Tag Archives: batterifabrikk

Vi manglar ein strategi for vår nye kraftkrevjande industri

Kraftkrevjande eller kraftforedlande industri har lange tradisjonar her i landet. Prosessindustrien som brukar store mengder kraft, vaks fram parallelt med utbygging av vasskrafta her i landet. Dei siste åra har denne industrien blitt modernisert og har redusert talet på tilsette.

No er vi i ferd med å få ein ny kraftkrevjande industri – datalagringsindustrien. Det er ein bransje i vekst, og Noreg er interessant fordi vi har god tilgang på fornybar energi til forutsigbare prisar (her snakkar vi om langsiktige industrikontraktar). I det siste har det vakse fram ein diskusjon om dette er ein industri vi bør satse på her i landet.

I slik diskusjonar kan det vere greit med nokre fakta. Eg har samanlikna datasenterindustrien med aluminiumsindustrien som er den mest kraftkrevjande delen av prosessindustrien. Aluminiumsindustrien her i landet brukar i overkant av 19TWh elektrisk energi og har 3000 tilsette i primærproduksjonen. Datasenter i Noreg brukar ca 1 TWh (basert på installert effekt) og har 300 direkte tilsette.

Om dette reknestykket stemmer, så brukar datasenter halvparten så mykje energi pr direkte tilsett som aluminiumsindustrien. Når vi veit at aluminiumsindustrien er den mest kraftkrevjande delen av prosessindustrien, så er dette høgt. Men det er ein stor x-faktor i dette reknestykket, og det er ringverknader. Her er det svært vanskeleg å finne data som kan samanliknast, for alle prøver å blåse opp ringverknadene av eigen aktivitet.

Batterifabrikkar er også eit nytt kraftkrevjande innslag i norsk industri. Energiforbruk pr tilsett er ein god del lågare enn i datasenter – om lag ein tredel kan det sjå ut til. Men her er det vanskeleg å finne gode data då vi førebels berre har planar her i landet.

Mi haldning er at vi bør sjå på datasenterindustrien som på anna kraftkrevjande industri og vurdere den deretter. Samfunnsnytten må vurderast basert på direkte og indirekte sysselsettingseffekt, verdiskaping og eksport. Både for prosessindustrien og datasenter bør vi ha ein strategi for å auke ringverknadene. For prosessindustrien er det vidareforedling og spesialisering. For datasenter kan det vere nisjar innan IKT, men det er ikkje mitt felt.

Det er naturleg at eit land som har god og rimeleg tilgang på fornybar energi, vil tiltrekke seg industri der energikostnadene er ein dominerande del av totalkostnadene, og der klimarekneskapen er viktig. Spørsmålet er om vi er budd på denne utviklinga. Det er på tide å få ein industristrategi som tar inn over seg denne utviklinga, og som bidrar til å skape ringverknader og sikre sysselsetting og eit variert næringsliv etter olja.

Også grøn industri treng kompetent kritikk

Miljøkrav og aktiv medverknad til eit betre miljø må bli minst like viktig for næringsutvikling som marknad, kapital og teknologi. Dette skreiv eg i ein kronikk for snart førti år sidan  då slike synspunkt blei sett på som urealistisk idealisme. Sidan den tid har mykje endra seg. Miljørørsla er i dialog med næringslivet, grøne marknader veks fram, og kapitalen søkjer seg mot grøn industri. Det er all grunn til å glede seg over denne utviklinga. Men den kjem ikkje utan utfordringar, og den reduserer ikkje behovet for ei offensiv miljørørsle som utfordrar næringslivet.

På sytti- og åttitalet var det ofte skarpe frontar mellom miljørørsla og industrien. Miljøorganisasjonane gjennomførte aksjonar som fekk store medieoppslag, og miljøkampen blei etter kvart løfta inn på den politiske arenaen. Industrien på si side skulda miljørørsla for å bestå avnaive idealister og bidra til nedlegging og utflagging av nøkkelindustri. Det fanst folk med nyansert syn på begge sider, og miljøtiltak var ikkje noko nytt i industrien. Men hovudbiletet var konfrontasjon og gjensidige skuldingar om manglande innsikt. På nittitalet blei det skrive analyser som spådde at miljøkrav og konkurranse frå lågkostland ville knekke norsk prosessindustri.

Men pessimistane tok feil. Miljøkrava blei innført gradvis, og det kom støtteordningar for miljøinvesteringar. Industrien tok utfordringa og satsa offensivt på teknologiutvikling. Ny teknologi førte ofte til betre produkt og meir kostnadseffektiv produksjon i tillegg til å innfri nye miljøkrav. Offensiv miljøsatsing blei eit konkurransefortrinn, og forureining blei til nye forretningsidear. Eit klassisk eksempel er røyken frå ferrolegeringsverk. Etter omfattande utviklingsarbeid blei den konvertert  til microsilica som er ei verdifull tilsetting til betong. I dag er det mange som meiner at vi knapt hadde hatt prosessindustri i Noreg i dag dersom vi ikkje hadde vore tidleg ute med miljøkrav som initierte offensiv teknologiutvikling.

Etter kvart som klima har blitt ein viktig del av miljøkampen, har det blitt meir vanleg at miljøorganisasjonar samarbeider med industribedrifter. Deler av industrien har blitt ein alliert i arbeidet for å spare energi og redusere klimautslepp. Miljørørsla har blitt ein pådrivar for å etablere arbeidsplassar for eit samfunn basert på nullutslepp, fornybar energi og sirkulær økonomi. Behovet for grøn omstilling er no i ferd med å få gjennomslag i politikk og næringsliv. Men det er ingen grunn for miljørørsla og den delen av venstresida som har fronta miljøkampen, å kvile på sine laurbær. Omstillinga byr på mange utfordringar som miljøorganisasjonane bør engasjere seg i.

Praktisk talt all industri brukar ressursar og har uheldige konsekvensar for natur og miljø.

Grøn industri er ikkje noko unntak. Den blir ofte møtt med kritikk for forureining og lite berekraftig bruk av naturressursar. Eksempel er produksjon av batteri og solceller som vi treng i eit nullutsleppssamfunn. Det kan vere irriterande for oss som kjempar for grøn industri, å kjenne på at denne industrien ofte møter hardare kritikk for ressursbruk og miljøkonsekvensar enn annaindustri. Mange er redd for at det kan seinke den nødvendige omstillinga frå fossil til fornybar og grøn industri. Men kanskje vi heller skal snu denne kritikken til noko positivt.

Grøn industri bør lære av industrihistoria og ta sakleg kritikk som ein inspirasjon til å ligge i front når det gjeld miljø og ressursbruk. Vi bør applaudere at opinionen set fokus på miljøproblem og sosial berekraft i alle ledd av verdikjeda inklusive gruvedrift. Det kan utløyse dokumentasjonskrav og standardar  som er til fordel for seriøse aktørar. Den grøne industrien må ta mål av seg til å vere leiande på miljø og berekraft. Produksjon av batteri som no er eit heitt tema her i landet, bør bli møtt med krav om resirkulering og dokumentasjon av ressursuttak. Det vil både industrien og miljøet tene på. Tar vi denne utfordringa, kan vi på nytt få eit konkurransefortrinn, og Noreg kan bli ein leiande teknologinasjon for grøn industri.

Det grøne skiftet er avhengig av å få flytta ressursar og kapital frå fossil til grøn industri. Men kapitalistar som investerer i grøne prosjekt, er framleis kapitalistar. Det bør ikkje forhindre venstresida i frå å arbeide for grøn omstilling. Paradigmeskiftet som vi no står overfor, gir oss eit høve til å kjempe fram nye strukturar i næringslivet. Den grøne omstillinga er avhengig av politiske føringar og offentleg støtte. Det kan opne for å legge føringar som sikrar at dei verdiane samfunnet legg inn, kjem arbeidarane og fellesskapet til gode.

Grøn industri treng kompetent grøn og raud kritikk. Det vil bidra til den teknologiske og organisatoriske utviklinga som vi treng for å få ei vellukka grøn omstilling.

Alf Holmelid

Innlegget har stått på trykk i Energiogklima og i Fædrelandsvennen