor ein nøkkelfunksjon i utviklinga av eit berekraftig samfunn utan forureining og klimautslepp. Noreg har gode føresetnader for å bli teknologisk leiande innan deler av denne industrien til glede for klima og sysselsetting. Men satsar vi nok?

I diskusjonen om krisepakkar og grøn omstilling av norsk industri har det vore eit sterkt fokus på leverandørindustrien. Den er verdsleiande på teknologi til oljeutvinning offshore og har ein industrikompetanse som det er viktig å ta vare på. Vi må komme i gang med grøne prosjekt som kan gi oppdrag til leverandørindustrien og bidra til å ta vare på kompetanse og arbeidsplassar. Men det er ikkje nok dersom Noreg skal behalde sin posisjon som industrinasjon. 

Vi må også styrke og vidareutvikle andre bransjar som er viktige for nullutsleppssamfunnet, dersom vi skal sikre industrisysselsettinga når oljeaktiviteten blir redusert. Neste krisepakke må derfor omfatte materialindustrien.

Alf

Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag