Tag Archives: fagleg kamp

Stille gater – styrka kamp

For andre året på rad blir det stille i gatene på arbeidarrørsla sin internasjonale kampdag. Men kampen for eit meir rettferdig og solidarisk samfunn vil ikkje stilne. Den vil vekse i styrke. Forskjellane i samfunnet aukar, og klimaet og naturmangfaldet er truga. Koronakrisa har vist oss verdien av solidaritet og fellesskap, men den har også vist at dei som har lite frå før, blir hardast ramma. Derfor vil arbeidarrørsla også i år bruke 1. mai til å samle styrke til kamp for fordeling og miljø. 

Noreg er i ferd med å bli eit forskjellssamfunn. Forskjellane aukar, og dei rikaste kontrollerer ein stadig større del av dei verdiane som vi skaper her i landet. Nyleg kom det ein rapport frå Statistisk sentralbyrå som har sett nærare på denne utviklinga. Der dokumenterer forskarane at forskjellane er langt større enn det vi har trudd hittil.  Den rikaste 0,01% av befolkninga står for 6% av all inntekt her i landet, og dei betaler berre 10 – 20% skatt av dei reelle inntektene sine. 

Dei aukande forskjellane er ikkje berre eit spørsmål om rettferdig fordeling. Utviklinga av eit forskjellssamfunn er ein trussel mot samfunnstilliten og mot demokratiet. Med rikdom følgjer det makt, og vi har sett frå USA kva stor skeivfordeling av rikdom og makt kan føre til. USA er også eit eksempel på korleis det kan gå med eit samfunn når fagrørsla blir svekka og ikkje har makt til åkjempe for dei svake. Vi treng ei sterk fagrørsle som i tråd med sine tradisjonar kan kjempe for rettferdig fordeling av verdiskapinga i samfunnet.

Samtidig som dei rike blir rikare, blir det fleire fattige her i landet. Ein  rapport frå Statistisk sentralbyrå viser at over 11% av befolkninga høyrde til ein husstand med låg inntekt i 2017, mot 10,8% i 2014 og 9,6% i 2011. Dei fleste vaksne som er fattige i Noreg, har ikkje fulltidsjobb. Denne gruppa har også blitt ekstra hardt ramma av koronakrisa. Derfor er faste heile stillingar eit av fagrørsla sine mest sentrale krav. 

Vi har no om lag 200.000 arbeidsledige her i landet, noko som utgjer over 7% av arbeidsstokken. Arbeidsløysa er størst i låglønsyrke som utelivsbransjen, og mange slit med å få endane til å møtast. Opposisjonen på Stortinget har fleire gangar pressa regjeringa til å auke ytingane til dei som mista jobben då samfunnet blei stengt ned. Samtidig nektar regjeringa å stille krav om å avgrense utbytte og leiarløner i bedrifter som får krisestøtte frå staten. Til og med krisepakkane frå fellesskapet skal tydeleg vis bidra til auka forskjellar under denne regjeringa.

Koronakrisa har vist oss verdien av eit sterkt offentleg helsevesen som kan trå til når det er røyner på. Men den har også vist at det er rom for forbetringar. Det trengs meir ressursar og betre beredskap for å takle neste krise. Vi har samtidig sett at det her som i mange andre bransjar er ei utfordring med eit stort omfang av innleigd arbeidskraft. Kravet om auka grunnbemanning og faste heile stillingar er sentralt også i helsevesenet. Den omseggripande trenden med å overlate personalansvaret til bemanningsbyrå er eit framandelement i norsk arbeidsliv. Det er på tide å kvitte seg med bemanningsbransjen.

Både nasjonalt og internasjonalt blir det satsa store summar av fellesskapet sine ressursar for å stimulere økonomien og legge til rette for nye arbeidsplassar når krisa er over.  Mange land brukar dette høvet til å komme i gang med å legge om til eit grønare næringsliv. Det er viktig både for å redde klimaet og for å sikre varige arbeidsplassar. Men dette ser vi lite av her i landet, og vi kjem dårleg ut samanlikna med andre land vi likar å samanlikne oss med. Den tafatte haldninga til grøn omstilling er ekstra farleg for Noreg som har ein stor oljeaktivitet vi må erstatte med framtidsrettaarbeidsplassar.

Heldig vis ser vi no mange eksempel på samarbeid mellom fagrørsla og miljørørsla. Det kan setje fart i arbeidet med rettferdig grøn omstilling for å skape varige og berekraftige arbeidsplassar.Fagrørsla, miljørørsla og kyrkja har lenge jobba saman i alliansen Broen til framtiden, og i vinter la fagorganisasjonar, bondeorganisasjonar og miljøorganisasjonar fram felles krav om satsing på grøne arbeidsplassar. I Kristiansand blir det i samband med 1. mai arrangert ein nettdebatt mellom fagrørsla og miljørørsla om rettferdig grøn omstilling. Dette er heilt nødvendige alliansar for å få brei støtte til nødvendige tiltak for å nå klimamåla våre..

Koronakrisa har vist oss at vi står ved eit vegskilje. Vi er i ferd med å la forskjellane og klimautsleppa vekse til det er for seint å snu. 1. mai skal vi samle krefter for å snu denne utviklinga og bygge eit samfunn basert på solidaritet og berekraft.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen 30. april