Tag Archives: Co2-kompensasjon

Klimatoll – kva vil det bety for norsk prosessindustri?

EU har vedtatt å gradvis innføre ein klimatoll som dei kallar klimaavgift. Klimatoll er ein god tanke. Dei som produserer varer med høgt klimautslepp, må betale toll ved import. På den måten unngår ein at varer som er produsert med høge utslepp, utkonkurrerer innanlandsk miljøvennleg produksjon.

Hittil har ein brukt gratis klimakvotar og CO2-kompensasjon for å unngå at prosessindustrien flaggar ut. Tanken er å fase ut desse verkemidla når klimatollen blir innført.

Klimatoll vil gjere det lettare for prosessindustrien å konkurrere på den innanlandske marknaden, altså innafor tollgrensene til EU. Men kva med eksport til andre land dersom det berre er EU som innfører karbontoll, og dersom dei andre verkemidla mot karbonlekkasje blir fjerna?

Det er ikkje avklart om klimatollen er EØS-relevant. Dersom den ikkje er det, så vil vi bli vurdert opp mot reglane for karbontoll. Truleg vil norske bedrifter sleppe unna sidan vi har rein produksjon. Men norsk prosessindustri eksporterer også til land utanfor EU. Spørsmålet er korleis det går med konkurransekrafta i forhold til resten av verda dersom systemet med gratis klimakvotar i det europeiske systemet (EUETS) som vi er ein del av, blir avvikla. Det er også eit spørsmål om CO2-kompensasjon må avviklast.

Dersom det viser seg at klimakvoteordninga er EØS-relevant, så kjem vi på innsida av systemet og kan eksportere til EU-land som før. Men konkurransen med andre land blir vanskeleg dersom gratiskvotar og CO2-kompensasjon blir avvikla.

Vi har høyrt lite frå bransjen om deira syn på klimatoll til erstatning for dagens tiltak mot karbonlekkasje.

SV har levert for næringslivet på Agder

imageI valkampen for fire år sidan lova eg å arbeide for sterkare satsing på miljøteknologi og miljøvennleg industri. Det har fått gjennomslag i regjeringa. For tre år sidan blei ramma for støtte til miljøteknologi auka til 300 millionar kroner om året. Ei rekke store og små bedrifter på Sørlandet har nytt godt av denne ordninga, og vår landsdel ligg på topp når det gjeld prosjekt med slik støtte.

Då industrien stod overfor store utfordringar etter finanskrisa i 2009, ramma det også mange bedrifter på Sørlandet. Regjeringa var raskt ute og auka garantirammene for eksportkreditt. Utan dette tiltaket er det stor sjanse for at ein del bedrifter hadde fått problem med å overleve. Regjeringa er i kontinuerleg dialog med næringslivet for å møte nye utfordringar på dette området.

Sørlandet har ein omfattande prosessindustri. Den har fått auka kraftprisar på grunn av kraftutveksling med kontinentet. Der må kolkraftverk kjøpe CO2-kvotar, og denne kostnaden smittar over på norske kraftprisar sjølv om vi har vasskraft. For å unngå at miljøvennleg norsk industri får problem, har regjeringa innført ei kompensasjonsordning for denne marknadseffekten, noko mange bedrifter på Sørlandet vil få glede av.

Med SV i regjering har industrien på Sørlandet nytt godt av gode rammevilkår. I tillegg til dei konkrete tiltaka som er omtalt her, fører regjeringa ein ansvarleg økonomisk politikk som er viktig for eksportnæringane på Sørlandet. Det same kan vi knapt forvente om vi får eit regjeringsskifte, og Frp får ei hand på rattet.

I tillegg til å bryte handlingsregelen i norsk politikk foreslår FrP drastiske tiltak som vil rasere landbruket på Agder. FrP og til dels Høgre har også stemt i mot støtteordningane til dei store næringsklyngene på Sørlandet, NODE og Eyde. Venstre gjekk på si side til angrep på SV då vi lanserte kompensasjonsordninga for prosessindustrien.

Med SV i regjering er det lagt til rette for berekraftig industri- og næringsutvikling på Sørlandet. Regionen vil vere tent med ei vidareføring av denne politikken.

Alf